dagen før dagen.

tree.

god morgon! god julemorgon! i dag er det dagen før dagen, og eg kjenner julekjenslene som eit teppe over meg. ei stund var eg redd dei hadde forsvunne totalt, men dei var der. dei gøymde seg berre under ein kopp med gløgg, ein julefilm og juletreet. i dag har eg ganske mange ting på lista:
– laga lemon curd
– grønnsåpevaska (ikkje for å få det reint, berre for å få lukta! er altfor lat til å vaska huset)
– laga rødkål
– skriva julerim
– gjera klar sengene til familien min (dei skal overnatta her julaftan)
– redigera julepodcasten som kjem ut i morgon(!!!)

no tenkte eg me kunne sjå på litt bilder frå då jostein og eg pynta treet. me bestemte oss for å gjera det tidlig, sidan det er noko av det beste eg veit. huset har lukta så godt i så mange dagar, heilt fantastisk godt. no ser me:

tree.
jostein er lysmesteren i sin familie, så han tok seg god tid (veldig god tid(så god tid at eg satte med ned i sofaen)) til å få lysa på jamnt.

tree.
i toppen satte me krona me kjøpte på bryllupsreise. den er så rar og så perfekt oss.

tree.
jostein tok ein sånn miniboks med trøflar frå charbonnel et walker og laga ei julekule av den. og eg fekk argumentert meg til vertikalt glitter.

tree.
eg hadde hatt med meg fire peppermyntestenger frå england som me óg har hengt opp i treet. bittelitt flagg må ein óg ha.

tree.
denne er ein av mine favorittar óg, syns den er så søt. og best av alt kan den flatpakkast så ein kan nyta godt av den i mange, mange år til.
*translation:
good morning! tomorrow is the day!!! i can feel christmas feelings on me like a blanket, i thought i had lost them but they were hiding behind christmas films and our tree. today i have a lot of things to do:

– make lemon curd

– wash the house (not to clean, just for the smell. i am too lazy to clean)

– get the beds ready for my family

– edit my christmas podcast

i thought we’d have a little look at our setting up the tree. we decided to do it early (it’s common to do it on the 23rd in norway) since it’s one of my favorite things. the house smells just amazzzzing.

j did the lights, we put our crown on (so odd and so perfectly us). j put holes in a mini box of charbonnel et walker and made it into a bauble, and i hung peppermint sticks that i brought from england.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • How lovely. Your pictures are fantastic and the images of snowy Norway are like a mini-tour (a nice moment’s break from excited children for me!). God jul til dig!

  • Så koselig med personlig pynt på treet! Jeg har kjøpt tre dekorasjoner her i London som jeg gleder meg til å henge opp og mimre rundt i framtida. Jeg skal feire alene her, og det blir nytt og spennende!
    GOD JUL, Mariell!

  • God jul, og takk for mye fint lesestoff og nydelige bilder i året som har gått. Senker skuldrene og puster litt dypere nå jeg koser meg med innleggene dine, og nå også podden.
    (og enig, glitteret skal være vertikalt!)