friday link love.

fll
hei, fine fredagsfolk! i dag hadde eg mest lyst til å skriva “gone fishing” over heile bloggen medan eg jobba unna på sånt som eg har deadlines på og pleia hovudpinen og lista over ting eg må gjera før jul. og no som dei tinga endeleg er ute av vegen for i dag, tenkte eg å fiksa ein deilig sein lunsj til meg og jostein også kanskje våga meg ut av huset! her er fem herlege linkar til dykk, håpar at de har det bra. og ps: på måndag sender eg den siste sendingen av adventsmagasinet, så blir det ikkje meir før neste jul. så om du vil skaffa deg eit, kjøp no (link til høgre i menyen her)! ein kan óg kjøpa det på balanzera i oslo, og på bakeriet og frisørstova i årdal. ha fine helger! det var ein ordre.

  1. julefilmar på netflix.
  2. quentin tarantino sin nye film, the hateful eight, er filma på ein heilt fantastisk måte, så innmari inspirerande å sjå folk som gjer ting på den vanskelege måten for å få det heilt spesielle estetiske uttrykket dei er ute etter.
  3. på designlovefest kan ein finna glitter til skrivebordsbakgrunnane sine. perfekt til jul!
  4. korleis kan ein få huset sitt til å virka som om det er reint? her er fasiten. óg veldig nyttig til jul!
  5. missmoss skreiv om desse heilt fantastiske rammene som eg har lyst på.

 

 

 

*translation:
today i mostly wanted to write “gone fishing” across my whole blog, but i did manage to scrape together some links for you fine people.

 

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *