friday link love.

fll

hei, fredagsfolk! i kveld regna frosten vekk, og det ser igjen ut som eit brunt haustlandskap. i morgon tidlig reiser me mot sunnfjord, for søndag er det premiere på forestillingen til jostein og fredrik på åmot operagard. og om de er i nærleiken må de lova å komma, fordi det er ufatteleg bra det dei har laga og fordi det er viktig å møta opp når det skjer noko så bra i fylket.

eg har hatt ein historisk rolig morgon, plukkrydda og fyrt i ovnen og kokt koppar med te. på ein eller annan måte er oppvask enklare å takla så tidlig på dagen, ein kan framleis rekka å kasta vekk mykje tid før kvelden kjem. eg har som vanleg samla fredagslinkar til dykk, som eg håpar de likar!

ps: adventsmagasinet er framleis i salg, så hugs å kjøpa det for å maksa adventstida. :) 

 

  1. joanna har begynt med gåveguidane sine, ho har alltid dei beste. denne første er i tema: gåve til søstre.
  2. fekk så lyst til å koka karamell etter denne oppskrifta til johanna. med mandel og havsalt, omnomnom.
  3. ulrika er ein av dei flinkaste eg veit om til å styla i sin eigen heim, og denne hyacinth-versjonen vart eg heilt forelska i.
  4. sjokoladekjeks med salt peanøtt-semifreddo. åååååååååååååååååååmingud.
  5. aidy bryant (frå snl) er med i den neste sesongen av girls, og reiste til japan for å spela inn. ho har laga ei briljant reisedagbok.
  6. ein annan gåveguide med ei anna vinkling: skjønnhetsprodukt. nokre verkeleg merkelege punkt her, men mykje interessant óg, som eg ikkje har sett andre plassar.

 

 

*translation:
good friday morning everyone! last night, the frost rained away and what is left are brown fields, brown brown brown. tomorrow we are driving towards sunnfjord for the premiere of the play that j and fredrik wrote together. 

i have had suuuuuch a calm morning, tidying and drinking tea. somehow the dishes seem less awful in the morning, there are still so many hours left to waste of a day. i have, of course, gathered some links for you. i hope you like them!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *