friday link love.

fll

god fredag, alle saman! eg er, etter to reisedagar, framme i lærdal og framme i gamlahuset. har endelig fått sove med jostein igjen, ein kan jo rekka å sakna ganske mykje på fire dagar! er heilt forvirra over at det er helg allereie, igrunn. no skal me vera i norge i eit par veker, til jostein og fredrik (som kjem i dag) er ferdige med alle forestillingane sine. akkurat no sit eg på kjøkenet, ser ut over dei rimkvite jorda og ventar tålmodig mens jostein lagar frukost til meg. me latar litt som om det er helg, berre fordi me er ihop, og det er rimelig trivelig, som de nok forstår. eg håpar at de har fine planar for helga, eg har invitert pappa på eit pizzaselskap og skal starta på mitt nye broderingsprosjekt!

her er helgelinkane, såklart:

  1. lena dunham har laga ein mini-podcast med buzzfeed som heiter women of the hour, og er kanskje den beste podcasten nokonsinne. det kom ein ny episode i går, og det klør allereie etter å få høyra på den.
  2. eg sikla faktisk då eg såg denne oppskrifta, og det samme gjorde jostein. så den tenkte me å laga snart!
  3. artilleriet har fått inn julegreier, og alt er så innmari innmari fint.
  4. desse øyredobbane er såååååå fine og enkle. gir meg lyst på fleire hol i øyret.
  5. grilla fennikkelterter. eg har verkeleg eit moment med fennikkel akkurat no.
  6. refinery29 har laga ein veldig lur hugseguide til alt ein må hugsa før ein reiser heimefrå på ferie.

 

 

 


*translation:

hello, weekend people! i am, after two days of travelling, at home in norway, in the old house. i finally got to be spooned by my husband after four days away from eachother. i’m kind of confused by the weekend, actually. we’re staying in norway for about two weeks now while j and our friend fredrik (who will be joining us today) have done their shows. right now, i’m in the kitchen, staring out onto the frosted fields, waiting patiently while j cooks me breakfast. we are pretending it’s the weekend already, just because we are together, and it’s pretty cosy. i hope you have lovely plans for the weekend, i have invited my dad to a pizza party and am starting a project with embroidery!

weekend links, ready for you↑

Follow:

3 Comments

  1. BeraBear
    17:46, 20 Nov 2015 / 17:46

    Ja, fantastisk podcast-serie. Du kommer til å bli veldig positivt overraska over en av gjestene i denne ukas, etter hva jeg har skjønt fra deres egne podcaster :-) God helg!

    • mariell.
      Author
      19:06, 20 Nov 2015 / 19:06

      ja, såg! miranda <3

  2. 15:35, 21 Nov 2015 / 15:35

    hurra, tusen takk for linketips <3

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *