the honeymoon journal, part two: siena.

siena.
frå lucca gjekk toget mot siena, ei real mjølkerute med to togbytte og bråkete ungdommar. alle vindauga var opne, så håret flagra og eg følte eg fekk oppfylt interraildraumen eg aldri hadde. siena er den plassen me var kortast tid, men som føltes absolutt lengst fordi me gjorde nesten ingenting.

me trilla bagasjen inn i resepsjonen og der nede, i enden, to glasdører med ein vegg av raude og gule lauv framfor seg. me sjekka inn og måpte av utsikten frå rommet vårt, the tower room, og nede i hagen kunne me sjå toppen av hovuda til folk og mange tomme cappucinokoppar. også sat me berre der, fullt klar over at alt i byen var på veg til å stenga og at me framleis ikkje hadde ete lunsj. me såg mot sola nøyaktig då ho kraup over fjellkanten. med kvar minste vindpust regna det lauv over oss, i håret, i boka, i kaffikoppen.

berre etter det var vorte mørkt gjekk me rundt i gatene. kjøpte ein tørr men merkeleg likevel supergod panini på ein delikatessen, hos ei dame som var så sur for at folk berre ville kjøpa panini og ikkje dei fine varene ho hadde. me sa at me kom tilbake i løpet av oppholdet, og da sa ho berre oppgitt at det får me sjå på. me åt dei, slukte dei, lot oss overraska over dei, medan me satt på den opne store plassen og beundra arkitekturen. ungar sprang så fort dei kunne og foreldre prøvde forgjeves å halda følge. i bekmørket gjekk me opp til katedralen, som sjølv om natta såg spektakulær ut. me sat oss på ein steinkant med verk i føttene, peika på bygg i nærleiken og snakka om reisa så langt. kanskje er det dei stundene eg hugsar best.

på hotellet budde det ein gjeng amerikanske katolikkar i habitt, som sang så høgt at ein kunne høyra dei i alle fellesområde. på vandring i katedralen dagen etter innsåg me at dei var der for å holda konsert. me åt den beste kirsebærgelatoen eg har smakt i mitt liv, rakk å gå oss ville i dei bratte bakkane. me åt den beste middagen me åt i heile italia, så god at me gjekk tilbake dagen etter men vart nekta i døra. den kvelden åt me likevel ein fantastisk pasta før me gjekk på konsert, ein konsert som kosta nøyaktig null kroner og var ein så innmari spesiell opplevelse. spesiell fordi italienarar sit på telefon under konsert i kyrkjer, men óg spesiell fordi kyrkja som på dagen hadde vore så travel og full av selfiesticks no var mørklagd og berre til for oss, til for sangen og stilla. ei gamal amerikansk dame var så letta for at eg kunne snakka engelsk med ho, ho var frå same forsamling som dei i koret, og dei var komne over for å følga dei på turné. dei var frå cape cod, ho hadde den mest fantastiske blå drakta, eg hugsar ikkje ansiktet hennar men stemma er framleis krystallklar. mannen hennar sa aldri eitt einaste ord.

den siste kvelden fekk me ei flaske prosecco sendt til rommet, dei hadde fått fatt i at me var på bryllupsreise og ville spandera. jostein og eg var forvirra og superglade, følte at me hadde blitt oppgradert til første klasse. drakk dyre bobler til ein pose med chips, for sånne er me.

på utsjekkingsdagen ville me ikkje reisa. så me gjorde ikkje det. istadenfor vandra me gatelangs og snakka om kunsten og korleis jobba for å få plass til meir kunst i livet, korleis ein tvingar seg sjølv til å skapa. me åt ein utruleg pizza medan me steikte i sola, eg plukka fram ein dessert eg hadde kjøpt på eit bakeri, ein bolle med hasselnøttkrem, og på veg heim tok jostein eit heilt utruleg hoppebilete av meg som framleis får meg til å le. tilbake på hotellet satte me oss i hagen, eg sendte magasinet i trykken, grein eit par tårer over teknologiske utfordringar, og drakk nokre cappucinoar medan me framleis hadde utsikta.

då me kom for å betala kaffikoppane sa ho don’t worry, it’s only two cappuccinos, også reiste me. overhovud ikkje klar for å ta farvel men med vissa om at det ikkje blir lenge til neste gang.

 

siena.siena.siena.siena.siena.siena.siena.siena.siena.siena.siena.siena.siena.siena.siena.siena.siena.

 

*translation:
from lucca, we continued on to siena, a very bumpy ride with two train changes and noisy youths. all the windows were open, my hair wild in the wind and making the interrail dreams i never had come true. siena is where we spent the least amount of time, but it feels the longest because we did almost nothing at all.

we rolled our bags into the reception, and at the end of it we could see a wall of red and yellow leaves. we checked in, gaping at the view from our room, the tower room, down in the garden we could see the tops of people’s heads and their empty cappucino cups, and that is were we wanted to be. so we sat there, aware that everything was closing in town and we still hadn’t had any lunch. we watched as the sun pulled herself over the edge of the mountain, and with every breeze, yellow leaves fell onto us, in our hair, my book, my cup.

only after dark we walked around the streets. bought a dry but somehow delicious panini at a delicatessen where the woman was quite peeved that people only wanted her paninis and never her good meats and wine. we told her we’d be back before we left and she just shrugged and said we’ll see about that. we ate them, devoured them, were surprised by them, sat on the big open place, admiring the architecture. kids ran as fast as they could and parents tried to keep up. in the darkest of darks we walked up to the cathedral, still breathtaking in the dark. we sat on a stone edge, our feet aching, pointed at buildings and talked about the journey this far. these are maybe the things i remember most.

at the hotel there was a lot of american catholics in white capes, who sung so loudly you could hear them in every corner of the hotel. wandering around the cathedral the next day, we realized they were there to do a concert. we had the best cherry gelato i have ever had, managed to get lost in the steep hills, and had the best dinner we had in italy. so good that we went back the next night but were turned down in the door. that night, though, we had some simple and amazing pasta before going to the concert. it cost us nothing and was such a special experience. special because italian people answer their phones in the middle of concerts, and special because the cathedral, which had earlier been so overwhelming with people and selfie sticks, was dark and just for us, for the song and the stillness. an old american woman was so relieved to find i could speak english, she was from the same congregation as the choir, they had come over to follow them on tour. they were from cape cod, she had the most amazing blue suit and i do not remember her face but her voice is still crystal clear to me. her husband never spoke a word.

on the last night we had a bottle of prosecco delivered to our room. they knew we were on our honeymoon and wanted to treat us. we were baffled and so happy, feeling like we’d been upgraded to first class. we drank those precious bubbles with a bag of crisps. that’s who we are.

on the morning of the check-out, we didn’t want to leave, so we didn’t. we wandered around town talking about art and how to force yourself to create. we had an incredible pizza, the sun was coming down hard on us and i offered a dessert i had got in a bakery, a bun filled with hazelnut cream. on our way home j took an insane jumping photo of me that still makes me laugh. back at the hotel, we sat down in the garden, i sent my magazine to the printers, cried a little over technological difficulties, and had some cappucinos while we still had the view.

when we came to pay for our coffees, she said “don’t worry, it’s only two cappucinos” and then we left. so not ready to say goodbye, but knowing it won’t be long until next time.

Follow:
Share:

9 Comments

  1. Hilde
    08:09, 17 Nov 2015 / 08:09

    Fantastisk fint, fantastisk skrevet!

  2. 09:33, 17 Nov 2015 / 09:33

    Elsker å lese fra bryllupsreisa, takk for at du deler med oss. Det virker så fantastisk fint, og du skriver så vakkert!

  3. 10:37, 17 Nov 2015 / 10:37

    Som ein draum. Dette er heilt fantastisk å lese om. <3

  4. Elin
    11:45, 17 Nov 2015 / 11:45

    Åh så fint du skriver! Älskar att läsa dina beskrivningar, de är så målande och ni verkar verkligen njuta av nuet och leva i det! Ni ser det vackra i stunden på ett sätt jag önskar jag också gjorde (försöker men lyckas inte alltid)! Tack för att jag får möjligheten att “vara med” Många varma kramar till er ?

  5. 12:27, 17 Nov 2015 / 12:27

    SÅ fint! føles litt som vi er med på tur. takk som deler <3

  6. Ronja
    18:40, 17 Nov 2015 / 18:40

    du skriver så vakkert. takk for at du ville dele <3

  7. 07:58, 19 Nov 2015 / 07:58

    så utruleg vakkert! takk for fine ord og magiske, varme bilete!

  8. Natalie
    11:22, 19 Nov 2015 / 11:22

    så fint! <3

  9. Ester Lill
    17:16, 19 Nov 2015 / 17:16

    Jeg har bare en ting å si:
    TAKK
    – for at du deler!

    Jeg leser blog-en din omtrent hver bidige dag!
    Blir så glad av din glede og hvordan du uttrykker deg.
    Du beskriver så bra.
    Og; drømmen du aldri hadde! – lo høyt.
    Og, for et fantastisk LYS i disse bildene! Så høstlige, men ikke.
    Dette innlegget er virkelig vakkert.
    Jeg føler jeg fikk være med deg denne dagen.
    Så herlig!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *