Friday link love

friday link love - alternativ copy
om eg skal vera heilt ærlig: denne veka har vore hard for både jostein og meg. eg er igrunn veldig stolt av at me har klart oss gjennom utan å bli kranglemonster sjølv om me har vore fullstendig utslitte etter kvar arbeidsdag, og til og med klarte å skifta lyspærer (etter to månadar av mørke(ingen overdriving)). eg jobbar fullt med julemagasin no (det må vera ferdig neste veke) og å ferdigstilla andre jobbar, for etter neste veke reiser me på bryllupsreise og i bagasjen skal eg kun ha champagne og parfyme, ikkje webdesign og oppskriftstankar. i dag jobbar eg halv dag og skal bruka resten av dagen i covent garden, der eg ikkje har vore på år og dag.

tusen takk for alle kommentarar de har lagt igjen denne veka, det har gjort meg veldig glad og gitt meg den lille dytten til å komma meg gjennom. de er så fine folk, og eg gler meg så innmari til de skal få sjå dette magasinet som eg putrar på med. eg klarte å skrapa ihop seks linkar til dykk denne veka óg, her kjem dei!

  1. new york times har skrive om færøyene som den nye hotspoten i skandinavia. så utrulig fine bilder, blir faktisk sugen på å reisa dit.
  2. eg vart tipsa om denne bloggen, indigo vm, denne veka, den har superfine bilder med den franske landsbykjensla.
  3. joanna delte nokre linkar til rimeleg kunst.
  4. og ho delte óg ein tutorial på korleis ein lagar denne fletta. no som eg har så langt hår skal eg faktisk prøva! elskar fletter når eg jobbar, da slepp eg å tenka på håret alls.
  5. herlege robin skreiv litt om korleis ein kan vera snill mot seg sjølv. viktig viktig.
  6. det er graskar-madness på internett akkurat no, eg har ein boks med graskarpuré i kjøkkenskapet og lurer på om denne får bli det eg lagar!

 

 

*translation:
not gonna lie: this week has been a challenge in this household. i’m actually pretty proud of us not turning into fighting monsters despite our being completely exhausted every day after work. we even changed the lightbulbs (after two months in the darkness(wish i was exaggerating)). i’m on full speed with the christmas magazine (to be finished next week) and finishing some other jobs too, because after next week we leave for our honeymoon and i want to only bring champagne and perfume, no web design or thoughts on recipes. today i’m working a half day, and the rest of it i’ll leave in covent garden where i haven’t been for ages.

thank you for all your comments this week, it’s made me so happy and given me that little push that i’ve needed to get through. i managed to put together six links for you this week too!

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Så bra at dykk har komme dykk gjennom ei røff veke! Slik blir det nokre gonger, for alle og ein kvar. Takk for at du deler den biten og. Gler meg til å sjå magasinet, tipper det blir knallfint!

  • friday link love er alltid et høydepunkt i uka, takk for linker! og takk som deler at uka har vært tøff. jeg er glad for at dere kom dere gjenom. gode ønsker for helga <3

  • Just saw that you included me in your link love – thank you so much, lady! I’m so glad you related and enjoyed the post. :) Hope everything is well on your end!