friday link love: rihanna, fudge and miranda july.

FLL

hei, fine fredagsfolk! eg har hatt den treigaste morgonen på lenge, jostein laga havregraut og filterkaffi også fekk eg ligga på sofaen og vifta med føttene utanfor dyna medan me såg den siste episoden av hunted og var nesten kvalm av kor høg puls eg hadde. i går var eg på ein gigantisk shoppingrunde og kjøpte alt i juletema. jobben med julemagasinet er nemlig verkeleg i full gang, og kontoret mitt er no overlessa av glitter og fløyelsband. ganske koseleg, altså. det har vore ei sånn herleg veke der eg har prøvd å gjera alt og klart det, den balansen som eg alltid etterstrebar. til gjengjeld har eg vore utslitt på kvelden (i går kveld måtte jostein og eg spela kort for å ikkje sovna klokka ti), men ingenting kan måla seg med denne kjensla. og no er det faktisk helg, som framleis føles heilt vanvittig deilig sjølv om det skjer kvar veke. no tenkte eg å høyra på den fantastiske sangen me spelar i podcasten som kom ut i går, på repeat, og dela linkar med dykk. om de har sett noko fint eller lest noko fint denne veka, blir eg så glad om du vil legga igjen ein link under her. god helg!

  1. ei oppskrift på sjokoladefudge, den perfekte vertinnegåva iallfall om du kjem til mitt hus.
  2. eg har begynt å abonnera på new york times, får epost i innboksen kvar morgon og óg tilgang til alle artiklar i helgemagasinet. eg kan ikkje forklara i ord kor høgt eg elska dette intervjuet av rihanna, utført av miranda july. ein skulle ikkje tru det, men det er match made in heaven.
  3. på vogue sin youtube-kanal har alexa chung fått sin eigen serie om framtida til mote. veldig interessant.
  4. eg er i gang med scouting til julegåver, og kom over denne fantastiske etsy-butikken med heimelaga leiker; colette bream.
  5. meir miranda july og new york times: miranda july deler 10 ting som inspirerer ho. kanskje me må kjøpa ismaskiner alle sammen?
  6. refinery29 har samla dei beste hårbørstane så du kan velga den rette. eg elskar mine to, tangle teezer og mason pearson.

 

 

*translation:
hello, all my lovelies! i have had the slowest morning in such a long time. jostein made me porridge and filter coffee and i got to lay on the sofa, wiggling my feet under the duvet while we watched the last episode of hunted and i was almost sick from how high my pulse was. yesterday, i was on a shopping spree to get christmas things. i am making a christmas magazine this year, and it is full spead ahead at this point, so everything is glitter and velvet ribbons. it’s not a bad thing to be doing. it’s been one of those amazing weeks where i’ve tried to do it all and managed it, that balance i’m always looking for. i have been exhausted in the evenings though (last night, j and i had to force ourselves to play cards so as to not fall asleep at ten), but nothing really compares to this feeling. the weekend is actually here, which is still such a sweet sweet feeling even though it happens every week. i thought i’d listen to this song while sharing my links with you. ↑ if you’ve seen or read something nice this week, i’d be so happy if you left a little link below.

Follow:

4 Comments

  1. 13:33, 16 Oct 2015 / 13:33

    Sjokoladefudge og hårbørster! Perfekt! Min børste er fra HH Simonsen, og de har lansert kolleksjon i _gull_. Bare sier det. Trenger gull-krølltang i livet mitt.

  2. 18:07, 16 Oct 2015 / 18:07

    Takk for intervjutips av Rihanna. Gleder meg til å lese :-)

  3. 20:11, 16 Oct 2015 / 20:11

    Hello! I rare comment but your blog is one of my favourite…atmoshpere here is something what I can’t shape in words but it’s so calm and..true and just mine. As if I’m welcomed here. Thank you so, so much.

  4. kristine
    00:14, 18 Oct 2015 / 00:14

    så mykje bra her, og eg gler meg heilt sjukt til julemagasinet! fin haust til deg mariell.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *