mariell & sara #18 – hold hardt, jobb hardt

18

ein ny podcast-episode! hurra! sara og eg tatoverte oss mellom forrige episode og denne. den beste esra røise tatoverte oss, og me snakkar om det (med lydklipp av sjølve hendinga!), om å fortjena sjølvkjensle og rørande dokumentarar. me snakkar óg om rutinene våre, på spørsmål frå ein lesar, og eg deler eit minne frå tidlig i mitt og jostein sitt forhold. for første gong har me óg musikk med, på slutten, ein spennande ny norsk artist.

me håpar verkeleg de vil høyra på, at de likar det de høyrer og at om de lurer på noko, mailar oss på mariellogsara@gmail.com. om du gjer noko kult mens du høyrer på, hashtag oss med #mariellogsara på instagram. om du vil henga på nyhetsbrevet vårt, der me deler fine linkar og snakkar ganske ærlig om korleis me har det (og det er gratis!), kan du gå hit og skriva inn epost-adressa di. og takk for at de alltid er så fine

ps: og dette er litt skummelt: i går kom første episode av kom heimatt, gut ut, ein podcast som eg produserer og der eg intervjuer jostein og fredrik om deira nye forestilling. her kan de høyra på den. og om du bur i sogn og fjordane: KOM PÅ FORESTILLING.

*translation:
a new episode of our podcast is out!

Follow:

7 Comments

  1. Ingrid
    10:09, 16 Oct 2015 / 10:09

    Jej! Liker så godt å høre på dere prate.

  2. Maiken
    14:50, 16 Oct 2015 / 14:50

    Eg skulle ønske eg kunne laste podcastane ned slik at eg kunne ha høyrd på dei når eg tar bussen.

    • mariell.
      Author
      15:10, 16 Oct 2015 / 15:10

      det kan du jo! om du har podcast-appen, eller ein app som heiter acast, så kan du lasta dei ned. om du lastar dei ned via itunes på dataen din kan du óg berre overføra lydfila frå dataen til ein ipod eller lignande. :)

      • Maiken
        14:50, 17 Oct 2015 / 14:50

        Då har eg lasta ned acast, takk for tipset! Gjekk superfort, no kan eg kosa meg framover :)

  3. Caroline
    16:14, 17 Oct 2015 / 16:14

    To podcaster på en gang, hurra! Må si han mannen din har en fascinerende dialekt. Er det ren Lærdalsdialekt eller har han innflytelse fra andre steder? Digger å høre på deg, både med Sara og med guttene :)

    • mariell.
      Author
      18:33, 17 Oct 2015 / 18:33

      hei, caroline! så fint at du høyrer på begge!

      faktisk kjem dialekta hans frå lesja i gudbrandsdalen, mora hans er derfrå og han snakkar ordentlig morsmål. :)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *