the oslo journal.

oslo.
TORSDAG på torsdag vakna eg åleine i senga på grefsen, jostein hadde teke flyet vestover for møter med opera nordfjord dagen før, og eg åt ein veldig stille frukost før eg reiste på ein fotojobb i ein spektakulær leilighet på frogner. etterpå gjekk eg på wb samson for litt lunsj og havna i ein fanga samtale med ei dame som fekk meg til å sjå meg rundt etter skjult kamera, og planen om ein gigantisk bolle etter lunsjen fekk vika for å komma meg derifrå så fort som mogleg. på veg heim fekk eg akutt lyst til å få henta nevøen min i barnehagen, så det gjorde eg, og heile vegen heim peika me på ting og eg sa kva det var og han sa “hæ” og “pipip”. ettermiddagen gjekk med til bilderedigering og duplobygging, og litt før sengetid for tantebarnet var himmelen intens oransj, så me gjekk ut på trappa og stirra og peikte og eg sa “wao” og han sa “wao”. eg fekk legga han, sitta i det stummande mørket og høyra pusten hans roa seg ned, i rykk og napp, med eit par trøytte protestar og insistering på å få ha hånda mi på brystkassa heilt til han sovna, og gjennom sprekken i vindauget kunne eg høyra at jostein trilla kofferten sin forbi og inn i huset.

oslo.oslo.oslo.UntitledUntitledUntitledUntitled
FREDAG eg traff frøy for lunsj på liebling, ein dobbeldecker og ein chai latte, og spaserte nedover løkka for kaffi på tim wendelboe. me sat utanfor og såg på siloen, det er så rart at eg budde der i to heile år og at det no føles berre som eit bygg, kanskje betongveggar ikkje held på minner like godt? kaffien er spektakulær, såklart, og eg tek trikken heim med eit landbrød i veska. på kvelden går me på opera og ser premieren på carmen. petter som me kjenner spelar remendado og det gjer det ekstra fint såklart. det var heilt fantastisk, me drakk vin i pausen og snakka om alt som var kult og kor fint det er at alle er velkomne i operaen, at det fantest folk som gjekk i pique og jeans og folk i gallakjole også oss da, såklart.

oslo.
LAURDAG laurdag var ein heilt sinnsjuk dag, og derfor har eg nesten ingen bilder. den starta med fin og treig frukost med blautkokte egg og mykje kaffi, også reiste eg på jobb, som for denne dagen var å fotografera ein liten familie i frognerparken. etterpå tok eg trikken til kulturhuset der fashion archives hadde marknad og esra solgte klede, og me fekk til og med møtt andre fine venner medan me var der óg. jostein og fredrik driv og skriv eit teaterstykke akkurat no, og eg produserer podcasten deira, så etter kulturhuset tok eg t-bana til tøyen for å spela inn dei første to episodane. me snakka om tematikken, om dei og deira forhold til kvarandre og til fylket, og andre ting som de såklart får høyra seinare. så halvsprang eg mot bussen som tok meg til st.hanshaugen og sara sin leilighet, for me skulle tatovera oss! esra kom med ein sekk full av utstyr og putta ei grein bak øyret mitt og eit hjarte på sara sin ankel. så skyndta eg meg heim til grefsen, til febersjuk nevø og pizzamaking og total avslapping. omtrent her var det eg ombooka flybillettane våre heim, for det kunne berre ikkje vera sånn at me skulle fly heim om berre 24 timar.

oslo.oslo.oslo.
SØNDAG eg hadde to fotograferingar på carl berners plass, back to back, ein veldig koseleg måte å tilbringa ein søndag på men totalt utladande for ein person som meg som er anspent rundt nye menneske. eg var ferdig tidlig, og reiste heim der dei var i full gang med søndagsmiddagsmaking, for nesten resten av flokken skulle komma på middag. før middag var det trampolinetid og den magiske timen med ein så herleg lens flare. ein må elska dette haustlyset.

oslo.
TYSDAG eg redigerte det som føltes som ein million bilder, fekk sendt unna ein god del og gjort meg klar både for heimreisen og lunsj på bjølsen. me kom for seine fordi tørketrommelen holdt strømpebuksa som gissel, men det gjorde ingenting såklart. me fekk endeleg sjå fredrik og knut sin nye leilighet som var så fin, dei serverte oss lunsj, me snakka om innredning og lyspærer (me kjøpte gigantiske med gulltråd inni i køben) og me hadde hatt med passande lunsjdessert: alle dei største kjeksa dei hadde på kaféen på grefsen. så reiste me for å henta bagasjen vår, klemma nevøen og familien med ein liten klump i halsen, men ikkje på langt nær så stor som om me hadde reist heim søndag. me kom heim til ein nyrydda nyvaska leilighet (og gav oss sjølve tusen high-fives for det) og med eit brød i bagasjen, laga kakao og åt ostesmørbrød medan me sakte pakka ut og gløymte klokka.

*translation:
our days in oslo. we worked a lot, watched a crazy sunset with my nephew, had coffee at tim wendelboe with frøy by where i used to live, went to the opera to see carmen, got a tattoo (!) and spent so much time with family and friends.

Share:

18 Comments

  1. 13:14, 08 Oct 2015 / 13:14

    “kanskje betongveggar ikkje held på minner like godt?” <3<3<3

    så fint innlegg og så mange fine bilder!

    • mariell.
      Author
      11:59, 09 Oct 2015 / 11:59

      <3 tusen takk, finis!

  2. Kristine
    13:54, 08 Oct 2015 / 13:54

    Innmari fint innlegg!

  3. 14:16, 08 Oct 2015 / 14:16

    nå skulle jeg nesten ønske jeg fikk oppleve høsten i Oslo òg, for så fint det både høres og ser ut!

    • mariell.
      Author
      11:59, 09 Oct 2015 / 11:59

      det var himla herleg!

  4. 16:07, 08 Oct 2015 / 16:07

    Oslo-høst er definitivt den beste. Men i går var jeg sjalu på dem i hjembyen min – for nordlyset var helt spektakulært og det er så mange år siden jeg har sett det.

    • mariell.
      Author
      11:59, 09 Oct 2015 / 11:59

      åh, eg óg! vil på nordlysferie.

  5. Kathrine
    16:47, 08 Oct 2015 / 16:47

    Så fint innlegg :)
    Og så er det så rart å tenke på at eg har lest bloggen din så lenge at eg hugsar då dykk budde i siloen. Og no bur dykk i London, liksom. Så uendeleg rart. Og før eg las dette sat eg faktisk å tenkte på at eg hugsa den tida du bytta om på p og b (med vilje) og tok meg sjølv i å lure på kor lenge det eigentleg er sidan du slutta med det. Rare greier det der, når man har fulgt ein blogg så lenge (sjølv om eg ikkje alltid har vore like flink til å kommentere).

  6. 18:02, 08 Oct 2015 / 18:02

    du skriver så fint, og fotografiene dine er nydelige. Dette er favorittbloggen min, for den inspirerer meg alltid så inderlig.

  7. 20:02, 08 Oct 2015 / 20:02

    Nå er det på tide at jeg også kommenterer litt her. Har lest dette innlegget to ganger, for du skriver så fint om sånne små hverdagslige ting, og det hele blir liksom til en film inni hodet mitt. Veldig koselig å være en del av søndagen din! Synes ikke du virket anspent i det hele tatt, men jeg vet hva du mener for jeg blir også skikkelig anspent rundt nye mennesker. Må si igjen at jeg er superfornøyd med bildene, du er så flink (og så har jeg lært masse av deg, og å være på andre siden av kamera).
    Måtte flire av tørketrommelen som holdt strømpebuksa som gissel. hehe.

    • mariell.
      Author
      11:57, 09 Oct 2015 / 11:57

      tusen takk, hilde! så fint å høyra. :) takk for oppdraget, det var superkoselig!

  8. kristine
    22:42, 08 Oct 2015 / 22:42

    så fint innlegg, mariell! vil til oslo eg no.
    eg har vore spent på å sjå korleis det blei med tatoveringsplanane til deg og sara, og så fine dei begge blei! gratulerer <3

    • mariell.
      Author
      11:56, 09 Oct 2015 / 11:56

      å, tusen takk! kjem ut ny pod neste veke med lydopptak frå tatoveringsstunda. :)

  9. 18:28, 09 Oct 2015 / 18:28

    Favorittblogg! Du er så flink med ord og kamera!

  10. 14:49, 10 Oct 2015 / 14:49

    Vilken helt magisk blogg du har, hur har jag kunnat missa den!? <3

  11. 19:35, 10 Oct 2015 / 19:35

    You have this ability to always capture the beauty of everyday moments & life, I love following your blog :)

  12. 19:34, 12 Oct 2015 / 19:34

    HÄRLIG blogg du har :) såg du va från Norge jag va i Ålesund förra veckan och FASEN vilka vackra vyer den stan har :)

    Idag har jag söta barnrum på bloggen :)

    Ha en fin vecka !

    LOVE Maria Inredning – it’s Swedish for decor

Leave a Reply to Kathrine Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *