monthly favorites, september: a city, a new scent, a bottle of wine and more.

september
eg er glad, eg er tilbake i london, det er onsdag og på tide å sjå over september-favorittane mine! dette faste innslaget er igrunn født av min youtube-obsession, der starten på kvar månad markerast av ei rad nye videoar av folk sine favorittar frå den tidligare månaden, og eg elskar det fordi det opnar opp ei heil verd av nye produkt, filmar, bøker og heilt merkelege ting ein ellers aldri ville ha visst om. enn så lenge får desse innlegga veldig lite respons frå dykk som les, men eg lurte på om det kanskje var fordi eg har vore så kortfatta? så, her går eg igjennom favorittane éin og ein så får de verkeleg sjå kva eg syns om dei, meir som ein review av mine eigne favorittar. så kan me heller sjå om eg droppar det i neste månad, vil jo ikkje fylla opp her med sånt som berre eg sjølv vil lesa, haha. om de har eigne favorittar, kor rare eller dagligdagse som helst, frå september, legg dei igjen i kommentarfeltet så kanskje dei blir mine oktober-favorittar? me elskar jo tips på denne bloggen. uansett! her er mine favorittar frå september:

1. BY: københavn.
me hadde det berre så fantastisk i københavn, det er verkeleg ein by eg kan sjå for meg å bu i, i alle fall for eit par månader og denne tiden på året er heilt perfekt, så ein kan sitta på utekaféar og speida på alle sine fine kåper.

2. MAGASIN: brygg.
på stockfleth’s ved tinghuset venta eg på frøy (ho er ikkje den kjappaste til å komma seg ut av huset), og der hadde dei nokre utgåver av dette magasinet som eg har visst om lenge men ikkje fått fordjupa meg i. det er verkeleg eit så herleg magasin for alle som set pris på kaffe og livet rundt kaffe.

3. VIN: cloudy bay, sauvignon blanc.
eg veit at det er oktober no og at de kanskje ikkje er så hyppe på kvitvin lenger, men! eg måtte tipsa om denne, for den var ein favoritt hos oss i forrige månad. ellllllskar denne vinen, den er fruktig men ikkje for søt, og tørr som eg likar den. som så mange andre flasker vin, er det eit tips frå svigerinna og svogeren min, dei berre matar oss med vin og gir oss dyre vanar. got to love it.

4. PODCAST: mystery show. 
etter å ha fulgt med på miranda july sine kjærleikssalmer til denne podcasten så lot eg meg overtala, og det vart den beste podcasten i heile september. eg høyrte heile på berre nokre dagar medan eg var på reis, og det er som om den er laga for meg: den tek for seg enkle mysterium, altså berre ting som kan virka rart eller som ein kan lura på, som kor høg jake gyllenhaal egentlig er, kva skjedde med den video-sjappa som plutseleg la ned, og kvifor har nokon “i ♥ 9/11” på bilskiltet sitt?

5. GODIS: salmiakki.
eg har jo vore i danmark, saltlakriselskarens draum. synne og eg åt desse som om det ikkje skulle komma ein morgondag. er i sorg over å ha ete opp ein premium 70% sjokolade med saltlakris, men! eg har ein pakke salmiakki igjen.

6. SERIE: wet hot american summer. 
jostein, synne og eg såg denne på eit par dagar og elska den. det er ein remake av ein film frå 2001, med SÅ MANGE kjendisar som på det punktet var ganske mykje mindre kjent. me såg serien først også filmen, som eg syns var den perfekte rekkefølga sidan serien er first day of camp og filmen er last day of camp. men, mange seier at ein skal sjå filmen først sidan det er supergøy å sjå kor annleis alle skuespelarane ser ut.

7. INSTAGRAM: @graymalin.
har vore forelska i gray malin sine nydelege fotografi ei lang stund, ein blir så himla glad av bildene hans og eg skulle gjerne hatt eit gigantisk eit sjølv. og denne månaden er han instagram-favoritten min óg!

8. PARFYME: jo malone, mimosa & cardamom.
eg bestilte ein test på denne parfymen etter å ha høyrt litt om den, og kunne ikkje få skvist nok ut av den. så, eg gjorde det einaste rette etter ein lang dag av fakturering: gjekk og kjøpte den. den er dyr og fin og eg elskar den så høgt at eg framleis har den i øskja og legg den tilbake der etter eg har tatt den på. frøy hadde seg ein liten sorgprosess etter eg fortalte at eg hadde kjøpt ny parfyme, elskar at venner blir så vant til parfymar som ein har. eg mistenkjer at denne lukta vil forbli haust 2015, og at når våren kjem får miss dior cherie komma fram igjen.

9. BOK: why not me? – mindy kaling.
når eg reiser ein del så elskar eg å ha ganske enkle bøker, og denne las eg ut på eit fly forrige veke. det er mindy kaling si nye bok, eg las den første og elska jo den for nokre år sidan. det eg syns var mest spennande var kor open ho er om korleis pengar forandrar livet og om kor uglamorøst og glamorøst livet hennar er. kjem til å snakka litt om denne i podcasten som kjem ut neste veke, for ho tok óg opp nokre veldig interessante ting om sjølvkjensle og sjølvtillit.

10. DINGS: eingangskamera.
i københavn fekk eg feeling og kjøpte eit eingangskamera på japan photo. eg gjekk for det beste dei hadde, eit kodak, og eg er SÅ FORNØGD med korleis bildene vart. tenkte å dela dei her neste veke, men enn så lenge så la eg ut nokre av dei på instagram. hugs å følga meg der, forresten! heiter hjartesmil der óg såklart.

*translation:
i’m happy, i’m back in london, it’s wednesday and it’s time to talk about my september favorites! this monthly feature is born out of my youtube obsession, where the start of every new month is marked by videos of people’s favorites from the past month, and i love it because it opens up a new world of products, movies, books and weird things i’d never know about otherwise. but, this far it isn’t really getting a lot of feedback from you guys and i thought it might be because the past ones have been very short. so here, i’ve made a much meatier version of my september faves to see, maybe i will keep doing these and maybe i won’t. if you have any everyday or spectacular faves from the past month, please leave them in the comments and they might be my october favorites? we do love tips in this blog. anyway! here they are:

1. CITY: copenhagen.
we had such a wonderful time in copenhagen, it really is a city i could live in, for a short period anyway, and it was just the perfect time of the year to go, to sit at outside cafés and look at people’s coats.

2. MAGAZINE: brygg (translates to: brew(s))
a norwegian magazine that evolves around coffee and coffee culture, i read a few copies at a café in oslo and am a convert. such a lovely magazine.

3. WINE: cloudy bay sauvignon blanc.
i know it’s october and you might not be crazy about white wine anymore, but! i had to put this in here because it really was a favorite last month. i loooooooovvvvve this wine, it’s fruity but not too sweet and dry like i like it. like so many other wines, this was a tip from jostein’s sister and her husband, they feed us wine and give us the gift of expensive habits. love it.

4. PODCAST: mystery show.
miranda july has sung the praises of this one, and i now love it too. i listened to all of it over a few days and it’s like it was made for me: everyday mysteries, simple things that seem off or has left you wondering, like how tall is jake gyllenhaal really, what happened to that video store that closed over night and why would anyone have a vanity plate with the words “i ♥ 9/11”?

5: CANDY: salmiakki.
i’ve been to denmark, the salty licorice lover’s dream, synne and i were popping these like vicodin. i’m still in grief over having finished my dark chocolate with specks of salty licorice, but i still have a pack of salmiakki in my bag.

6. TV SHOW: wet hot american summer.
we watched this over a few days and i loved it. it’s a remake of a movie from 2001, with SO MANY FAMOUSES, who were at that time a lot less known. we watched the show before we watched the movie which made perfect sense in one way because the show is first day of camp and the movie is the last day of camp.

7. INSTAGRAM: @graymalin.
i’ve been in love with his beautiful photography for such a long time, his photos make me so happy and i would love to own one myself.

8. PERFUME: jo malone, mimosa & cardamom.
i ordered a tester of this perfume after seeing it everywhere, and could not get enough of it. so, after a day of billing, i did the only right thing and went and bought it. it’s expensive and makes me feel so grown up and pretty, i love it so much i still keep it in the box and put it back there after i use it. frøy had a kind of greaving process after i told her about this though, i love how friends get attached to the way you smell. i do suspect this will be the scent of fall 2015, and that when spring comes i will bring out miss dior cherie again.

9. BOOK: why not me? – mindy kaling.
when i travel i like to have pretty simple books. i finished this in a plane somewhere last week, it’s mindy kaling’s new book, i read the last one and loved that, a few years ago. what i thought was most exciting was how open she is about how money changes your life and how both glamorous and unglamorous her life is.

10: THING: disposable camera.
in copenhagen i bought a disposable camera, and it was so much fun! i bought the best one, a kodak, and i’m SO HAPPY with how they turned out. i think i’ll share them on the blog next week but i did post a sneak peek on instagram. remember to follow me there, by the way! i’m hjartesmil there too.

Follow:

31 Comments

  1. 13:02, 07 Oct 2015 / 13:02

    Jeg liker veldig godt slike innlegg jeg, særlig når du skriver litt om hver ting, skikkelig inspirerende! Den parfymen fra Jo Malone må jeg virkelig sjekke ut, høres utrolig god ut :)

  2. Karin
    13:32, 07 Oct 2015 / 13:32

    Elsker sånne innlegg, OG sånne youtube-videoar! Har du tips til nokon som er kjekke å følge på YouTube?

    Og forresten, sånn sidan de skal til Toscana på bryllupsreise – me var i Italia i to veker og kom heim på laurdag. Savnet er stort! MEN, skal de leige bil når de er der? For det er ganske (eg vil sei temmelig umulig) vanskelig å komme seg til vingårdane uten bil. Eventuelt kan de gå, men det er veldig bratte bakkar der (men med sjukt fin natur) og det vil ta si tid. Håper de finn utav det om de ikkje skal ha bil, men anbefaler i så fall å kanskje egle seg innpå nokon som bur på samme plass (AMERIKANARAR for eksempel, det KRYR av dei i Toscana) som har bil og henge med dei. Me var hovudsakleg i Chianti-området, mange flotte vingårdar der! God tur uansett!

    • mariell.
      Author
      13:35, 07 Oct 2015 / 13:35

      hei, karin! eg tenkte faktisk å samla i eit innlegg fine folk på youtube!

      tusen takk for toscana-tips, me kjem ikkje til å leiga bil men henga i dei små byane i toscana, egentlig veit eg ikkje om me kjem til å reisa til nokon vingård (også er det jo trøffelsesong, omg!). me skal henga i lucca, siena og firenze. :)

      • Karin
        18:03, 07 Oct 2015 / 18:03

        Ah, okei! Me var berre i Firenze av dei byane, men Siena er ganske nær Chianti, så fekk høyre at det var fint der!

        Tips i Firenze: Duomoen! Sjukt fint! Book inngang på førehand, lang kø.

        Mathallen!! OMG! Vær tidleg ute for lunsj og middag, blir stappfullt. Anbefaler pizza Margherita på pizza-sjappa.

        Angående trøffel har dei eige trøffesjappe på mathallen. Som ein weirdo så liker eg ikkje trøffel i det heile tatt, men sambuar (no forlovede, iih) prøvde noko derfra og sa det var sjukt godt.

        • mariell.
          Author
          11:27, 08 Oct 2015 / 11:27

          tusen takk for tips!!! :)

  3. 13:34, 07 Oct 2015 / 13:34

    Dette var fint! Eg meiner å hugsa at den svenske godisbutikken i covent garden sel salmiakki, hvis du får abstinensar :)

    • mariell.
      Author
      14:00, 07 Oct 2015 / 14:00

      ja, veit! og scandikitchen! også har dei óg sjokoladen med salmiakki i. haha, saltlakrisjunkie som veit kvar det finst.

  4. 14:07, 07 Oct 2015 / 14:07

    jeg elsker slike innlegg! har lyst på ny parfyme, så nå fikk jeg en liten idé til det. ha en fin dag!

  5. Kami
    14:33, 07 Oct 2015 / 14:33

    Skal jeg legge igjen en favoritt? Ok, dette er vel mer årets og fjorårets favoritt, men:
    Artist: Akiko Shikata. Relativt kjent i Japan, relativt ukjent alle andre steder. Lager sanger som er drømmende og eventyraktige med etnisk følelse (på den japanske måten) og med særdeles kompleks vokal (opptil 200 vokalspor over hverandre på en sang, bare med hennes stemme). Blir ikke lei.

  6. Susanne
    16:04, 07 Oct 2015 / 16:04

    Elsker disse innleggene, bare så du vet det? elsker link love også!

  7. Kathrine
    16:05, 07 Oct 2015 / 16:05

    Elskar slike innlegg, er berre ikkje alltid like flink til å kommentere dei. Fortsett gjerne slik, med litt detaljar til kvar ting, slik som i dette innlegget :)

  8. Trude
    16:05, 07 Oct 2015 / 16:05

    Om du er glad i eingangskamera burde du prøve appen Authenpic! Det er som eit eingangskamera på mobilen din – veldig kjekt å framkalle bilder ein nesten ikkje hugsar å ha tatt:)

  9. 16:13, 07 Oct 2015 / 16:13

    Kjempefint blogginnlegg! Jeg blir alltid så inspirert av slike lister :-)

  10. Tuva
    16:22, 07 Oct 2015 / 16:22

    Jeg digger disse innleggene! Hadde også satt pris på et innlegg om musikken du liker! Vet at du har posta noen spillelister her og der, men det hadde vært gøy å se en liste over ulike favoritter (sjangere, band, artister osv).
    Ha en fin dag videre!

  11. Andrea
    16:23, 07 Oct 2015 / 16:23

    ÅÅ jeg er slik en parfymeelsker. Om du liker litt tunge, rare og søte parfymer hadde jeg sjekka ut Serge Lutens Rahat Loukoum. Den lukter så godt av kirsebær og mandel. Jeg griner fordi den er så dyr og vanskelig å få tak i(i Norge, that is).

    • mariell.
      Author
      12:01, 09 Oct 2015 / 12:01

      oo, spennande! det må eg sjekka ut, googlar no på kvar den finst i london.

  12. 17:19, 07 Oct 2015 / 17:19

    Lister er fint! Og Mystery show er så gøy. Programlederen har bare den beste stemma i verden.

  13. Ananda
    18:33, 07 Oct 2015 / 18:33

    Likte denne formen på innlegget :)

  14. Kristina
    18:52, 07 Oct 2015 / 18:52

    hei mariell!
    dette vil jeg lese mer av, ikke bare du som syns det er fint med slike innlegg :) veldig glad i å lese om hvorfor det er favoritter og da er det perfekt at du utdyper som du gjør her :)

  15. 18:54, 07 Oct 2015 / 18:54

    Jaa! Elsker disse innleggene!!
    Mine favoritter er bla <3podcaster<3, oribe sin dry texturing spray som er sjukt dyr men lukter sjukt godt (kan man bruke tørrshampo som parfyme?), farrow and balls instagramkonto fordi de har såååå fine farger på malingen, kokosvann. Og hei, kan du ikke linke til youtubeklippene du ser på? :))

    • mariell.
      Author
      11:27, 08 Oct 2015 / 11:27

      oooo, takk for tipset om farrow and ball sin instagram! <3

      kanskje neste veke kjem ei samling av youtube-personar eg følger! :)

  16. Martha
    20:10, 07 Oct 2015 / 20:10

    Gøy og fint innlegg! Fortsett med disse :) Så gøy å lese om andres favoritter og kanskje få noen nye selv.

    • mariell.
      Author
      10:41, 08 Oct 2015 / 10:41

      takk! men hei, kva er dine favorittar? :)

  17. 21:20, 07 Oct 2015 / 21:20

    hurra for utdyping av favoritter!

  18. Hanna
    22:09, 07 Oct 2015 / 22:09

    Veldig gøy med litt grundigere omtale! Jeg har lastet ned Mystery Show og er klar for å høre på bussen i morgen :):):)

    • mariell.
      Author
      11:26, 08 Oct 2015 / 11:26

      bra, håpar du likar det! eg gler meg allereie til neste sesong.

  19. Josefine
    16:10, 09 Oct 2015 / 16:10

    Ja til slike innlegg, likte det enda bedre nå som du utdypte litt :) Mine favoritter er parfymen “Love” fra Chloë og Prince Vladimir fra Kusmi som jeg nettopp har kjøpt hundre nye gram av fordi det er høst.

    • mariell.
      Author
      17:41, 09 Oct 2015 / 17:41

      tusen takk for tips! :) har vore litt nysjerrig på prince vladimir!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *