foto: heidi furre
her er dei siste bryllupsbildene våre! mellom seremonien og middagen køyrte me med heidi og synne opp i skogen for å ta bilder. me vada gjennom gjørme og prøvde å sjå ut som om me var glad i kvarandre. ei utfordring, som de ser! det var så herleg å få bittelitt tid til å snakka om seremonien og folk og alt sånt, ei veldig fin stund.
me kjøpte fem eingangskamera som vart strategisk plassert utover garden, og det gjorde meg SÅ GLAD å framkalla dei. her kan ein jo sjå ballongane eg gløymte å ta bilder av og korleis me hadde pynta. me klypte sirklar i papir og limte på veggane! som ein blanding mellom eit rave og ein barnehage, elska det.
til gjesteboka satte me opp ein foto booth som vart godt utnytta! sååå mange morsomme bilder, desse over her er nokre av mine favorittar.
det var igrunn det med bryllupsbilder! håpar de har kosa dykk med å sjå dei, eg har iallfall kosa meg med å dela og såleis forlenga bryllupet berre bittelitt.
*translation:
the last pieces of our wedding pictures! the portraits, the disposable cameras and the guestbook photos.
Den kjolen din altså. Så fin!
Photoboothen med glitter i bakgrunnen er genial! Bryllupsfesten din ser ut sånn jeg drømte om at skoleballene skulle være (men absolutt ikke var). Takk for at du delte de fine bryllupsbildene deres med oss! <3
Så fint! :D
Fine bilete! :D
gosh, sååå fint<3
Congratulations! I love the guestbook and how you filled it with polaroids instead of simply filling them with signatures :) I hope you had the best of times! -Audrey | Brunch at Audrey’s
takk for at du deler!
gjestebok med polaroid er jo genialt! og portrettbildene … kjærlighet rett gjennom skjermen.
ha en god søndag!
Så utrolig fine bilder av et herlig brudepar!
Drømmedag. Helt forelska i portrettbildene. Sukk <3
Så mye fint og koselig <3 Perfekt med engangskamera og polaroidkamera <3