friday link love.

friday link love - alternativ copy

hei, fredag!
eg har hatt ei lang veke! av og til tenkjer eg at eg ikkje har lov til å sei sånt, men så hugsar eg at det er min blogg. eg har skrive ei spalte, reist til london, redigert bryllupsbilder og barnebilder, endelig fått tid til å sjå på mine eigne bryllupsbilder (♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥) og i går gjorde eg rekneskapen min til eg grein (såklart). har kosa meg sånn med bloggen denne veka (de har vore så fine og inderlige i kommentarfeltet, føler meg så glad for det) og det er så deilig å vera tilbake i london! det tek oss tre dagar å pakka ut, men det er så verdt det.

på onsdag handla me vin på borough wines. det er min beste vinbutikk, men eg er livredd for å kjøpa vin fordi eg kun kan litt og føler meg så dum. han franskmannen som jobbar der er streng med vin men eg har visst lenge at han berre var ein mjuk mann der under. me fortalte han at me trong ein vin (rosé eller kvit) til ein ratatouille og chevre, og da lysna det til i augene og han gav oss oppskrifta på hans eigen ratatouille, for han var frå provence der ratatouille er religion. me snakka såvidt om ein vin frå jura-distriktet og eg skulle maila han så snart eg kom på kva den heitte. me reiste heim med ein fantastisk rosé under armen (såklart frå provence den óg). bylivet! må jo elska det.

uansett, eg har óg nokre fine linkar til dykk såklart!

  • kate spade har sluppe ein ny episode av serien missadventure med anna kendrick. skulle så innmari ønska dette var ein faktisk tv-serie!
  • elsa billgren trendspanar for hausten, og får alle mine visuelle draumar til å come true. elskar alt.
  • buzzfeed publiserte bilder ein aldri før har fått sjå av bryllupet til charles og diana. vart så merkeleg rørt av desse bildene, eit sjeldan innblikk i noko ærlig bak slottsmurane.
  • rifle paper company har komme med nye produkt og eg er som vanlig forelska.
  • det er så sjukt varmt her i london! jostein kokar sakura-te frå mariage freres som me har i kjøleskapet som leskedrikk, men eg fekk lyst til å prøva denne isteen med sitrus, granateple og mynte.
  • til sist ein kanskje uvanlig link, men vil tipsa om sara sin pinterest. ho finn dei raraste og mest interessante tinga.

og om du skal baka eller ta eit bad eller gå ein tur eller klyppa graset i helga: podcasten til meg og sara er den perfekte følgesvenn. og del den med alle du kjenner, for det er jo sånn verda går rundt. 

 


*translation:

hi friday! i’ve had such a long week! sometimes i forget this is my blog and i can write that if i want to. i’ve written a column, gone to london, edited wedding photos and baby photos and finally gotten around to looking at my own wedding photos (omg), and yesterday i did my books until i cried (of course). it’s so good to be back in london! it takes us three days to unpack, but it’s so worth it.

on wednesday we shopped for wine at borough wines (always scary to me, still, because i always feel a little stupid) and the eyes of the french guy who works there lit up when we told him we needed a wine for a ratatouille, because he was from provence where ratatouille is like religion. he gave us his recipe and we left with an amazing bottle of rosé (also from provence, of course). got to love city life.

anyway, here are some links for you!

8 Comments

  1. 13:31, 21 Aug 2015 / 13:31

    Åh, jeg elsker sånne små steder med strenge franskmenn som bare smelter når de innser at man faktisk er interessert, hoho! Det ligger jo så mye stolthet og tradisjon og glede i fransk mat og vin.
    God fredag og god helg, flinka!

  2. 15:09, 21 Aug 2015 / 15:09

    Så koselig historien med vinen! Nå skal jeg vaske litt med podcasten deres til selskap. God helg fina!

  3. Mari
    18:10, 21 Aug 2015 / 18:10

    Takk for flotte lenketips! <3

  4. 21:21, 21 Aug 2015 / 21:21

    So mykje morosamt! Har aldri høyrt om Missadventure før, men elsker Anna Kendrick! Skal sjekke det no :)

  5. 14:03, 22 Aug 2015 / 14:03

    Bildene fra bryllupet til Charles og Diana er så fine. Jeg har sett dem så mange ganger og blir så rørt. Og det bildet med dronninga som kommer i veien når fotografen skal ta bilde av tv-en er så morsomt. Alle har et sånt bilde av bestemora si liksom. De ser så vanlige ut, samtidig som en vet hvor uvanlige de er.

  6. 10:30, 25 Aug 2015 / 10:30

    first of all, CONGRATS on your own wedding .. Such beautiful images.
    I’ve seen the unseen Diana bridal pictures too and loved the ones where Diana was holding a young Clementine, speaking in an affable way to her bridesmaid.
    Pinned this immediately to my Pinterest board and even put it on my own Instagram feed.

  7. Sara
    19:52, 12 Sep 2015 / 19:52

    Oh gosh! I love the episodes of missadventure, and I totally agree with you! Should we ask for a tv show of that!?

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *