the quiet last days of july.

july.july.july.july.
me har hatt rolige dagar sidan bryllupet. prøvd å ta det sakte, lesa, jobba litt og få pusten tilbake. dagen etter me kom tilbake fekk me besøk av to som ikkje fekk komt seg i bryllupet. me duka opp med vårt nye servise (så mykje porselen-kjærleik) og kakerestar. eg rulla sjokoladebollar og me brygga sterk kaffe. ekstra fint var det å by fram den bittelille resten av bryllupskaka vår, jostein og eg laga den jo sjølv og eg var sååå himla stolt av den.

july.july.july.july.july.july.july.july.july.july.july.
vesle j har omtrent budd i rips- og solbærbuskene. han vil eta bær heile dagen lang og føler seg trygg der bak nettingen. me har fått tid til kakerestar andre dagar óg, med rosévin og nytt kakebestikk til. ellers har det vore typisk sommarstemning, så mange fine små prosjekt som har vorte fiksa og pinnar som kastast i elva utanom fisketida (ein får ikkje lov til å skremma fisken). i dag redigerer eg bryllupsbilder med ei bøtte med kaffi, helst vil eg tvinga fredrik (som er på besøk) til å køyra meg på bærkjøping, vil ikkje tenka på kor mange pengar eg har brukt på bær i år. men eg har ikkje brukt ei krone på dop, så det kunne jo vore verre.

*translation:
we’ve had calm days since the wedding, tried to really take things slow and be lazy. we’ve had people over for cake leftovers (especially proud of the wedding cake which jostein and i made ourselves). our nephew, j, has been obsessed with the redcurrant and blackcurrant bushes and it’s been quite the job trying to keep him from eating too much of it. today i’m editing wedding photos with a bucket of coffee, but most of all i want to make fredrik (who is visiting) drive me to buy berries. i don’t even want to think about how much money i’ve spent on berries this summer. haven’t spent a cent on drugs though, so it could be worse.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *