denne veka gjekk eg og synne innom ein av bruktbutikkane i lærdal og fekk med oss nokre skattar heim. elskar å handla second hand i bygdenoreg, ein får alltid kupp og folk er alltid så greie. denne mjølboksen er så fin, har leita etter ein som det faktisk står mjøl (ikkje mel) på lenge, og denne har eg aldri sett maken til. sidan den er så liten har me havregryn i den, og ei sånn lita skjei som eg elskar.
desse to djuptallerkane er perfekt balanse mellom enkle og elegante. syns dei er så fine.
kjøpte ein heil boks med gullbestikk, tolv skjeier og tolv gaflar pluss kakebestikk. elskar jo gull!
*translation:
i bought some treasures from an antiques store this week! a flour tin, some plates and gold cutlery. got to love local shops.
Woaah the gold cutlery is so shiny!! -Audrey | Brunch at Audrey’s