12 movies you should see.

111

det er sommar og det regnar hos meg, så alt eg har lyst til å gjera er å setta ei skål med is framfor meg og sjå på ein film. her er tolv filmar eg har sett nylig som de kanskje vil lika! legg igjen filmanbefalingar i kommentarfeltet, så blir eg så glad!

1. THE READER: denne såg eg nyleg for første gong, og elska den såklart. kate winslet er heilt utruleg i denne filmen.

2. WISH I WAS HERE: handlar så mykje om familie og å vera nokon sin foreldre og å vera nokon sitt born. berre så herleg.

3. HAROLD & MAUDE: min tenåringsfavorittfilm om forholdet mellom harold og maude, ein merkeleg ung mann og ei merkeleg eldre dame. klassisk kultfilm.

4. OBVIOUS CHILD: jenny slate er ein stor girl crush for meg, og i denne filmen spelar ho ei jente som blir gravid etter ein første date og prosessen etter det. faktisk ein veldig ekte film.

5. TRUE GRIT: mørk og utruleg bra film frå coen-brødrene om ei dotter som vil hevna faren sin død.

6. FRANCES HA. ein fantastisk film om å prøva å bli voksen og prøva sitt beste men likevel ikkje heilt få det til.

7. FADING GIGOLO: new york-herleg om ein eldre gigolo og sjølvsagt komplikasjonar. det beste av alt er vanessa paradis, o m g.

8. THEY CAME TOGETHER: dum komedie med paul rudd og amy poehler, dei spøkar med absolutt alle romantisk komedie-kliséar.

9. BEHIND THE CANDELABRA: ein film om liberace, michael douglas og matt damon er fantastiske i denne filmen.

10. SERIAL MOM: kathleen turner spelar sinnsjuk seriemordarmor. den typen film ein ser på medan ein defintivt driv på med noko anna i tillegg.

11. THE ARTIST IS PRESENT: dokumentar om performance-kunstnar marina abramovic.

12. MAGIC IN THE MOONLIGHT: romanse frå 20-talet, estetisk og tom på den gode måten, med emma stone-kjærleik.

*translation:
12 films you should see when summer turns into rain!

Follow:
Share:

6 Comments

  1. Helene
    11:38, 14 Jul 2015 / 11:38

    Mye bra her!

    Harold & Maude er bare creepy i mine øyne, skulle sikkert sett den da jeg var litt yngre.

    Jeg vil anbefale 3 Idiots, St. Vincent, Basquiat og A Woman Under the Influence :)

  2. Marianne
    19:32, 14 Jul 2015 / 19:32

    CAKE: Jennifer Aniston i en sårbar rolle
    STILL ALICE: lærerikt om alzheimer
    SELMA: bra film om en så utrolig viktig hendelse
    WELCOME TO ME: Kristen Wiig i sitt beste, morsom spesiell
    L’ÉCUME DES JOURS (Mood Indigo): en så utrolig fin, rar, trist, morsom, og hjertevarmende fransk film med Audrey Tautou

  3. 11:48, 16 Jul 2015 / 11:48

    Magic in the Moonlight er faktisk den einaste av desse eg har sett! På tide med eit Netflix-maraton :)

  4. Hanne
    02:52, 17 Jul 2015 / 02:52

    Takk for fine filmtips! Jeg liker det så godt når du deler nye filmer med oss på andre siden av skjermen. Jeg så nettopp La Mala Educación (Bad Education) av Pedro Almodóvar. Den er fin/rar/mørk/kul og den har Gael García Bernal (<3) i hovedrolla. Ellers har jeg akkurat oppdaga serien Broad City som handler om Abbi og Ilana (de er sjukt kick ass) sine liv og rare opplevelser i New York. Det er perfekt for regnfulle sommerdager med jordbær i munnen og kroppen under det diggeste teppet.

Leave a Reply to Marianne Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *