my paris journal.

paris.
me er heimkomne frå paris. det var ei vidunderleg veke, som ein honeymoon før sjølve bryllupet der alt fekk vera oss og våre tankar. snakka ikkje eingong i telefon ein einaste gong, anten prata me eller så var det stilt. måndag for ei veke sidan kom eg til paris, med kofferten full av både mine og jostein sine klede, eit nytt kamera og så himla mykje skaparglede. me budde i leiligheten til haleigh, eit paris-paradis utan like, og eg opna alle vindauga på vidt gap nesten før eg satte ifra meg bagasjen.

jostein sitt tog vart forsinka til den grad at alt var stengt då han kom, eg gjekk på ein døgnopen dagligvare og handla alt eg hadde lyst på, som ikkje var så lite. med posen tung av chablis, kronenbourg, chips og kjeks satt eg på ein benk framfor st.paul-kyrkja og venta. plutseleg var han der, med skranglekassa av ei datamaskin slepande etter seg. det er få ting som er så herleg som å sjå den ein elskar forbi hundre framande og den ser deg ikkje men den søker etter deg med håp i blikket.

paris.paris.paris.paris.paris.paris.paris.paris.paris.
den første morgonen kjøpte jostein frukost, han kom heim med så mykje godt og me braut baguette og putta bringebær over fingertuppane. me vandra over øyene, forbi notre dame og blomstermarknaden der. me åt crepes til lunsj såklart, min med nutella og hans med honning og sitron. me hadde tusen ting å fortella kvarandre, dei ti dagane åleine hadde gjort oss til tenåringar igjen og me fekk dela ut gule kort og time-outs for avbrytingar. etter det som føltes som ein million skritt sovna han oppå dei kalde sengekleda og såg så uimotståeleg ut med brillene på snei.

paris.paris.paris.paris.paris.paris.
den neste dagen var det eg som kjøpte frukost, eg snakka fransk med dei på bakeriet og dama i kassa var snill nok til å ikkje skru over til engelsk når eg sa feil og stotra fram den forsømte fransken. me stoppa for å ta bilder av alt, berre fordi, og gav kvarandre all tid i verda. sola var sterk og så varm at ein vart sløv, trøytt. og den gjer at han luktar så godt i nakken, har de merka det?

paris.paris.paris.paris.paris.paris.paris.
mykje av tiden i paris gjekk med til å besøka gamle favorittar, som det blir når ein ikkje har besøkt byen ein elskar mest på meir enn eit år. me åt den der falafelen (egentlig litt magisk, i ei gate der alle kjøper det same også går fem skritt til høgre for å eta ståande og snakka om kor godt det er, korleis får dei det så godt?). me gjekk på bon marché og kjøpte alt i fine emballasjar, gjekk innom det finaste apoteket i verdenshistorien og prøvde altfor dyre kremar og lukta på alt. me fekk det siste stykket med favorittkaka mi, pistasj og kirsebær, og gjekk sporenstreks og kjøpte pistasj-aroma etterpå. noko av det aller, aller beste med sommar i paris er dog at ein aldri kan, eller får, sei nei til eit vinglas.

 

 

 

*translation:
pictures and thoughts from our first days in paris.

 

 

Follow:
Share:

18 Comments

  1. 14:23, 22 Jun 2015 / 14:23

    Så nydelige bilder! Er det tatt med det nye kameraet? Hvilket er det?

    • mariell.
      Author
      17:38, 22 Jun 2015 / 17:38

      takk! ja, canon 5d mark iii. :)

  2. Marte
    16:04, 22 Jun 2015 / 16:04

    Jeg elsker slike innlegg som dette.

  3. Andrea
    18:09, 22 Jun 2015 / 18:09

    <3 fint innlegg.

  4. 18:14, 22 Jun 2015 / 18:14

    Åh, inspirert skrift!!! Drypper av sommerglede og ferie og Paris og kjærlighet.

  5. Andrea
    18:50, 22 Jun 2015 / 18:50

    PS:
    Så bra tekst på Kvinneguiden! Jeg elsker det når du skriver innlegg om tanker du har og setter i gang diskusjoner her på bloggen, for de blir alltid så alrighte. Jeg har fulgt bloggen din veldig lenge, og har fortsatt SÅ dårlig samvittighet for at jeg en gang kalte deg for hipster i kommentarfeltet Håper du kan tilgi det?! – Jeg kan nok fort bli kalt det selv ;). men hva er en hipster, egentlig? Det begrepet har blitt temmelig vidt og bredt.

    I faktaspalten på Kvinneguiden ser det ut som at romanen din heter ”& me skal bli omskapte ut på Samlaget”, for alt står i kursiv :D

  6. Ragnhild
    19:30, 22 Jun 2015 / 19:30

    Du skriver så fantastisk og formulerer og beskriver ting så fint.

  7. Anne Mette
    19:35, 22 Jun 2015 / 19:35

    Du skriver bare.helt.nydelig.

  8. Mamma
    20:29, 22 Jun 2015 / 20:29

    So koseleg❤

  9. 21:22, 22 Jun 2015 / 21:22

    du skriver så nydelig <3

  10. 21:48, 22 Jun 2015 / 21:48

    “…som å sjå den ein elskar forbi hundre framande og den ser deg ikkje men den søker etter deg med håp i blikket.”

    Du er en dikter, Mariell. Virkelig. Og takk for litt Paris-input, selv må jeg gjenomm hele Juli til det blir to uker Stockholm på meg. Som jeg lengter.
    Leste også teksten på Kvinneguiden, thumps up!

  11. Ingeborg
    19:54, 23 Jun 2015 / 19:54

    Dette er noe av det fineste jeg har lest på lenge!

  12. Maria
    13:27, 24 Jun 2015 / 13:27

    så himla fina bilder! vet du vart du såg skålarna på nästsista raden?? jag letar ihjäl mig efter fina skålar!!!

  13. 10:44, 30 Jun 2015 / 10:44

    Den falafelpitaen ser utrolig god ut!

  14. 09:53, 01 Jul 2015 / 09:53

    som sagt, når du skriver og tar bilder av Paris: <3

  15. Ylva
    19:14, 11 Jul 2015 / 19:14

    Jeg elsker disse bildene så mye

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *