how to plan a wedding: the photographer books a photographer.

heidi

me har booka fotograf til bryllupet!

å velga fotograf har vore noko av det vanskeligaste ved å planlegga bryllup. lenge tenkte me at me ikkje skulle ha fotograf i det heile tatt, berre be vennene våre (så mange av dei er fotografar) om å fotografera litt no og då, men det vaks seg til ein liten ball i magen ved tanken på å skulla ha så mange forskjellige fotografar og redigeringar og ja. som ein kløe eg ikkje heilt kom til og eg klarte ikkje å slappa av med det, og heile den prosessen fekk meg til og med til å føla at min eigen jobb er himla viktig når eg jobbar for andre brudepar. så, eg bestemte meg for at me får heller jobba jernet og spara opp pengar til det før bryllupet.

skuldrene vart såååå mykje lettare då heidi sa at ho kunne.

heidi var ein av mine største girl crushes of all time. eg var 19 eller 20 år og sendte postkort til ho i paris og spurte korleis ho redigerte bileta sine og ho svarte med verdens minste skrift på eit vanlig postkort og forklarte korleis ein gjer det. så himla fint og viktig for ein nervøs nybegynnar som eg var då. heldigvis vart me venner óg, og det gjer meg så avslappa å vita at fotografen me skal tilbringa bryllupsdagen vår med er nokon me kjenner og stolar på.

(foto: heidi furre)

*translation:
after a lot of thought, we finally decided to book a wedding photographer. i hadn’t been able to come to terms with not having one (especially since being one myself), so i was sooooo happy when heidi said she was available. 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *