7 år med blogg-lista!

Untitled
foto.

eg tenkte å feira litt at eg har blogga i sju år, men eg visste ikkje heilt korleis. så, det fekk bli mest typisk meg: ei liste om å blogga, funne hos elsa.

kor lenge har du blogga?
sju år no i mai!

korleis såg bildet ditt av bloggar og bloggarar ut før du sjølv starta?
då eg starta å blogga var det egentlig ikkje eit veldig klart bilde av kva ein bloggar var, det var ikkje så mange store og dei som var var veldig forskjellige. frå den tida hugsar eg best idawulff og toroborgen. andre som hugsar dei frå den tida?

kva var den første bloggen du forelska deg i?
cherry blossom girl. åh, som eg lengta til paris.

korleis føler du rundt dine første innlegg når du no les dei?
i eit anfall av sjølvhat for nokre år sidan sletta eg sjukt mange innlegg frå den første tida, og det gjer meg veldig trist både at dei ikkje finst meir og at eg følte så intenst rundt dei. blir veldig glad av å tenka på ho som sat på hybelen på sandane og skreiv og tok bilder av seg sjølv i hagen.

av alle bloggar du les, kor mange prosent er dagboksbloggar og kor mange prosent er nisjebloggar?
50/50, vil eg sei!

nevn ein bloggar som er veldig ulik deg som du likar bloggen til.
paris in four months.

nemn ein bloggar som virkar veldig lik deg som du likar bloggen til.
designlovefest. helst likar eg dei personlige tekstane og reiseinnlegg!

kva syns dine næraste om at du bloggar?
for å vera ærlig trur eg ikkje dei tenker så mykje på det lenger! og eg trur mange av mine næraste venner ikkje eingong les bloggen, det gjer meg ingenting. alle er så avslappa rundt det.

syns folk du kjenner at du er lik deg sjølv i bloggen?
eg trur dei syns det meir no enn for nokre år sidan, har aldri vore så ærlig før som eg er no, spesielt på grunn av podcasten som har opna opp veldig og gjort meg tryggare.

har du funne ei grense for kor privat du vil vera i bloggen, eller endrast den grensa heile tida?
av og til tenkjer eg “vil eg at folk skal vita dette?” medan eg skriv, og oftast finn eg ut at pytt, det er vel ikkje så nøye. det som er riktig privat held eg for meg sjølv.

finst det ting du aldri bloggar om? kvifor?
eg bloggar ikkje om sånt som eg ikkje vil hugsa. eg syns det er fint å vera open om sånt som er vanskelig, det kjem til å la meg hugsa kor komplekst livet var allereie no. men eg går ikkje djupt inn i ubehag som eg helst vil legga bak meg.

kor mykje bloggar du for å få bekreftelse?
veldig lite per dags dato, sjølv om eg sjølvsagt kjenner det i egoet når eit innlegg får null kommentarar.

trur du at du kan bli kjent med ein person gjennom å lesa bloggen deira?
absolutt! men det kjem an på personen og typen blogg, såklart.

har du truffe folk irl etter å ha fått kontakt via bloggen?
åh, SÅ mange. i oslo traff eg heidi, mina og sigrid. eira møtte eg gjennom internett, det samme med sara, julie og esra. av vennene mine i london er det mariell og carrie som eg kjenner gjennom internett. også har eg treft sandra i new york og elsa i paris. har definitivt gløymt nokon!

har du nokonsinne blitt såra av noko som nokon har skrive om deg i kommentarar eller andre bloggar?
såklart! og tidlig i blogginga kunne ein halvsur kommentar øydelegga ei heil veka, så totalt altså. det kan vera veldig brutalt å ikkje vera heilt ferdig som person og få kritikk av folk som ikkje kjenner ein.

har du sjølv skrive noko du angrar på i din eigen eller nokon andre sin blogg?
ikkje som eg kan hugsa!

trur du at du framleis bloggar om to år?
abso-absolutt! med eit litt annleis liv, berre!

*translation:
i have been blogging for seven years!

Follow:

22 Comments

  1. 10:43, 30 May 2015 / 10:43

    hurra for sju år! jeg er så glad for at du blogger på!

  2. 10:55, 30 May 2015 / 10:55

    Yay, 7 år!! Bloggen din er en av de fineste jeg vet om, og jeg har fulgt den siden starten. Fikk litt lyst til å fylle ut denne lista selv, jeg.

  3. ida
    11:36, 30 May 2015 / 11:36

    Gratulerar med 7 år!
    Har vore fast lesar i fem år og eg blir aldri lei. Gledar meg til dei neste 7!

  4. 14:05, 30 May 2015 / 14:05

    gratulerer med 7 år! jeg leste også elefantzonen for kjempelenge siden, før folk kalte seg “bloggere”. føles som en evighet siden.

    • mariell.
      Author
      09:59, 02 Jun 2015 / 09:59

      det er jo ein liten evighet sidan, så rart å tenka på!

  5. Ragnhild
    14:40, 30 May 2015 / 14:40

    Hurra for 7 år! Gleder meg til mange flere!

  6. 14:53, 30 May 2015 / 14:53

    Hurra, og gratulerer! Tror jeg har fulgt deg fra starten, nesten. Og ja, toroborgen og idawulff-tiden husker jeg godt! Haha! Leser fortsatt hver dag, er bare innmari dårlig til å kommentere. Liker hvordan bloggen har utviklet seg over sju år. Klem

  7. mamma
    15:47, 30 May 2015 / 15:47

  8. 18:13, 30 May 2015 / 18:13

    Gratulerer med bloggbursdag!

    Nå hører jeg på podkasten deres, og synes den er kjempebra!

    • mariell.
      Author
      09:58, 02 Jun 2015 / 09:58

      takk, så herleg!

  9. M.
    19:30, 30 May 2015 / 19:30

    Gratulerer, Mariell! Jeg har fulgt bloggen i 4 år og den har vært min favoritt i… 4 år! Takk for at du skriver en så fin og inspirerende blogg. :)

    • mariell.
      Author
      09:58, 02 Jun 2015 / 09:58

      åååh. takk! <3

  10. 15:20, 31 May 2015 / 15:20

    Til lukke med jubileum! Du skriv veldig godt og har alltid vakre og inspirerande innlegg. Takk :)

  11. 20:12, 31 May 2015 / 20:12

    Hurra for jubileum!

    • mariell.
      Author
      09:58, 02 Jun 2015 / 09:58

      takk, fine hanne!

  12. M
    08:49, 01 Jun 2015 / 08:49

    Er glad for at du er bloggen er blitt så selvsikre med tid! Da blir bloggen et lyst, trygt sted å besøke, samtidig som den kjennes ærlig.

    • mariell.
      Author
      09:58, 02 Jun 2015 / 09:58

      tusen takk, blir så glad.

  13. 16:29, 01 Jun 2015 / 16:29

    Gratulerer på etterskudd! Håper du kunne kose deg i helga, og kanskje tenke litt på hvor mye glede du har spredd på sju år. Hurra for deg og bloggen!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *