five of my favorite portraits, hasselblad.

sidan eg har tenkt å fotografera meir med hasselblad-kameraet mitt i år har eg sett gjennom mine gamle portrett, frå the golden days då eg nettopp hadde kjøpt det, det var eit fantastisk kupp på ebay, og hadde så mykje å læra. når eg ser på desse bileta kan eg faktisk kjenna lukta av film i nasen (alle som fotograferer analogt veit kva eg meinar?). lyden av lukkaren er hypnotiserande, og både eg og den eg tar bilder av veit at kvar ramme er viktig, kvar rull har 12 rammer. eg har valgt ut fem favorittar, og dei er, ikkje overraskande, av folk eg er glad i. lovar meg sjølv at 2015 blir hasselblad-året, og at eg allereie neste veke skal ta ein rull eller to.

christine.
christine, førde, 2014.
bursdagen til fredrik, det var tidlig ettermiddag men me var allereie på ein snurr og christine var så eventyrlig fin.

portfolio.
synne, oslo, 2010.
eg kjente ho nesten ikkje i det heile tatt, faktisk hadde eg berre møtt ho eit par gongar før, men forelska meg i ho på ein fest og visste at eg måtte fotografera ho. ho hadde mjøl i håret og me hadde posar fulle av mjølkerull som proviant. og etterpå vart synne ein av personane eg helst fotograferer, i tillegg til å vera ein av mine næraste venner.

portfolio.
fredrik, førde, 2010.
me var så unge men følte oss så voksne og hadde sakna kvarandre og krangla og det var endeleg sommar og lysare. dette bildet elskar eg med kvart molekyl i kroppen. det kjem alltid til å ta meg tilbake dit.

sigrid.
sigrid, oslo, 2014.
sigrid og eg tok bilder i snøen, det var så innmari kaldt og sårt og fint. heilt til slutt tok me nokre bilder inne, i senga til inga, og dette biletet hugsar eg at eg tok.

paradis.
synne, lærdal, 2011.
synne kom på bussen til lærdal, me leika oss i skogen ein halv dag med ein kjole frå 30-talet og så vanvittig fint lys.

*translation:
since i’m planning to use my hasselblad camera more this year, i’ve been looking at my old portraits, from the golden days when i’d just bought it, made a coop on ebay and had so much to learn. when i look at these pictures, i can actually feel the smell of film. the sound of my shutter is hypnotising, and both i and the person photographed knows that every frame is important. every roll has 12 frames. i’ve chosen 12 favorites and they are, not surprisingly, of people i know and love. i promise myself that 2015 will be the year of hasselblad and that i’ll already shoot a roll or two in the upcoming week.

1. christine, førde, 2014. it was fredrik’s birthday, early afternoon but already tipsy and she was so amazingly beautiful.

2. synne, oslo, 2010. i hardly knew her at all, we had just met a couple of times before, but i fell in love with her presence at a party and knew i had to photograph her. she had flour in her hair and we had bags of chocolate to help us stay awake. after that, she became one of my most photographed people and one of my closest friends.

3. fredrik, førde, 2010. we were so young but felt so grown up and had missed eachother and fought and summer was finally here. i love this photo with every fiber of my being. it will always take me right back to that place.

4. sigrid, oslo, 2014. sigrid  and i took pictures in the snow, it was so cold and lovely. at the very end, we took some pictures inside, in inga’s bed and i very much remember taking this frame.

5. synne, lærdal, 2011. synne came on the bus to lærdal, we played in the forest for hours in a dress from the 30’s and magical rays of sun.

Share:

23 Comments

  1. 12:12, 22 Feb 2015 / 12:12

    Åh! Så vackra bilder! Älskar lyckan i den första. Ska bli roligt att se vad du fotar med kameran framöver :)

  2. 12:51, 22 Feb 2015 / 12:51

    Otroligt vackra. Fastnade för nummer 3. Ser nästan ut som om han fäller en tår.

  3. 13:22, 22 Feb 2015 / 13:22

    Wow, they are not just beautiful, they are talkative. The whole stories…Thank you for sharing!
    Found your blog recently and definitely will stay for a longer time – style, themes and spirit are close to my heart:)

    • mariell.
      Author
      09:52, 23 Feb 2015 / 09:52

      oh, thank you! thanks for hanging out here, welcome back. :)

  4. Trine
    17:06, 22 Feb 2015 / 17:06

    So many feels! Heilt fantastisk vakre bileter, og fine vener! For ein fin eigenskap å kunne fange slike augeblikk.

  5. 18:03, 22 Feb 2015 / 18:03

    Veldig vakre bilder. Liker spesielt godt bildet av Sigrid. Helt nydelig.

    • mariell.
      Author
      09:48, 23 Feb 2015 / 09:48

      takk! likar det veldig godt sjølv óg.

  6. 20:40, 22 Feb 2015 / 20:40

    Enormt vackra bilder!

  7. Enya
    00:42, 23 Feb 2015 / 00:42

    These are beautiful. Thank you for sharing x

  8. 16:02, 23 Feb 2015 / 16:02

    Åh, sykt vakre bilder! Du er flink

  9. Dina
    01:01, 25 Feb 2015 / 01:01

    wow, ble helt rørt! så sjeldne og fine og inspirerende

  10. 13:30, 25 Feb 2015 / 13:30

    Så utrolig fine bilder! Må fotografere mer analogt selv

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *