god fredag, alle saman! for det første: tusen takk så syka mykje for all feedbacken og alle som høyrte på podcasten vår i går. eg og sara var klistra til dataskjermane heile dagen og prata med kvarandre minst ein gong i timen. og tusen tusen tusen (!) takk for alle kommentarar spesielt, de er så fine og eg blir heilt MØR av kor takksam eg er for at de les og høyrer og seier kva de tykkjer. livet mitt hadde vore så heilt annleis utan den kommunikasjonen, og eg set pris på alle som tek seg litt tid til å legga igjen spor av seg sjølv her i bloggen. det er eitt av mine mål for i år óg; å kommentera meir og la folk vita at dei er bra, så det føles bra at det kjenns som det skjer på min eigen blogg óg! <3 til dei av dykk som ikkje har høyrt enda: me finst no på itunes! så gå gjerne dit og abboner, det blir me så innmari glade for.
så! veka mi har vore så innmari god. me har vore supersosiale samtidig som me har sove godt om natta og jobba akkurat så mykje som ein burde, tok til og med ein halv dag i går fordi eg hadde jobba litt overtid dei andre dagane, så jostein og eg fekk gå på utstilling og feira podcast medan det framleis var lyst ute.
her er nokre linkar eg har likt den siste veka! håpar de har hatt fine veker óg, og at helga er full av overraskingar og sol.
- naturlige sminkefavorittar frå mindy kaling sin make up-artist.
- haruki murakami publiserte denne veka ei novelle på new yorker.
- svar på korleis ein skal ta seg av blomstrande kvist innandørs.
- på breanna rose sin blogg intervjuar ho kreative folk om liva deira og rutiner, så interessant.
- ricotta- og sitronkake med mandel. ser for meg at den er så perfekt saftig.
- fekk lyst til å prøva å brenna sånne pinnar heime om kvelden, er tiltrukke av det å ha eit kveldsrituale på den måten.
*translation:
happy friday everyone! my week has been great. we’ve been very social while still sleeping at night and working just as much as we should. i even took a half day yesterday because i’d saved up some overtime, so j and i got to go to a museum and celebrate my new podcast while it was still light out. here are some links i’ve enjoyed this week! i hope your week has been lovely too, and that the weekend will host surprises and sun.
- the favorite natural products of mindy kaling’s make up artist.
- haruki murakami published a short story at the new yorker the week.
- answers to how to take care of blooming branches indoors.
- at breanna rose’s blog she interviews creative people about their lives and routines, so interesting.
- ricotta and lemon cake with almonds. in my head it’s the perfect amount juicy.
- i really want to try burning sticks at home at night, i like the idea of having an evening ritual.
Jeg har laget akkurat den kaka og den var kjempegodt, så den kan du trygt prøve :) God helg og tatt for fin blogg.
trevlig helg på dig du fina!! xx
god helg og takk for link og gleder meg til å abonnere på podcast, skal høre i morgen når jeg går meg en tur! :)
Jeg gleder meg også til å høre på podcast. Og jaaaaa, dere må skaffe palo santo (hellig tre). Det er magisk magisk og dufter faktisk ubeskrivelig synes jeg. Har elsket det og brukt det helt siden jeg bodde i Ecuador for lenge siden. Og har til og med vært i en sånn skog – man kunne skrape forsiktig forsiktig på stammen til treet, og da “blødde” det. Intenst, akkurat som kontinentet, planeten og livet.
Den kaken så nydelig ut! Går rundt og tenker på honningkaker om dagen, vil prøve denne for eksempel https://food52.com/recipes/31363-ava-s-honey-cake bare med mer krydder og en annen glasur :) Kom bare på det etter å ha hørt podcasten deres, som forresten var verdens koseligste!