vegetarisk chili.

102714-2957
vinter er grytetid, og ein av mine beste gryter er denne! ein vegetarisk chili med søtpotet istadenfor kjøtt som er så perfekt spicy utan å vera hot og kjem til å få deg til å skrapa botnen av panna i leit etter restar. og medan eg skriv dette forbannar eg meg sjølv for at eg ikkje har planlagt tacos denne veka! så lag det den som kan! oppskrifta finn de her.

*translation:

my recipe for vegetarian chili, in norwegian though!

Share:

7 Comments

  1. 14:30, 27 Jan 2015 / 14:30

    Gott!!!
    Kan inte du förklara skillnaden mellan nynorsk och “vanlig” norsk? Är det i både tal och skrift som du använder nynorsk?

    • mariell.
      Author
      15:08, 27 Jan 2015 / 15:08

      hei finis!

      i norge har me to norske skriftspråk, bokmål (majoritetsspråket) og nynorsk (minoritetsspråket). (i tillegg er det såklart samisk, men det er jo ikkje norsk) dei er likestilte i teorien, men bokmål blir brukt av mange fleire (typ 85%). språk er veldig politisk i norge, og ein evig kamp. maktsenteret i norge ligg i oslo, og dei fleste der brukar bokmål. for eksempel har ein krav på lærebøker på sitt hovudmål (alle elevar velger om dei vil ha bokmål eller nynorsk som hovudmål, det andre blir sidemål), men veldig veldig ofte blir lærebøkene kun produsert på bokmål.

      bokmål er basert på dansk, norge var jo under danmark veldig lenge og dei som hadde pengar fikk reisa til danmark og utdanna seg og kom heim til norge og var “dannede” og da snakka dei dansk. folk som bur på østlandet (oslo og rundt oslo), pratar ganske likt bokmål per i dag. ein fornorska dansk, altså.

      nynorsk er basert på alle norske dialekter, det er eit konstruert språk. det er ingen som har nynorsk som talemål, sjølv om mi dialekt er veldig nære som eg skriv.

      åh, håpar du forstår litt her, merkar at det vart litt rørete men ja! linkar:

      her er siri kleiven strøm, som pratar normert nynorsk (ho er fra min heimkommune, men i nyhetene pratar ein tilnærma normert både bokmål og nynorsk): http://tv.nrk.no/serie/dagsrevyen/NNFA19101414/14-10-2014#t=15m34s

      du kan lesa litt meir (fakta og historie) på svensk wikipedia, her: http://sv.wikipedia.org/wiki/Norska

  2. Johanne
    15:59, 27 Jan 2015 / 15:59

    Da er min stemme gitt til deg. Den fortjener du!

  3. 20:51, 27 Jan 2015 / 20:51

    Da har jeg stemt også! Og tusen takk for oppskrift – dette er syyyykt godt ut! har planlagt og handlet inn mat til og med søndag, men mandag neste uke blir det vegetarchili!

  4. 21:11, 27 Jan 2015 / 21:11

    Det ser nydelig ut – må prøves! Du får selvfølgelig min stemme :-)

  5. Tante Trude
    23:05, 27 Jan 2015 / 23:05

    Du får selvfølgelig min stemme, vakre, følsomme hjartesmil!
    Fordi: Blogger din har beriket min hverdag i snart 2 år..
    du formidler så vakkert…
    nynorsken din er nydelig, og jeg hadde gladelig “blitt nynorsk” bortsett fra at jeg er “Hedemærking”…
    du skildrer liv i tekst og bilder med et stort, stort hjArte♡

  6. kristine
    01:21, 28 Jan 2015 / 01:21

    ååå, dette må eg laga! det ser kjempegodt ut!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *