oktober vart den stillaste instagram-månaden i heile år. nettopp fordi det har skjedd så mykje at eg ikkje har kunna stoppa opp og dokumentera. me starta månaden i nordfjord, på premiere for operaen som jostein hadde omsatt. så filma me musikkvideo på fjellet med nokre av våre næraste venner, før me endeleg fekk komma heim til london att. ein svipptur til skottland for å vera barnevakter. og ein jobbtur til norge. alt stresset har hatt litt motsatt virkning på meg, og det gjer meg heilt rolig for framtida. for kvar stressfylte periode eg og jostein taklar med å vera rause med kvarandre og gi kvarandre det som trengst blir eg så glad for framtidsmariell og framtidsjostein.
oktober starta i nordfjord, på operapremiere. eg gjekk kveldstur med nevø i vogn medan foreldrene var på opera, også las eg denne boka i senga.
me fekk ei natt i mitt favoritthus, gamlahuset, og det var så vakkert. så spelte me inn musikkvideo midt på fjellet, og vakna til snø ein dag.
Så fin oktober! Veldig imponert over kor bra de taklar stressfylte periodar med mykje jobb og oppdrag. Så er det heller ikkje noko som slår følelsen av å ha takla slike periodar, og likevel at ein har klart å ta vare på både seg sjølv og andre ein er glad i :-) God laurdag!
Åh jag vill också vakna och se snö utanför fönstret men i Stockholm är det fortfarande +5 grader när det är som kallast :(