food list.

treats i got from @general_store today!  not pictured: one of the best brownies i've ever eaten.

kva var det siste du åt?
ein halv valrhona-brownie frå little bread pedlars med eit glas mjølk til. omg så godt. dei har forøvrig óg dei beste croissantane london har å by på. pluss at dei syklar varene rundt i london, og det er jo det kulaste ever.

ditt siste måltid, om du fekk velga.
lam og fløytegratinerte poteter, eller pizza i det uendelige.

den beste mat-byen?
roma, eller faktisk new york. alt smakte så sjukt godt der.

beste restaurantmåltid?
på lucien i new york, kva som helst slags pizzeria i roma eller på ottolenghi her i london.

beste snacks?
ben & jerry’s.

17.

kva var årsaken til din siste bakfylle?
raudvin, som vanlig.

mat du elskar å ha heime?
store økologiske egg, gulrotbrød og surdeigsbrød i frysaren, knekkebrød frå noreg (frukost fullkorn), fløytemysost, bra majones og sennep (helst den frå maille med honning), fennikkelsalami+agurk, blodappelsiner, tjukk yoghurt, heimelaga müsli og honning. da treng eg aldri å gå ut av huset.

kva er til middag i kveld?
jostein skal laga polenta med kjøttbollar og tomatsaus, gler meg så hinsides.

mat du hatar?
all raud fisk. verkeleg hatar det. har bestemt at om eg framleis ikkje likar det når eg blir 25 får eg lov til å slutta å prøva. og å, eg hatar artisjokk, utanom hermetisert på pizza.

dessert på ei øde øy aka: om du berre fekk eta ein dessert resten av livet.
ostekake frå five elephants i berlin. eller lakris-gelato.

weekend.

ein typisk matpakke på barneskulen?
kneippbrødskiver med leverpostei og pariser-rødbetar. høyrest uglamorøst ut, men eg elska verkeleg det.

kva er det merkeligaste du har i kjøleskapet?
akkurat no: sjuke mengder eple. me bestilte mat over internett, og jostein hadde ansvaret. istadenfor å kjøpa 6 epler kjøpte han 6 posar med epler. så akkurat no er me litt overvelda. ellers enn det har me typ åtte typar sennep.

kva med grønnsaksskuffa?
rødbetar, sellerirot, nypoteter, fire typar lauk og ei massiv søtpotet. ganske robust altså.

kva med ost?
pecorino, parmesan, mature cheddar, brunost (g35) og stilton.

beste plass å handla mat?
whole foods, waitrose, matmarknad og hos lokale handlarar. elskar å gå til slaktaren og til grønnsakshandlaren og til the fishmonger.

saturday.

mat du skulle ønska du var allergisk mot.
ingenting. trur dog eg er allergisk mot ananas, men kjem aldri til å sjekka det sidan det er altfor godt og så lenge det berre svir i munnen treng eg ikkje å slutta å eta det.

kven får eta av tallerkenen din?
alle som vil, såframt at eg kjenner dei såklart!

*translation:
what was the last thing you ate?
half a valrhona brownie from little bread pedlars with a glass of milk. so good. they also have the best croissants in london, and they use bikes to peddle their stuff around london, the coolest thing!

your last meal, if you could choose?
lamb with potatoes dauphine, or a whole lot of pizza.

best food city?
rome, or actually new york.

best meal at a restaurant?
at lucien in new york, any kind of pizzeria in rome or at ottolenghi here in london.

favorite snack?
ben & jerry’s.

what caused your most recent hangover?
red wine, as per usual.

food you love to have around?
big organic eggs, carrot bread and sour dough in the freezer, crisp breads from norway, brown cheese, good mayonnaise and mustard (my fav is from maille with honey), fennel salami and cucumber, blood oranges, yoghurt, homemade müsli and honey. i’d never have to leave the house.

what’s for dinner tonight?
jostein is making polenta with meatballs and tomato sauce, i cannot wait.

food you hate?
red fish. i really hate it. i’ve decided if i still don’t like it at 25 then i can stop trying. and oh, i hate artichokes, exept tinned on pizza.

desert island dessert?
cheesecake from five elephants in berlin. or liquorice gelato.

a typical elementary school lunch?
bread with pork paté and pickled beetroot. sounds so unglamorous, but i loved it so much.

what’s the weirdest thing in your fridge?
right now: a lot of apples. j ordered 6 bags of apples instead of 6 apples, so yeah. other than that we have eight different kinds of mustard.

in your vegetabledrawer?
beetroots, celeriac, potatoes, four kinds of onions and one massive sweet potato. pretty robust

and cheese?
pecorino, parmesan, mature cheddar, brown cheese and stilton.

best place for grocery shopping?
whole foods, waitrose, food markets and at local grocers. love going to the butcher and the greengrocer and the fishmonger.

food you wish you were allergic to?
nothing, but i think i’m allergic to pineapple. i will never attempt to find out since i’m perfectly happy with my sore mouth.

who can eat off your plate?
anyone, as long as i know them of course!

10 Comments

  1. Kathrine
    17:55, 27 Mar 2014 / 17:55

    Elsker slike lister! Veit ikkje heilt kvifor, eg berre gjer det :)

  2. 18:32, 27 Mar 2014 / 18:32

    Mykje fine bileter og god mat! :)

  3. 20:06, 27 Mar 2014 / 20:06

    Nam! Nå ble jeg sulten, gitt.

    Har forresten veldig lyst til å prøve meg på hjemmelaget müsli – har du en god oppskrift på lur? :)

  4. Anne
    21:04, 30 Mar 2014 / 21:04

    Hei! Så artig at du syntes ostekaken fra Berlin var så god, jeg tipset deg faktisk om den da du spurte etter steder man bør besøke i Berlin :D

    • mariell.
      Author
      02:34, 31 Mar 2014 / 02:34

      ah, ja, fekk det tipset kasta til meg frå såpass mange hold at det måtte jo prøvast! :)

  5. 11:44, 31 Mar 2014 / 11:44

    Reading about the 6 bags of apples made me laugh :D I appreciate many aspects of your blog, but especially the foodie side of you <3

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *