happy friday!

have an awesome tuesday, everyone! today's apparel!

sånt som har vore fint med veka mi:

♦ fin-kjæreste som kjem heim med ein pose badebomber etter ein røff dag, og det påfølgande badet.
♦ cait på middagsbesøk og dessertkjeks frå frysaren.
♦ åleinelunsj på recipease med mailsvaring og halloumisandwich.
den beste tøyposen i verdenshistorien kom med posten.
♦ frisørbesøk, med kaffe og eit kjeks og sol i ansiktet då eg var ferdig.
♦ to episodar alex og sigge på veg fram og tilbake frå notting hill.
♦ nye bryllupsoppdrag og mange heimesideoppdrag, så gøy!
♦ planar om bokklubbskype med frøy i kveld.
♦ fine samtalar om boka med jostein.
♦ planar for neste veke allereie i kalenderen.
♦ superfin konsert med highasakite på birthdays, og veldig mange øl etterpå. dette var kvelden som vart til twix-frukost i drosjen heim.

kva med deg, kva har vore fint med veka di?

*translation:
great about my week: ♦my boyfriend bringing home some bath bombs after a rough day. ♦ having cait over for dinner. ♦ alone lunch at recipease with my computer. ♦ the best bag ever came in the mail. ♦ going to the hairdresser, and the sun shining on my face as i walked out. ♦ new wedding jobs and a lot of web design jobs. so much fun! ♦ book club skype with frøy this evening. ♦ good conversations about the book with jostein. ♦ plans for next week already in my calendar. ♦ great concert with highasakite at birthdays and a lot of beer after. that night became the morning of the twix breakfast in the cab home.

Share:

11 Comments

  1. 14:45, 21 Feb 2014 / 14:45

    For ei fantastisk veke! Elskar Putin-posen, må skaffe meg ei slik ei! Har leita etter eit passande bodskap å gå rundt med om eg skal ha meg ei tøypose, og dette må jo vere det ulitmate. Denne veka har eg fått lesarar på bloggen min, noko som er stas når ein nett byrja! Og no kosar eg meg heime hos mamma og pappa, med ved i omnen, lasagne til middag og har fullstendig helgefølelse.
    Gratulera med overstått!

  2. 15:29, 21 Feb 2014 / 15:29

    har endelig sendt søknad til skolen i oslo, nå går jeg rundt med kryssede fingre i lommen hele hele tiden.

  3. Kathrine
    15:50, 21 Feb 2014 / 15:50

    Fint med veka mi?
    -Å bli kjend med nye folk medan eg prøver å rekrutere frivillige til Den norske dokumentarfilmfestivalen
    -Å ete middag og gå på konsert med ei venninne som var heime på vinterferie.
    -At eg las IT av Alexa Chung.
    -At eg føler eg er tilbake på rett spor med treninga mi, og at eg vurderer å springe halvmaraton i Mai.

  4. Linn
    16:32, 21 Feb 2014 / 16:32

    Når jeg oppdaget at de hadde salte lakrisbananer på butikken hvor jeg egentlig bare skulle handle kjedelige ting.

    Nydelig hår du har! Kan jeg spørre om hvilken shampo, balsam og/eller hårkur du benytter?

    God helg!

    • mariell.
      Author
      17:16, 21 Feb 2014 / 17:16

      oi takk! akkurat no brukar eg produkt frå aesop, fargesjampo og den balsamen som heiter nurturing. brukar ingen andre produkt i håret, ikkje spray, ingenting.

      ps: kva er salte lakrisbananer?

  5. 16:53, 21 Feb 2014 / 16:53

    Kommer ikke inn på faggotapparel.com for å kjøpe tøyposen :-(

  6. 18:11, 21 Feb 2014 / 18:11

    Liker ikke Putin, uff. Men poseveska er kul!
    Uka mi har vært fin fordi den har vært produktiv med både studier, vasking av hus, noen fine turer i naturen og å tilbringe tid med folk jeg er glad i.

  7. 02:23, 22 Feb 2014 / 02:23

    fint med min uke: solskinn, sosiale ting, litt mye vin og brune armer.

  8. 12:51, 22 Feb 2014 / 12:51

    for ei fin veke <3
    fint med mi veke:
    – har funne ut kva eg skal lage til kunstprosjektet og håpar det blir så kult som eg trur.
    – hadde ein kosleg lunsj på skulen med lillesøster.
    – opplevd sol dagen etter det snødde og regna mykje.

  9. Linn
    18:31, 22 Feb 2014 / 18:31

    Jeg kaller det salte lakrisbananer for jeg vet egentlig ikke hva de heter. Det er smågodt. Som ser ut som små bananer. Og så er de svarte og salte. Konsistensen er som skumgodteri. Nam!

  10. 19:12, 22 Feb 2014 / 19:12

    Fint med veka mi:
    i det eg skulle gå av ferja på Tau, kom min butikk-reklame fram på skjermen over trappa. Eg kunne ikkje dy meg og sa høgt at det er reklame for min butikk og at eg hadde varer i bilen. Å, har du tøflar til ein gut på 5 år? spurde ei dame. Ho hadde ikkje fått tak i det i byen. Ja, eg har eitt par, sa eg. Tigertøflar. Dei ville ho gjerne sjå. Eg sprang ned til bilen og dama, med alle sine bæreposar, sprang etter . Eg fann tøflane. Ferja hadde lagt til og bilane hadde begynt å køyra av. Betaling? Eg rakk å gje henne ein lapp med kontonr. på og kom i farten på å spørja kva ho heitte. I det ho flaug bortover dekk for å koma av ferja, og eg hoppa inn i bilen for å køyra av, ropte ho namnet sitt. I dag var det kome betaling, og eg trur at han 5-åringen blei kjempeglad for dei tøflane. Kva trur du? Sjå her: http://www.allverdas.no/produkt/toflar/toffel-tiger

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *