new year’s eve!



på nyttårsaftan vakna me klokka to. da vekte eg dei andre og sa “om de ikkje står opp no kjem me ikkje til å få sjå dagslys i heile tatt”. me åt frukost og dusja og brukte opp varmtvatnet, også pynta fredrik heile leiligheten medan eg laga masse mat til kvelden.


eg hadde hatt med konfetti frå london og den slo an.




me steikte kjøttbollar, laga kalkungryte, laga punsj, fiksa søtpotetsalat med granateple og feta og ein ganske så enorm pastasalat.





så pynta me meir, til leiligheten såg ut som ei blanding av ein pride-parade og eit barneselskap.



så pynta me oss sjølve og eg gravde masse i frøy sine skuffer!



klare for fest!






før dei andre kom opna me vår einaste flaske champagne og skålte og klemte og klirra og fniste. hjarte.


så kom det folk! me drakk masse punsj.


og åt masse god mat.



fine fine mmm-jentene kom innom for ein drink og klemmar. eg fekk óg superfin tøypose som eg per akkurat no brukar til alt. så måtte me plutseleg pakka alt med oss og stikka, me marsjerte opp til st.hanshaugen og “opp til den stygge statuen” <- møteinstruks.



så var det 2014!!!!!!! heile dagen hadde eg følt meg fanga i 2013-talet, som om det var heilt feil og noko som ikkje stemte, men ved tolvslaget lot eg meg overvelda av ei bølge kjærleik for dei fine folka rundt meg og livet mitt. det var ikkje reint lite for ein stakkars vestlending.


nokre fulle folk var dumme og sendte opp lanterner som satte seg fast i trea som heldigvis var blaute.


medan andre nøya seg med stjerneskudd.



eg klemte mine næraste finaste folk og var så sjukt glad. og kald! så me gjekk heim igjen!



på veg heim insisterte eg på at me skulle ta med oss heim ei stor grein som låg i vegen. dei andre sa egentlig nei men eg tok den med likevel og det vart superfint!





me satte oss på soverommet til frøy i det stille, og shotta vodka og prata planar og 2014, nokre røyka ut vindauget og me hadde det så fint og klokka vart så mykje at det var morgon igjen.



og rundt klokka seks om morgonen, den første dagen i det nye året, sovna eg og jostein søtt i fredrik si seng, visse om at me skulle på eit fly nettopp den samme dagen men ganske glade likevel.

*translation:
my new year’s eve. full of the people i love, confetti, food and a tree i brought home after midnight.

Share:

12 Comments

  1. t
    13:58, 07 Jan 2014 / 13:58

    milde himmel, så storslagent og nydelig!

  2. C
    15:06, 07 Jan 2014 / 15:06

    Kan du ikke legge ut oppskrifter på det dere lagde? Så himla godt ut!!!

  3. Confetti
    15:22, 07 Jan 2014 / 15:22

    Jeg har bodd i den leiligheten! Kjenner igjen taket, hjørnet og rosetten, lysbryteren og gangen.Sprøtt. Der har det vært noen ville nyttårsfester der før, tro meg. Godt å se at god nyttårskarma holdes i hevd i huset.

  4. 16:00, 07 Jan 2014 / 16:00

    Wohoo! Har granbar i håret enno.

  5. 16:06, 07 Jan 2014 / 16:06

    Hvilken fin feiring, og ikke minst, hvilken fin fin blogg du har.
    Stemning gange tusen!
    Ha en fin dag

  6. 21:32, 07 Jan 2014 / 21:32

    fantastiske bilete! spesielt det eine av sara. og du, eg les boka di nå, og han har fått meg til å elske romanar att. seriøst. de må vera så stolte!! elsk på den.

  7. 21:43, 07 Jan 2014 / 21:43

    dina foton mariell <3 vad fint ni ser ut att haft det

  8. Sigrid
    00:17, 08 Jan 2014 / 00:17

    Så utrolig fine bilder! Bruker du relativt kort lukkertid og evt. redigerer bildene lysere senere? Sliter med å få fine bilder i mørkt lys, og er ingen fan av blits. Det blir enten å sette opp lukkertiden for å fange mer lys, men da blir det ikke særlig klart.

    Det er en fryd å lese bloggen din :)

  9. 01:10, 08 Jan 2014 / 01:10

    Dette ser så fantastisk bra ut! Kvifor linka du ikkje bileta opp flickr lengre? Dei er så sykt fine!

    • mariell.
      Author
      01:23, 08 Jan 2014 / 01:23

      takk! flickr har ein ny policy som eg er så misfornøgd med, så eg er litt i billedlimbo akkurat no.

  10. marie
    18:42, 11 Jan 2014 / 18:42

    oj så morsomt, de med stjerneskuddene er jo hannah og loke hihi

  11. 21:00, 25 Jan 2014 / 21:00

    Å så härliga bilder!

Leave a Reply to sara Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *