instagram, december.


desember starta i noreg! me feira bestefaren til jostein sin 90-årsdag med stor fest, og mellom slaga produserte eg oppskrifter i gamlahuset.


utsikten var som vanleg heilt utruleg fin (dette var forøvrig einaste gongen me såg snø i desember), og eg tok litt stilletid til å pakka inn julegåver.


eg og pappa hadde på øletikettar (han bryggar øl no, vanvittig godt) og etterpå åt me karbonadesmørbrød hos bestemor. me prøvde å komma oss til london, men flyet kunne ikkje ta av så istaden reiste me på forlagsfest (win).


eg las bøker og hadde langt langt hår.


for julepengar frå bestemor kjøpte me oss dette printet frå fantastiske esra, og ein laurdag åt me marengs frå meringue girls.


eg og jostein hadde vår eigen private julaftan her i london, han laga boeuf bourgignon og me pakka inn gåver i separate rom, så utrulig fin kveld. så pakka me til å reisa heim igjen.


første dagen heime hogga me ned treet! alltid edelgran.


jul!


bestemor sitt sedvanlige kakefat og mitt forkjøla fjes.


ei av julegåvene frå jostein, og konfettibomber! dei var fine å ha til nyttårsfeiringen.


fredrik beundrar blomebordet på vår kvelden-før-nyttårskvelden-feiring, og pynta drinkbord på nyttårsaftan. for ein fin månad desember var!

om de vil følga meg der, heiter eg hjartesmil som vanlig.

*translation:
december on instagram! i’m hjartesmil there, too.

Share:

13 Comments

  1. 14:49, 03 Jan 2014 / 14:49

    Great shots!
    kisses
    RigillaMas

  2. 15:10, 03 Jan 2014 / 15:10

    Håhå, for en fargerik og feststemt samling kvadrater! Min egen desember ble veldig snodig fordi jeg tilbragte halvparten av den i Thailand, men nå får jeg nesten julestemning på etterskudd!

  3. 15:20, 03 Jan 2014 / 15:20

    Du er så fantastisk flink til å ta bilder

  4. 18:50, 03 Jan 2014 / 18:50

    Du tar alltid slike fine bilder, fantastisk å se på~ <3

  5. 19:20, 03 Jan 2014 / 19:20

    utruleg mykje fint i desember! og om det er nokon trøst var den einaste snøutsikta du fekk finfinfin. :)

    • mariell.
      Author
      15:26, 04 Jan 2014 / 15:26

      det er jammen sant!

  6. Synne
    20:33, 03 Jan 2014 / 20:33

    Hvor er den fine, røde genseren fra?

    • mariell.
      Author
      20:44, 03 Jan 2014 / 20:44

      den er vintage! :)

      • Synne
        00:10, 07 Jan 2014 / 00:10

        AH, heldige deg!
        Ha en fin uke :)

  7. 02:12, 04 Jan 2014 / 02:12

    Åh så mysig december verkade vara för dig & väldigt fin röd vintage kofta!
    Vad heter du på instagram? :)

    • mariell.
      Author
      15:24, 04 Jan 2014 / 15:24

      takk takk! heiter hjartesmil på instagram. :)

  8. Karina
    03:17, 04 Jan 2014 / 03:17

    Hei! :)

    Mulig du har skrevet om dette tidligere, men har dere utsatt bryllupet? Jeg var så sikker på at dere skulle gifte dere i sommer?

    Klem
    Karina

    • mariell.
      Author
      15:25, 04 Jan 2014 / 15:25

      hei, karina! me har ikkje utsatt det, sidan me aldri har hatt nokon dato, me har berre bestemt at det skjedde ganske mykje i 2013 og at det var urealistisk å skulla ha det gøy med å planlegga bryllup i ein så stressfylt periode. :)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *