unpublished.

ganske ofte tar eg bilder med telefonen min som eg ikkje syns er bra nok for å bli publiserte på instagram, men som eg likevel held fast ved fordi eg ikkje hadde med kameraet og vil hugsa kvifor eg tok det.

Untitled
ein dag eg og jostein åt shortbread og drakk cappucino på new cross og det regna.

UntitledUntitled
to fine bilar eg såg. er så opptatt av bilar for tiden.

Untitled
katten mouse som eg og christine delte leilighet med i amsterdam, han ville alltid vera i badekaret og når han ikkje var der så var han anten på taket eller urinerte på kleda mine. oh well.

Untitled
ein augesjokolade i eit vassglas hos fredrik og frøy i oslo.

Untitled
på veg frå oslo til sogn. snø<3

Untitled
hotellfrukost på hotell fretheim i flåm.

Untitled
litt konsentrert kaffidrikking.

Untitled
på ein bussholdeplass før eg skulle heim til årdal og jostein skulle bli i flåm. elskar dette fjeset.

Untitled
min fine flotte mormor har nettopp flytta til sogn etter å ha budd i trøndelag heile mitt liv. så no har eg altså to bestemødre i heimbygda, og det er fantastisk. ho har teke med seg sånt som eg fekk arva, som dette serviset, som eg allereie har typ 30 kaffikoppar av før. eg elskar det så utrulig høgt og syns det er så fint å få arva ting tidlig så ein kan få sei takk ordentlig og til og med brukt det ihop!

Untitled
jostein på ein uteservering i roma, oppteken med dialogskriving og vindrikking. middels vin, bra bok.

Untitled
antony sine profiteroles, forrige veke. me åt alle.

Untitled
ein sofa som eg lurer på å kjøpa. likar modellen, men kanskje ikkje fargen.

Untitled
eit william eggleston-foto på tate modern.

Untitled
meg sjølv frå i dag. middels bra dag, topp bra person.

 

*translation:
unpublished pictures from my phone from the past weeks. cars, a cat, hotel breakfast, china i inherited from my grandmother, a sofa i’m thinking of buying and my great self on this very medium day.

Follow:
Share:

12 Comments

  1. Inga
    20:37, 19 Nov 2013 / 20:37

    Så fine bilder, som heldigvis fikk se bloggens lys. Dumt med middels vin, men det er nok bare i Rhône-dalen de har lykkes med Syrah. Det er godt det finnes mye annen god vin i Italia.

    • mariell.
      Author
      22:01, 19 Nov 2013 / 22:01

      me drakk heldigvis mykje veldig god vin óg! :)

  2. Ina
    20:51, 19 Nov 2013 / 20:51

    Veldig topp bra person! :) Du er så fin og flink!

  3. Josefine
    21:04, 19 Nov 2013 / 21:04

    SÅ fin sofa!!! :O ELSKER fargen og fasongen var jo rålekker! Hvor er den å få kjøpt? O:)

    • mariell.
      Author
      22:01, 19 Nov 2013 / 22:01

      ja, den er veldig fin! såg den hos john lewis her i london. modellen heiter buzz.

  4. 21:14, 19 Nov 2013 / 21:14

    Hei, eg elske denne heimesia! Eg studere sjøl foto for augeblikket på videregående. Eg lurte på om du kunne forklart litt korleis du redigere bileta for eg elske fargane du får fram! Vil verkeleg lera korleis eg kan få til noe lignande :)

    • mariell.
      Author
      22:01, 19 Nov 2013 / 22:01

      så fint!

      vel, desse bildene er kun redigert i telefonen med ein app som heiter vsco cam. til vanlig redigerer eg eitt og eitt bilete i adobe camera raw, og fotograferer kun i raw-format. for å lesa meir om redigering kan du trykka på der det står “about photography” i sidemenyen her. :)

  5. 22:02, 19 Nov 2013 / 22:02

    Årdal? Mon tro om du kjenner min gode venninne Jeanette (med storesøster Yvonne).

    • mariell.
      Author
      01:07, 20 Nov 2013 / 01:07

      hm, kjenner ingen som heiter det desverre. :/

  6. 09:20, 20 Nov 2013 / 09:20

    Vel, verdt å spørre uansett. Årdal er jo ikke så stort ;-)

    • mariell.
      Author
      11:43, 20 Nov 2013 / 11:43

      absolutt ikkje! :)

  7. 08:00, 21 Nov 2013 / 08:00

    disse bildene likte jeg skikkelig godt. litt som bits & bobs, litt her og der. :)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *