+ / –

Please stay with me, the beauty of Spring.

dagens pluss:
sit hos frisørsalongen akkurat no med raudfarge i håret så eg blir heilt klar og pepp for å reisa på ferie og bli intervjua på scena neste helg. dei spør kva eg vil ha og eg seier kaffi uansett for da får ein kjeks på kjøpet. etterpå skal eg gå på min favorittbutikk for vintage heimegreier og kanskje kjøpa litt porselen på veg heim. i kveld lagar eg romantisk heimemiddag til jostein som skal reisa i morgon, må utnytta kvart vesle sekund me får ilag. gler meg til å senda saknar-deg-meldingar og sei god natt på telefonen, det er så nostalgisk og akkurat sånn me levde dei første åra av forholdet vårt. kjenner at det er noko som er på veg til å endra seg i meg, eg er ein mindre redd person enn eg var for nokre veker sidan, følest trygt på eit vis. skriblar masse i dagboka for å prøva å forstå det men mest prøver eg berre å nyta det.
.

dagens minus:

er så himla trøtt for tida, vil berre sova minst ti timar kvar natt. gruar meg til å sakna jostein ei heil veke og til å ta fly utan han. fakturaskriving. eit så intenst parissakn som får meg til å sjekka eurostar kvar dag. er litt lei designet på bloggen men ser ikkje for meg at eg kjem til å ha noko særlig mykje tid til å fiksa på det.

.

*translation:
today’s + and -.

Share:

7 Comments

  1. Line
    13:03, 23 Oct 2013 / 13:03

    Leser man de isolert viser de hvor mye perspektiv og tankegang har å si! Fint.

  2. Mamma
    21:32, 23 Oct 2013 / 21:32

    Glad i deg på både + og – sida :-) suss

  3. Andrea
    00:16, 24 Oct 2013 / 00:16

    Ikke tenkt på designet! Det er flott fortsatt det! God tur! :)

  4. 11:10, 24 Oct 2013 / 11:10

    Det er litt fint å savne hverandre innimellom, synes jeg – man har godt av det, selv om det ikke føles slik når det pågår, hihi.

    • mariell.
      Author
      16:50, 02 Nov 2013 / 16:50

      ja, det føles bra og spesielt etter ni år. :)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *