skal det vera eit karamellkjeks?

karamellpinnar.

no er det snart haust, høgsesong for å bli inne berre fordi det er så varmt og godt under teppet, det finst ein million episodar av eit eller anna på netflix som ein vil sjå. da er det fint å kunna baka noko av sånt som ein har i huset! desse karamellkjeksa er så utrulig gode, spesielt om ein strør litt havsalt på toppen. dei er crunchy utanpå og seige inni, som etter mi meining er den beste kjekstypen. de finn oppskrifta hos økologisk.no!

oppskrifta er forsvunnen fra økologisk.no, her er den:

karamellkjeks

desse kjeksa er så utrulig gode, og er så langt fra tørre sandkaker ein kan komma. dette er typisk bakverk som ser underveldande ut men dei imponerar og får ein til å angra på at ein hadde tvil! dei er sprø utanpå og mjuke inni, nesten som om sirupen siv til botnen og gjer dei seige og fantastiske.

for 24 kjeks

100g romtemperert smør

90g sukker

140g kveitemjøl

2 spiseskeier lys sirup

1 teskei vaniljeekstrakt, helst ekte vanilje

1 teskei ingefær

1/2 teskei bikarbonat

havsalt

1. sett ovnen på 175 grader og kle eit brett med bakepapir.

2. pisk smør med sukker og sirup til det er ei mjuk og luftig blanding.

3. tilsett dei andre ingrediensane og bland til ein deig. om du har tid, pakk deigen inn i plastfolie og legg den i kjøleskapet i ein halvtime. om ikkje går det fint, deigen er berre litt enklare å jobba med kald.

4. rull ut deigen til to lange pølser, like lange som langsida av bakeplata. flat dei så litt ut med fingrane eller ei skei, og dra ein gaffel over kortsida heile vegen bort, det gjer ingenting om det blir litt smuldrete. strø litt havsalt over, eit par klyper.

5. steik dei i rundt 15 minutt midt i omnen, til dei har fått ein gyllenbrun farge. la dei stå i eit par minutt før du tek ein pizzaskjærar og kuttar på skrå, til du har 24 like store kjeks. la dei kjøla seg ned heilt før du tek dei av brettet.

*translation:
my recipe for toffee cookies! in norwegian, but i’m sure it’s google translatable.

Share:

10 Comments

  1. Mariell Amelie
    13:06, 12 Sep 2013 / 13:06

    Helt sjukt gode var de faktisk! Mmm

  2. 13:08, 12 Sep 2013 / 13:08

    må lagast sporenstreks! elskar sånne. barndomsnostalgi.

  3. 15:25, 12 Sep 2013 / 15:25

    Ser knall god ut, den skal prøves!
    Og jeg liker når folk slår et slag for skikkelig og god kaffeknask :D

  4. s
    15:49, 12 Sep 2013 / 15:49

    dette laget mormor ofte :) kola-kakor kalte hun det.

  5. 16:24, 12 Sep 2013 / 16:24

    ser så gott ut. måste testa!

  6. Ida
    11:39, 15 Sep 2013 / 11:39

    Denne kaloribomben var dessverre ingen højdare for meg :( ingefæren og sirupen gjør at de smaker veldig julete, og det blir liitt for tidlig for meg med tanke på at vi bare er i september!

  7. Helene
    15:23, 16 Sep 2013 / 15:23

    Disse så gode ut! Skal jammen prøves!
    Har forresten bestilt boka deres, og gleder meg som en liten unge til å få den i posten:)

  8. Thea
    14:55, 20 Dec 2014 / 14:55

    Ånei! Gledet meg til å lage disse kjeksene i år igjen, men oppskriften har forsvunnet fra økologisk.no :( Er det noen mulighet for å få oppskriften? Hadde satt veldig stor pris på det!

  9. Ellen
    17:08, 10 Jan 2015 / 17:08

    Fantastisk gode kjeks da jeg prøvde meg på dem for halvannet år siden! Men som Thea får jeg ikke laget dem nå, siden oppskrifta har forsvunnet fra økologisk.no. Dessverre hadde jeg kun spart på lenken til oppskrifta, ikke selve oppskrifta. Setter stor pris på om det er mulig å få oppskrifta.

    • mariell.
      Author
      17:49, 10 Jan 2015 / 17:49

      no ligg den her!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *