brunsj&butterdeig&oppskrift.

i dag hadde me brunsj. da er det fint å laga noko som er litt ekstra, som ein ikkje et til frukost kvar dag, som til dømes frukostmuffins. du treng:

butterdeig
grønnsaker du likar
(eg brukte raudlauk, paprika og gulrot)
fire egg
fløyte eller creme fraiche
melk
ost
salt og pepper

brunch.
eg brukar ei sånn fin muffinsform, det er veldig enkelt og greit. eg trur ikkje dei er så dyre heller. om ein ikkje har trur eg det går fint med sånne metallformer ein brukar til sandkaker. uansett, først må ein olja forma(sjølv om det er teflon). du skal så pressa deigen til å passa nedi formene. eg laga butterdeigen sjølv etter ei oppskrift på internett(veldig enkelt!), men det går fint an å bruka sånne plater som finst i frysedisken.

brunch.
fyll oppi dei grønnsakene ein vil. det er godt med: paprika, raudlauk, gulrot, purre, ananas, litt mais, ja. og kanskje fetaost, det trur eg er fantastisk. spinat. alt ein vil ha heilt enkelt, men ikkje typ tomat for det blir så mykje væske at butterdeigen blir ødelagt.

brunch.
visp(til ni muffins) fire egg med ein splæsj fløyte eller creme fraiche og ein splæsj mjølk pluss salt og peppar, og visp med ein fin visp.

brunch.
fyll oppi nesten til toppen.

brunch.
og litt ost på det.

brunch.
så steikar ein dei midt i ovnen på 225 grader til dei ser sånn ut. bruk ein smørkniv til å løsna butterdeigen fra forma etter den har fått kjølt av seg litt.

brunch.
om ein et dei til middag er dei nok veldig gode med litt salat til, til dømes. bon apetit!

har de ete noko nytt og spennande i det siste?


today my best friend and her boyfriend came for brunch and i made these muffins. so. good. email me for the recipe!

Share:

16 Comments

  1. 00:00, 08 Aug 2010 / 00:00

    om eg har ete noko fint, svaret på det er ja, sjølv om eg et nærast det same kvar ein dag desse dagane, fordi ein finn dei finaste påleggskombinasjonane, og dei finns det ikkje få av. men kva med balsamicobrød med skiver av hardkokt egg, soltørka tomat og chevre? eller magiskiva med kremost, honning og tynne skiver av banan? eller kanskje surdeigsbrød med eggerøre, men det vert ikkje før på mandag.

  2. 00:02, 08 Aug 2010 / 00:02

    pannekakerøre + vaffeljern = pafler!

  3. Ane
    00:32, 08 Aug 2010 / 00:32

    Det høres veldig godt ut, jeg skal absolutt prøve ut denne oppskrifta en dag snart! :)

  4. 00:37, 08 Aug 2010 / 00:37

    ååh, nå blei eg solten!

  5. 01:03, 08 Aug 2010 / 01:03

    Så godt ut! Kanskje jeg prøver det en dag :p

  6. Adelaide
    01:38, 08 Aug 2010 / 01:38

    nammnammmm…. det såg herleg ut. skal prøve denne oppskrifta.har sakna oppskrifter:)

  7. Mari
    03:08, 08 Aug 2010 / 03:08

    NAM!

  8. 11:11, 08 Aug 2010 / 11:11

    Den skal testes!

  9. lisabet
    13:42, 08 Aug 2010 / 13:42

    hmm… det så fantastisk godt ut! Du må jo lage en kokebok :)

  10. 14:14, 11 Aug 2010 / 14:14

    Det ser jo bare helt fantastisk godt ut!

  11. 23:08, 14 Aug 2010 / 23:08

    vad nomnomnom!

  12. 15:45, 16 Sep 2014 / 15:45

    Hei!

    Bloggen din har fanget vår oppmerksomhet på grunn av kvaliteten av oppskriftene. Vi ville bli glade hvis du ønsker å bli med i Alleoppskrifter.no, slik at vi kunne koble til den.

    Alleoppskrifter er en søkemotor som samler de beste norske matlaging nettsteder og blogger fra Internett.

    Flere hundre blogger er allerede registrert her og dra nytte av den trafikken vi sender til sine blogger og nettsteder.

    For å bli med Alleoppskrifter, bare gå til http://www.alleoppskrifter.no/ga-med-i-matbloggtoppen

    Legg vår Widget og bloggen din vil bli vist på vår topp liste!

    Ha en fin dag!

    Vennlig hilsen,
    Elin
    Alleoppskrifter.no

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *