


bileta er linka
etter flytogdrama, sovefly, venteflyplass og soveleigebil er me framme for mange timar sidan. me bur i ei landsbygd i ungarn, rett ved balaton, og det er så fuktig her at ein nesten ikkje får pusta(og min garderobe passar ikkje heilt inn foråseidetsånn). eg sit på baderomsgolvet for det er den einaste plassen med tilgang til internett, han der fine er naken og spelar på nyinnkjøpt xylofon og ein slags maracas. me drikk heineken av store flasker og et stracciatella-yoghurt og enda har me berre vore her ein halv dag. me har balkong der ein kan sitta for å kjøla seg ned på flisene eller sjå på hundane som skrik til kvarandre, og om ein strekker litt på hælen kan ein sjå balaton langt der nede. kanskje tar me toget til budapest, kanskje syklar me til keszthely for å gå på museum og vera aleinekjærestar. kanskje skriv me ei heil bok på to veker, kanskje gjer me absolutt ingenting. eg skal i alle fall teikna gamle menn i moleskinebøker og oppdatera fra baderomsgolvet. håpar de har det fint heime og at det blir kaldare til me kjem heim. suss!
today we took a plane to budapest and drove to a little town by the balaton lake. we’re staying here for two weeks and we might do a lot of things or maybe we’ll do absolutely nothing but i’m sure it will be perfect nonetheless.
Ha ein flott tur! Må vera spanande :)
Kos dåkke!
åhh! eg elskar å feriere! eg et ostekake og is og spel data. det er fint det, og.
å så gøy, kos dere!
lovely ^^
♥ fin.
Koseleg :)
Så spennende :) Må dere kose dere masse ^^
Høres fantastisk fint ut. :)
Så koslig! :D Dere må kose dere kjempemasse! :D
du skriv det så fint at eg nesten kjenner meg som ei floge på veggen din.
Høres fantastisk ut! :) Tusen takk for magasinet jeg fikk i posten denne uka, nå skal jeg til Oslo og bruke kartet ditt:) God ferie!
Håper dere får en fin tur!
I’m a bit jealous that I’m half Hungarian, and my father was born in Budapest, but I haven’t been there yet! Have a wonderful ten days, I can’t wait to see the photos x
eg blir nesten forelska i dykk begge. De er slik eg ynskjer at eit forhold skal være. Det er difor eg framleis trur- og har flytta i lag med min fine mann. Takk for at de får meg til å tru på kjærleik. Takk!
(:
Ååh, som eg elskar Ungarn og Balaton! Kos dykk!