spørsmålsrunda med han der fine, del ein.

når møttes du og mariell?
me treftest på msn tidleg på hausten 2004. de kan lesa heile historia her.beste minne?
for meg er ikkje dei beste stundene med mariell når me er i paris eller på hotell eller på restaurant. det er pustehola våre, berre. for meg er kvardagen det aller kjæraste og det er den eg alltid stundar att til, anten eg er heime i lærdal i juleferiane eller i palestina på oppdrag. seinast i går kveld spela me spontan spaghetti-mikado på golvet. den ubetinga gleda over kvardagen kjende eg ikkje før eg trefte mariell – no kunne eg aldri tenkt meg livet utan den.

hva synes du om at din kjære drar til paris uten deg?
vel, eg gler meg ikkje. men etter fem år med meg treng ho å veta at ho greier seg åleine, og det forstår eg. det er òg viktig. eg trur dei månadene blir minst like viktige for meg fordi eg må læra meg å vera åleine. eg har brukt det meste av mi ledige tid dei siste fem åra på å tenkje på/vera forelska i/vera saman med mariell og det kjem til å bli veldig tomt i det runde silokammeret utan ho.

synes du det er viktig at dere begge to er kreative og at den ene ikke lever et a4 liv med åtte til fire jobb? eller hadde dere hatt det like flott sammen om mariell f.eks var revisor?
det er heilt naudsynt. ho forstår meg og byggjer meg opp som ingen andre kan, og som ho ikkje hadde kunna viss ho ikkje hadde tenkt på same måten som meg. me har vore ihop sidan me var 14, så me har blitt vaksne saman, støypt i kvarandre sine former. dette gjeld òg for kunsten, me påverkar kvarandre endelaust. utan den impulsen ville eg vore ein langt fattigare kunstnar.

når du spiller og komponerer, hvilken sjanger er det du er innenfor da?
godt spørsmål! akkurat no er eg inne i ein periode der eg byggjer opp mykje teknisk kompetanse, spesielt på musikkteknologi, noko musikken min ber preg av. eg kjem nok til å ende opp ein stad mellom elektronika og ein slags jazz, trur eg, men samstundes kan eg godt laga rock, viss den sjansen byr seg. sting og radiohead var dei største i oppveksten min, og slikt har eg jo alltid med meg.

akkurat nå kan du reise til hvilket som helst sted på hele jordkloden. hvor går turen?
london. eg vil ikkje forsvara det, kroppen min er dregen mot byen og eg går og ventar på å få koma dit.

du kan forandre verden på 3 måter. hva?
det trur eg faktisk at eg kan. eg vil bidra til at folk skal setja pris på det vakre i tilveret, verdsetja kunnskap og empati og presse seg sjølv til det ytste.

liker du dyr?
sjølvsagt! alt frå dei små hundane på frogner til sauane på fjellet! (men av desse to likar eg sauane best)

hva er det beste med sommeren?
å sitja ute og høyre på daft punk eller beach boys og berre ha det fint med fine folk.

hva vil du gjøre når du kommer å besøker mariell i paris?
fyrst vil eg ikkje gå nokon stad og ikkje gjera nokon ting anna enn å liggje med nakken min kring nakken hennar. så vil eg kanskje ta ho med opp på montmartre (viss ho ikkje bur der allereie) og kanskje sitja litt i sacre coeur og kanskje ein restaurant eller crêpes på ein benk.

hvem er du?
det har eg lurt mykje på, driv og finn det ut.

hva har du gjort?
elska, tenkt og prøvd å bli klok.

hva vil du?
sjå attende og finne at det står att noko etter meg.

hva skal du?
det same som det eg vil. viss ikkje er det liten vits å ville det.

hva skal du ikke?
bli vant til å leggje meg åleine.

hva skulle du ønske du hadde gjort?
blitt pressa til å arbeide hardare dei fyrste ti åra av skulegangen min. eg kasta vekk så mykje tid som eg kunne brukt til å få ny kunnskap.

hva skulle du ønske du kunne gjøre?
bety noko for fleire enn eg kan telja.

når, hvor, og hva var det som fikk deg til å få øynene opp for mariell?
eg var 14 år og hadde bestemt meg for at sidan kjærleik berre gjorde at folk vart såra og at eg ikkje fekk tid til å øve så mykje som eg burde, skulle eg ikkje bli forelska på ei god stund. ein dag berre oppdaga eg at eg var kjempeforelska utan å veta kvifor, berre at det sat veldig, veldig djupt.

vel ein song du ville at skulle blitt spela i bryllaupet ditt.
tom waits – martha

vel ein song du ville at skulle blitt spela i begravinga di.
det viktigaste er at dei syng fager kveldsol smiler ved gravi. viss eg døyr før han, vil eg at arve henriksen skal spela «sorrow and its opposite».

du har eit polaroidkamera, med berre eit bilete att, det siste bilete du nokon sinne kan ta. kva tek du bilete av? kvar tek du bilete, og kvifor vel du akkurat det motivet?
oftast når eg tek bilete er det av mariell. eg ser ingen grunn til at ikkje dette skulle vera ho, ho representerer det trygge, det heimlege, det skapande og det vakre i livet mitt.

har du nokre draumar eller mareritt du hadde då du var liten, som du framleis hugsar? isåfall – kva handlar den/dei om? eg hugsar at eg var i ein krig mellom tyskland og frankrike i stavanger og eg var kjempeforelska i ei fransk jente, så eg redda ho og heile slekti hennar og la dei i ein haug. men dei overlevde altså, lovar.

fortell en hemmelighet!
eg elskar å spela sjakk, men er ikkje tålmodig nok til å bli ordentleg flink. (også har han knivfobi fullstendig. helsing mariell)

hva ville du savna mest om ho plutselig en dag var borte?
eg ville sakna dagleglivet vårt mest. eg ville sett ho overalt, og om eg flytta, ville eg sett ho i tinga våre og om eg kasta alle tinga mine, ville eg sett ho i hendene mine og håret mitt og i armkroken min om natti. (<3. helsing mariell)

hva er de tre fineste tingene med din personlighet?
eg trur eg er tålmodig og intelligent. og så seier mariell at eg er kompleks, kva ho no meiner med det.

kan du nevne tre ting du liker med oslo?
mangfaldet, trikkane, dei gamle fasadane.

hva vil du bli når du blir stor?
noko som kan lyfte både meg og andre.

panda eller bamse?
panda (eit av favorittkosedyra mine som liten var panda som budde i ei liti pappeske med rosa kreppapir).

saltvann eller ferskvann?
ferskvatn (eg er fjellmann).

liker du norge? hvorfor (ikke)? kunne du tenkt deg å flytte utenlands? hvor?
eg elskar noreg, men ein må vera klar over kva avgrensingar som er her. eg vil ut, og skal ut, men det betyr ikkje at eg ikkje er glad i landet mitt.

liker du føttene dine?
eg har knea til mor mi, mamma og pappa kranglar om det er eit gode eller eit handikap.

har du tenkt på å bidra med tekst i det neste magasinet? (du skriver så fint synes jeg)
ja, eg har fått krangla meg til det.

liker du byduer? hvorfor (ikke)?
dei er ganske trivelege, eigentleg.

drikker du nok vann?
nei, berre spør mariell.

hvilken trikkelinje liker du best?
12, eg tykkjer det er så fint på frogner, sjølv om det er overklassestrøk og alt det der.

har du lest “his dark materials” av philip pullman?
nei, har altfor mange bøker eg skulle ha lese.

er du noe flink til å synge?
ja, eg er (var) ganske bra på klassisk song, baryton-bass, men her i byen syng eg ikkje noko klassisk.

hva ville du gjort dersom du ble statsminister for en uke?
hadde det vore denne veka hadde eg halde ein pressekonferanse der eg sa: «å ikkje velja side i ei konflikt, er òg å velja side. det vestlege samfunnet har sidan 1948 gjennom si passive rolle til israel sin ekspansjonspolitikk valt den israelske sida. i dag er dagen for å velja side på nytt. i dag skal noreg – som fyrste vestlege land – velja den palestinske sida. me kallar med dette heim vår ambassadør til Israel og me arbeider med å avslutte alle handelssamband med israelske verksemder. for ein stat som angrip sivile hjelpesendingar – og det til og med i internasjonalt farvatn – dét er ikkje ein stat me fører dialog med. dét er ikkje ein stat me handlar med. dét er ein stat som berre skjønnar maktspråk, og maktspråk skal dei få. frå og med i dag er det norske diplomatiske sambandet med israel over!».


neste del kjem så snart han får summa seg litt(han er forresten inni eksamensskya, så de kan godt få sei lykke til og sånt).


my boyfriend answering readers’ questions.

 

Follow:
Share:

38 Comments

  1. 23:05, 31 May 2010 / 23:05

    Herlige svar! Jeg så dere forresten på Israel-demonstrasjonen i dag, så siste svaret der skjønner jeg godt og er helt enig i.

  2. 23:32, 31 May 2010 / 23:32

    oi så masse spørsmål dere fikk, er sikker på at dere lærte enda litt mer om hverandre nå:) ha en fin uke!

  3. 23:42, 31 May 2010 / 23:42

    Utrolig vakkert å lese hans ord om deg, mariell. Gud, du må være heldig! Fine spørsmål – og ikke minst; fantastiske svar.

  4. Esmeralda
    23:43, 31 May 2010 / 23:43

    Det var utrolig koselig å lese svarene dine! Gleder meg til neste del :) Er selv midt oppi siste eksamen, og sender masse sympati og lykkeønsker.

  5. Ingrid
    00:02, 01 Jun 2010 / 00:02

    Brekk et ben og skyt en fisk, Jostein! (Slikt man sier i teateret.) Og det er på tide at Norge boikotter Israel – det er i det minste et sted å starte.

  6. stine friis
    00:12, 01 Jun 2010 / 00:12

    Lykke til! Jeg har troen på at du en dag vil forandre verden :)

  7. 00:19, 01 Jun 2010 / 00:19

    mariell er veldig heldig, og dere er så fine sammen.

  8. Ane
    00:23, 01 Jun 2010 / 00:23

    Takk for at du tok deg tid til å svare på spørsmål.

  9. Anna
    00:39, 01 Jun 2010 / 00:39

    Jeg har lest Mariells blogg lenge, og like lenge har jeg lurt på om jeg liker deg (Jostein). Kanskje er det fordi jeg er så glad i Mariell, og Mariell er så glad i deg, men jeg har ikke visst hvem du var og det har gnagd litt i hjernebarken fordi jeg så gjerne ville vite. Men nå kjenner jeg deg, og nå liker jeg deg.

  10. 01:21, 01 Jun 2010 / 01:21

    lykke til med eksamen!

  11. Camilla
    01:43, 01 Jun 2010 / 01:43

    Jeg ble litt rørt jeg :)

  12. 06:48, 01 Jun 2010 / 06:48

    Lykke til, han der fine.

  13. Ane
    07:33, 01 Jun 2010 / 07:33

    He, så fint! For ein fin fyr og for eit fint par!

  14. Synnøve
    08:44, 01 Jun 2010 / 08:44

    Jeg har noe på hjertet som jeg bare må få ut, selv om jeg ikke helt vet hvordan jeg skal si det eller helt hva jeg vil si, men jeg prøver:

  15. 08:52, 01 Jun 2010 / 08:52

    Nydelige svar. Gleder meg til å lese resten :)

  16. Åsne
    08:57, 01 Jun 2010 / 08:57

    Bra presseuttale om bordinga av Gaza-båten. Om berre regjeringa vår kunne få seg til å seie noko liknande!

  17. Helene
    09:33, 01 Jun 2010 / 09:33

    Fantastisk! Takk for et vakkert magasin forresten, Mariell :) gleder meg allerede til neste nummer! Jeg greide ikke å legge det fra meg når jeg først hadde åpnet det, og leste side opp og side ned til jeg var ferdig. Den varme følelsen i hjertet sitter igjen enda! Hjartesmil, rett og slett. Takk :)

  18. inger
    09:39, 01 Jun 2010 / 09:39

    Tusen takk for fine svar! Stiller du som statsminister i fremtiden får du stemmen min :)

  19. 10:05, 01 Jun 2010 / 10:05

    Ååå, eg skulle ynskje du var statsminister denne veka!

  20. 10:18, 01 Jun 2010 / 10:18

    Synnøve: tusen takk for dei fine orda, dei varma langt inn i magen. <3

  21. 10:22, 01 Jun 2010 / 10:22

    fine svar! jeg ville stemt på deg som statsminister! og lykke til på eksamen :)

  22. KA
    11:34, 01 Jun 2010 / 11:34

    Etter 3/5 år i avstandsforhold, avsluttes om en måned(jippi!) har jeg et eneste råd, og det er at bestem dere for at det går å være lenge borte fra hverandre. Avstandsforhold flopper i det store og det hele, men min erfaring fra de som jeg har sett flopper er at de vil det ikke nok. Rett og slett. Dere klarer det om dere vil, uten tvil!

  23. 13:41, 01 Jun 2010 / 13:41

    Hei Jostein, du høres koselig ut, du også. (:

  24. Marte
    13:56, 01 Jun 2010 / 13:56

    Jeg bare elsker bloggen din mariell! Den er så fin og inspirerende! Du og han fine virker som noen.. fine (hehe) mennesker!

  25. Anna
    14:29, 01 Jun 2010 / 14:29

    Kva med eit aldri så lite statskupp, Jostein? Syns det har vore reint for lite av sånt den siste tida.

  26. Ingvild
    14:34, 01 Jun 2010 / 14:34

    Lykke til på eksamen. Hadde også gitt min stemme til deg, og jeg må si meg enig i at du er både intelligent og flott :)

  27. 16:40, 01 Jun 2010 / 16:40

    Åh, så fint! Jeg tror jeg er avstandsforelska i forholdet deres<3

  28. 17:17, 01 Jun 2010 / 17:17

    Nydelig! <3 Jeg tror jeg ville gitt alt for å ha det dere har :) Det virker så ærlig og fint og ekte.

  29. 18:24, 01 Jun 2010 / 18:24

    du er flink til å svare på spørsmål! masse lykke til på eksamen! :D

  30. Idaa
    19:05, 01 Jun 2010 / 19:05

    :)

  31. 19:41, 01 Jun 2010 / 19:41

    skulle gjerne hatt deg som statsminister, jostein! lykke til på eksamen!

  32. Lillevill
    19:53, 01 Jun 2010 / 19:53

    Fine svar^^ Masse, masse lykke til på eksamen!! :D

  33. heidi
    20:25, 01 Jun 2010 / 20:25

    åh, så fint.

  34. 21:37, 01 Jun 2010 / 21:37

    Kan ikke du få han der fine til å skrive litt om situasjonen i Palestina og Israel? Jeg føler at jeg ikke får med meg noe om jeg ikke har fulgt med fra starten av.

  35. Ingrid
    18:07, 05 Jun 2010 / 18:07

    Jeg tror dere må være det aller, aller fineste paret jeg vet om, men som jeg ikke kjenner! Selv om jeg føler littegrann at jeg gjør det likevel, og det er koselig å tenke på:)

  36. ingvild
    13:12, 10 Jun 2010 / 13:12

    “å ikkje velja side i ei konflikt, er òg å velja side.” det var veldig, veldig fint, syntes jeg

  37. Pingback: Q? – hjartesmil

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *