i dag lagar me middag.

dinner.
i dag lagar me pasta med creme fraiche og safran og sennep om du likar det. du treng: champignon, pasta, safran(om nokon lurer på kvifor me har så himla mykje safran er det fordi han der fine hadde med seg ein boks heim fra palestina), sjalottløk, ei gulrot, ein boks med lett creme fraiche, sennep og kanskje litt kjøtt. me brukte lam, men kylling går sikkert óg fint. eller heilt utan, det bestemmer du sjølv.

dinner.
først hakkar du opp grønnsakene og legger ca to klyper safran i eit par teskjeier med vatn. champignonsoppen skal vera delt i to på midten også i skiver som er like tjukke som to femmarar oppå kvarandre. sjalottløken likeså, og gulrota skrellast og rivast grovt med eit rivjern. alt oppi ei steikepanne i denne rekkefølga: (først steiker du kjøttet om du har kjøtt og tar den ut av panna), champignon skal steikast i litt margarin om du vil, me brukar alltid margarin for det smakar så himla mykje betre, pluss litt salt og grovmalt pepper. steik til den har blitt liksom glossy og mjuk. så sjalottløken. så gulrøttene. bland safranvatnet(med safran oppi) med creme fraichen, så har du oppi heile boksen med creme fraiche i panna og rører rundt og lar det stå på lav varme i eit minutt eller to.

dinner.
før du startar med å steika grønnsakene set du på vatn så pastaen er ferdig omrent samtidig. eg veit at det er mange som er redd for å koka pasta men det er superenkelt. du tar ein kjele, fyller den med ferskt vatn, kokar opp vatnet med salt og litt olje, kastar oppi så mykje pasta ein vil ha og ventar så mange minutt som det står på pakken. ikkje ha lokk på for da boblar det over panna, og ikkje ha på heilt full varme heller. så er det berre å plukka ut litt og litt og smaka for å sjå om det er ferdig. vips!

dinner.
så tømmer du vatnet av pastaen og tilbake i kjelen og finn fram ein sleikepott, helst ein med blomster om du har.

dinner.
alt fyllet oppi til pastaen + litt ekstra safran + grovmalt pepper + salt. om du likar sennep vil eg absolutt anbefale ei spiseskjei med dijon, men du må ikkje.

dinner.
server! supergodt. eg veit at de er redde for å svi ting og for å overkoka pastaen og for å starta brannar på kjøkenet, men berre prøv. om det ikkje går kan ein jo berre bestilla ein pizza.


for dinner today: pasta with lamb, creme fraiche, mushrooms, onions, saffron and dijon mustard. so. good.

Share:

18 Comments

  1. 14:59, 29 Apr 2010 / 14:59

    dette skal jeg ha til middag i dag! trenger litt trøst, for verden er skummel nå for tiden. pasta er fin trøst. takk <3

  2. 15:09, 29 Apr 2010 / 15:09

    NAM!! Det så utrolig godt ut, samtidig som bildene var kjempefine :-D Like.

  3. 15:30, 29 Apr 2010 / 15:30

    høres super godt ut! kos deg :)

  4. 15:33, 29 Apr 2010 / 15:33

    HVOR har du kjøpt den ekstremt søte slikkepotten? :o

  5. 15:53, 29 Apr 2010 / 15:53

    Nam, nam. Jeg vil også lage sånn god mat. :(

  6. 16:32, 29 Apr 2010 / 16:32

    Det så kjempegodt ut! :)

  7. 17:01, 29 Apr 2010 / 17:01

    gott!

  8. Julia
    18:30, 29 Apr 2010 / 18:30

    Jeg E.L.S.K.E.R bloggen din! Er innom hver dag, det skulle vært mange fler som deg! Hvorfor er ikke du på toppen av topplisten? ELSKER DEN, altså. Forsett slik! :-D

  9. 18:33, 29 Apr 2010 / 18:33

    ååå nam nam nam nam!

  10. 19:11, 29 Apr 2010 / 19:11

    Om du vil høre fin, svensk musikk, så må du sjekke ut Melissa Horn. Synes sangen Falla fritt er utrolig fin, men resten er også utrolig fine!

  11. adelaide
    19:58, 29 Apr 2010 / 19:58

    Jippi, endeleg ei matoppskrift, og dette høyrtes jo riktig så godt ut faktisk. Men blir det like godt utan safranen, eller er det den som liksom ”gjer retten” ?. Eg angrar som ein hund på at eg ikkje kjøpte med meg safran då eg var på krydderøya zanzibar i tanzania i fjor, der var det jo så billigt å kjøpe det.. #var vell litt engstelig for å bli stoppa i tollen med noko krydder, ein kan jo aldri vere heilt sikker….?). Ja til fleire oppskrifter med bilete, eg likar det! ;D

  12. 21:25, 29 Apr 2010 / 21:25

    adelaide: eg og han der fine snakka faktisk om det, om at det hadde vore fantastisk med utan safran også med dijonsennep og chorizo(pølse, ikkje spekekjøtt, liksom) saman!

  13. birgitte
    20:01, 30 Apr 2010 / 20:01

    Bloggen din er.. Åh. *elsk*

  14. Adelaide
    21:20, 30 Apr 2010 / 21:20

    Hei Mariell. Eg prøvde ut retten med ein litt annan vri, og det vart kjeeempegodt. aldri tenkt over å bruke creme fraice i pasta, men det skal eg iallfall gjere igjen. Eg kutta ut dei raspa gulerøttene og hadde i purre og rød paprika (fine fargar). Og istadenfor safran så hadde eg ein buljon terning blanda ut i ein liten kopp med vatn som eg blanda i creme fraiche’en. nammenamm!! det blei kjempedigg. Og istadenfor lam hadde eg kylling:) Supert. no er eg mett & go;)

  15. 19:46, 03 May 2010 / 19:46

    hadde det til middag idag jeg også, kjempegodt! Jeg kutta ut kjøttet jeg da fordi jeg er inne i en veggisfase og det funka fantastisk. I tillegg til det du hadde oppi hadde jeg også oppi avocado og cherrytomater nammenam! Folk burde virkelig ikke kutte ut dijon sennepen for det ble utrolig godt med det oppi!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *