ting som gjer meg glad.

fransk film. i går kveld såg eg og han der fine city of lost children, og den gjorde meg heilt varm i hjartet(og i natt sov eg heile natta for første gong sidan kanskje første klasse på vgs). og gaultier har laga kostyma og ho som spelar hovudrolla er så fantastisk nydeleg og så ulykkelig forelska og eg elskar flinke borneskuespelarar.


kval og actionfilm-bloggen. eg har lest den lenge lenge og skjønnar ikkje kvifor eg ikkje har delt den før, så no gjer eg det. dei skriv så nydeleg fint om kjærleik og om sommaren og om paris og om å vera festivalfull og får til og med meg til å setta meir pris på dei små tinga. eg likar den så godt at eg skreiv “hei, eg veit det er merkelig men vil du bli vennen min?” til heidi(ho som skriv nynorsk og fotograferar så fint). så no har eg sendt postkort til paris og allting.

sikre vårteikn: eg har stein i skoa og ikkje snø. eg får sakte men sikkert tilbake lysten på å fotografera. det er fleire og fleire som drikk øl på parkteateret(ute!) kvar dag. eg kyssar meir og vil ha folk meir rundt meg og har lyst på øl og kvitvin og myser mot sola når eg går på skulen om morgonen. <3


o hara sin tumblr-konto. tusenvis av bilder, og alle er linka til kildene sine. eg får kanskje tre nye favorittar på flickr kvar dag gjennom denne bloggen.

jim parsons. om de ikkje likar eller har sett big bang theory så er det så innmari trist for eg elskar det. sheldon cooper får meg til å le så høgt at eg må bøyga hovudet bakover, tenk det. og min nye celebrity crush er nettopp jim parsons(som spelar sheldon). eg går alltid for dei høge merkelige nerdetypane.

kva gjer deg glad?


things that make me happy, french movies, spring being here, o’hara’s blog, jim parsons from the big bang theory.

Share:

19 Comments

  1. 21:22, 15 Mar 2010 / 21:22

    ting som gjør meg i glad er:

  2. 22:05, 15 Mar 2010 / 22:05

    ååååh, jim parsons! <3

  3. 22:14, 15 Mar 2010 / 22:14

    oh. la cité des enfants perdus. den är nästan finast i hela världen den filmen.

  4. 22:27, 15 Mar 2010 / 22:27

    Ting som gjør meg glad:

  5. 22:29, 15 Mar 2010 / 22:29

    – gress

  6. 22:32, 15 Mar 2010 / 22:32

    Noko som gjer meg glad er at andre også likar Sheldon! Han er fantastisk, og eg òg ler meg ihjel av han. Eg tykkjer det er veldig bra at det ikkje berre er oss realfagsnerdane som likar Big Bang Theory. :)

  7. 23:00, 15 Mar 2010 / 23:00

    Sniktitte på interessante mennesker.

  8. 23:08, 15 Mar 2010 / 23:08

    åh så fint du.

  9. Hilde
    01:38, 16 Mar 2010 / 01:38

    Å se på en ugle som ruger ut egg gjør meg glad!

  10. idabølla
    07:45, 16 Mar 2010 / 07:45

    jeg blir glad av å lese bloggen din. jeg blir glad av å lese om kjærligheten mellom deg og han fine. jeg blir glad av at noen er såkalt “annerledes”. du og han fine er nok fine sammen, for du er ganske så fin du og :)

  11. 09:38, 16 Mar 2010 / 09:38

    Og jeg liker at du vil dele dine fine gleder med oss :) Aaah, bigbang theory! de er fantastiske og jeg ler meg skakk..

  12. 10:12, 16 Mar 2010 / 10:12

    det känns himla lustigt att se jim parsons prata & inte vara sheldon. mend u har rätt, han är helt underbar. så sött leende med!

  13. 10:22, 16 Mar 2010 / 10:22

    Ting som gjer meg glad er blå himmel og lukta av litt våt asfalt, kvitveisar, den første isen ein kan ete ute, sjå på the big bang theory, søte mennesker og å gå barføtt over graset før første gong om sommaren!

  14. Martine
    11:57, 16 Mar 2010 / 11:57

    heilt einig når det gjeld big bang theory og sheldon cooper! ELSKA han! ler meg i hel av dei karane der

  15. Camilla
    12:42, 16 Mar 2010 / 12:42

    Jeg eeelsker sheldon! :D:D

  16. Camilla
    16:38, 16 Mar 2010 / 16:38

    Haha, dette er så rart. Jeg har ikke vært på bloggen din på et par dager, og nå tenkte jeg at jeg skulle gi deg link til denne her:

  17. 18:40, 17 Mar 2010 / 18:40

    Åh, Parkteateret er vakkert! <3

  18. 19:16, 25 Mar 2010 / 19:16

    Hihi, jeg har også en crush på Sheldon Cooper, han er så utrolig fascinerende og så himla søt.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *