tulipanfredag.

0602-577
i går våkna eg til at han der fine hadde kjøpt tulipanar til meg. han er det finaste eg veit, finare enn tulipanar. da tenkte eg at det var fint å laga ekstra fin kveldsmat, og det skal de óg få gjera.
0602-570
eg laga kjøttbollar(om du bur i oslo har eg eit stort fint tips: kjøttbasaren i kjellaren på gunerius på brugata. der kjøpte eg lammekjøttdeig, trehundre gram for atten kroner. billig og veldig bra. også har dei karbonadedeig til samme pris). du treng kjøttdeig(alle typar funkar bra, men eg likar best lam), eitt egg, kvitlauk, ein halv middels lauk, kesam og litt mjøl.
0602-571
finhakk lauken(eg brukte berre ein halv men eg skulle ønska eg brukte ein heil) og press to fedd med kvitlauk oppi til kjøttet. ei spiseskjei kesam, salt, pepper, egget oppi også brukte eg litt pesto(ei halv teskjei). ein kan setta til andre smakar om ein vil det óg. så kjem det eit anna supertips: om ein brukar vatn i hendene mellom annakvar kjøttbolle blir dei glatte og fine og runde uten at du får kjøtt mellom fingrane.
0602-572
så fine blir dei da. så må ein steika dei på lav varme(til og med mindre enn middels varme) i litt olje og ein må konstant passa på at dei ikkje blir svidd, så det er viktig å snu dei ofte. mine vart perfekte, altså. (ps: det er eit lite fat på biletet, i tilfelle de blir forvirra av proporsjonar)
0602-575
til desse bollane kan ein ha kva som helst. verkeleg kva som helst. dei er supre med tagliatelle eller pappardelle eller spaghetti og tomatsaus heilt enkelt, men me ville ha det litt meir orientalsk(han der fine saknar palestina så innmari, så det skal han få). eg kokte couscous og han tok over kjøkkenet for å laga salat og saus.
0602-576
i mellomtida dekte eg bordet. eg blir så innmari glad av tulipanane mine at eg ikkje orkar å snakka om det eingang.
0602-578
sånn såg det ut til slutt! med litt yoghurt naturell i ei lita skål. sausen smakte deilig kardemomme og salaten er heilt enkelt agurk og tomat.
0602-580
han der fine planlegg korleis han skal laga tallerkenen sin.
0602-579
medan eg meir kastar det på.
0602-581
og eg var ganske glad og mett etterpå.
0602-582
til dessert laga me noko heilt nytt, fordi det har komt vanlig skyr i putikkane no. så skyr+syltetøy=suksess. veldig enkelt og veldig godt. me såg på gullfisken og taking lives og kosa i sofaen til me vart lilla.

hadde de fine fredagskveldar? i dag er ein kjiplaurdag så langt, for fotograferinga eg skulle ha vart avlyst(god bedring, ingrid!) og no veit eg ikkje heilt kva eg skal gjera. men klokka er jo berre tolv. eg får gå ut på eventyr.


my recipe for meatballs, email me if you want the recipe!

Follow:
Share:

21 Comments

  1. 12:12, 06 Feb 2010 / 12:12

    Åh, så fine tulipaner!For en snill kjæreste du har :) Fredagen min var lang og til tider slitsom, men veldig fin. Lørdagen er fortsatt ung, fortsatt mange fine muligheter :)

  2. 12:15, 06 Feb 2010 / 12:15

    Lykke til på eventyr! Eg har rosa tulipanar i dag, og er nesten like glad for dei som du er for dine. Fredagen var fin, med vennebesøk, taco i skåler og mørk sjokolade med sitron og ingefær. Genial, den sjokoladen! I dag må eg bake ei kake, det er alt eg veit.

  3. 13:12, 06 Feb 2010 / 13:12

    Mmmm, dere er heldige

  4. 13:32, 06 Feb 2010 / 13:32

    Du er den søtaste eg veit om.

  5. 13:43, 06 Feb 2010 / 13:43

    Alt av kjøttboller og kjøttkaker smaker bedre (og er sunnere) om man bytter ut melet med havregryn. Mye mer fiber, og mye bedre smak. Det lærte jeg av mormor da jeg var liten, og bruker det masse enda. :)

  6. 14:28, 06 Feb 2010 / 14:28

    fiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiine mennesker.

  7. Lina
    14:54, 06 Feb 2010 / 14:54

    Hva med en quiche oppskrift? :)

  8. 15:15, 06 Feb 2010 / 15:15

    å namm, det så utrolig godt ut!

  9. benedicte
    15:51, 06 Feb 2010 / 15:51

    no blei eg svolten.

  10. Olivia B.
    22:16, 06 Feb 2010 / 22:16

    Aldeles nydelig! (bortsett fra den fæle duken da, det må du bare gjøre noe med, kjære deg, det er ikke deg i det hele tatt!) Er så glad i deg, enda jeg ikke kjenner deg. Du har en selsom fin blogg!

  11. 00:10, 07 Feb 2010 / 00:10

    då naboen endelig kom heim frå jobb var han kjempesliten, vi berre snakka litt før vi sovna nesten med ein gong. Lørdagskvelden derimot, den var kjempefin, med kino og pizza ute :)

  12. 00:30, 07 Feb 2010 / 00:30

    hihi åh mysigt.

  13. 12:45, 07 Feb 2010 / 12:45

    Olivia B.: duken har eg kjøpt sjølv og eg elskar den. teit.

  14. Heidi
    19:23, 07 Feb 2010 / 19:23

    Er det mulig å ha slik en trivelig blogg? :) Blir så glad inni meg hver gang jeg titter innom siden din!

  15. Ingrid
    17:46, 08 Feb 2010 / 17:46

    tusen takk, mariell <3

  16. Sol
    10:33, 11 Feb 2010 / 10:33

    Han der fine e ganske fin=)

  17. Mags
    23:50, 09 Aug 2010 / 23:50

    Denne bloggen er så fin at jeg vil GRINE! Og jeg som ikke har pleid å like sånn litt rosa, idylliske blogger, jeg elsker din.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *