om lussekattar og bestefar

nittifire. feirar luciadagen med brennande lys i begge hender og sur på ho som fekk krone fremst i toget, teiknar ho som eit troll inni hovudet. et lussekattar til eg får vondt i magen og vil ikkje ha middag. totusenogto. tykkjer lucia berre er teit, vil bruka lysa til å brenna ned heile skulen og samtlige klassekameratar. men lussekattar, da. totusenogåtte. min bestefar slepp taket i verda etter dagar og netter på sjukehus og forsvinn inn i det eg berre kan håpa ikkje er eit stort ingenting. ingen luciadag. trettende desember har blitt ein ikkje-dato.kva skjer med desse jubilea, desse datoane du knyter opp mot sånt som berre er vondt, datoar du berre vil svartna ut i kalendaren og gløyma at eksisterar? dagar ein berre vil gøyma seg under senga og håpa at ingen leitar, før klokka har slått tolv og ein kan krypa ut igjen. kva gjer ein når ein blir eldre og det plutseleg blir så mange sånne dagar? klarar ein seg? plukkar ein seg sjølv opp igjen frå golvet og gir seg sjølv litt kake og nytt undertøy? eg gruar meg til trettande desember, men samtidig veit eg jo at dagen endrar ingenting. bestefar blir ikkje mindre eller meir tilstade om det er akkurat eit år sidan han forsvann, så kvifor er dei så store og vonde? kanskje eg håpar at nokon svarar, kanskje nokon har ei bra løysing på problemet mitt, har de det? eller kanskje trettande desember blir fin i år. kanskje eg bakar lussekattar med ekstra safran med folk eg er glad i og hugsar berre bestefar som ler og ler i det uendelige, smiler og ler av sin vakre sterke familie som klarar seg heilt fint, sjølv om det er det vanskeligaste i verda. å gå vidare. å innsjå at ein har elska og tapt og å leva likevel. han hadde villa det, han.

 

Share:

32 Comments

  1. Kaja
    16:30, 19 Nov 2009 / 16:30

    På sånne dager skal en gjøre det en selv tror er riktig for seg. Ingen andre skal bestemme hva en burde gjøre og hva som er riktig og hva som hjelper. Det vet en best selv. Jeg tror ikke det finnes noen oppskrift på hvordan en skal komme seg igjennom slike dager. Men jeg tror på å tillate seg selv å ha det vondt, stoppe opp, og å kanskje få en god klem av noen som bryr seg.

  2. 16:39, 19 Nov 2009 / 16:39

    Fikk tårer i øynene, jeg. Jeg sliter med savn for tida selv, men har ikke mistet noen fra livet på den måten. Jeg kan derfor ikke si jeg forstår hvordan det er, bare nesten. Jeg håper det går bra. Jeg synes du svarte på ditt eget spørsmål på slutten. Det var fint. :)

  3. 17:12, 19 Nov 2009 / 17:12

    Så utruleg fint skrive! Eg veit korleis du har det. Det verste som fins er å sakne nokon som aldri kjem tilbake. Hadde det berre ikkje vore sånn … Så eg har dessverre ikkje løysing på problemet ditt!

  4. 17:16, 19 Nov 2009 / 17:16

    Eg trur bestefaren din ville du skulle hugse han med glede og leve livet ditt, også på dagen han døydde. Det betyr jo ikkje at du saknar han mindre, gjer det vel? :)

  5. 17:26, 19 Nov 2009 / 17:26

    Du skriver så nydelig, og jeg skjønner godt hva du mener. Bestemoren min døde på bursdagen min for et par år siden..

  6. 17:35, 19 Nov 2009 / 17:35

    Mormor døde på luciadagen i fjor også. Likevell tenkjer eg fortsatt på dagen på same måte som før. Det er nok fordi eg veit at ho har det betre i himmelen no, enn det ho hadde dei siste åra på jorda. Eg gledar meg allereie til å møte ho igjen i himmelen. Eg har så mykje å spørja om..

  7. 17:38, 19 Nov 2009 / 17:38

    Etterhvert som man blir eldre får man også flere fine dager og feire. Og når merkedagen for noe vondt kommer skal du tenne et lys og tenke over hva du har lært av å gå gjennom slike dager, av å overleve de og vite at du kan mestre flere motganger som vil komme, fordi de alltid fører med seg en kontras av salighet og glede når de er overstått og beseiret. Og så kan du jo alltids spise makroner eller kjøpe deg en ny sløyfe eller fotografere øyeblikket som beskriver akkurat hvordan du har det:)

  8. 18:34, 19 Nov 2009 / 18:34

    Du kan bruke trettende desember til å feire. Til å feire at bestefaren din er der han er (jeg er religiøs og det vet jeg at du ikke er, men du har vel sikkert også et livssyn) og at han var veldig fin når har var blandt dere. Dere kan spise lussekatter og snakke om bestefaren og le og gråte litt kanskje. Lucia handler jo om å feire sagnet om Sankta Lucia, som ble drept, altså å hedre de døde.

  9. 19:02, 19 Nov 2009 / 19:02

    wow, når du skriver sånne innlegg merker jeg at jeg blir borte i det du skriver og stenger resten av verden ute. du er flink.

  10. 19:26, 19 Nov 2009 / 19:26

    klump i halsen…

  11. 19:27, 19 Nov 2009 / 19:27

    merket akkurat at jeg skrev luciaboller. Hm. Det heter jo lussekatter!

  12. Vera
    19:28, 19 Nov 2009 / 19:28

    eg synest du skal bruke ei månadsløn på safran, og berre tenkje at det var verd det.

  13. 19:33, 19 Nov 2009 / 19:33

    Vera: han der fine hadde med seg eit heilt lass frå palestina, så eg trur me klarar oss. men takk, likevel. suss <3

  14. 20:22, 19 Nov 2009 / 20:22

    på årsdagen til min bestefars bortgang, satte eg med ned og skreiv eit langt brev til han om alt som hadde skjedd sidan sist, og alt eg drøymte om, og alt eg gleda meg til, og alt eg kvidde meg til. Det hjalp, faktisk. For da kunne eg tenke at eg fekk være skikkeleg trist akkurat da, sortere tankane mine, få dei ut av hovudet og forsette min mormale dagsrytme.

  15. støv.
    21:02, 19 Nov 2009 / 21:02

    bestefar min døydde også trettande desember. i 2007, men likevel. eller, han heitte farfar, ikkje bestefar. men likevel. synest ikkje det er nokon god dato, og får vondt i magen berre en tenkjer på kjensla då han forsvann frå oss. eg savner han framleis, i likskap med dei andre besteforeldra mine, men eg får ikkje like vondt inni meg lengre. sjølv om eg ikkje er religiøs, trur eg dei har det godt no. og det er fint å tenkje på :)

  16. 21:05, 19 Nov 2009 / 21:05

    skriv et brev slik nattevake gjorde, lag lussekatter og vær sammen med gode venner. tenk på bestefaren og gråt litt om det trengs.

  17. 22:36, 19 Nov 2009 / 22:36

    Eg tykkjer du skal lage lussekattar som ein B. For Bestefar. Også skal su ha ein fin dag.

  18. 23:12, 19 Nov 2009 / 23:12

    Dei bleiknar, desse dagane. Dei går over i dagar for ettertanke, når eg tenker på at bestefaren min sat i bilen og song O store Gud når vi køyrde gjennom skogen på veg til påskeferie den siste påska han levde. Som syntest at innvandrarar var styggedom, bortsett frå Singh som driv butikken i burettslaget vårt, for han er jo ein arbeidskar. Som lokka sonen min med på ei samansverjing mot dotter si (mi mor) slik at den vesle sytte for å smugle kaffisukker til den gamle som dottera hadde nekta han fordi då åt han færre brødskiver. Og så les eg dette innimellom:

  19. 23:18, 19 Nov 2009 / 23:18

    Man klarer seg, men dagene blir ikke slik som alle andre likevel. Det går bra til slutt. Tenk på årene dere hadde i stedet for årene dere mistet.

  20. 23:20, 19 Nov 2009 / 23:20

    uff, ikke morsomt med sånne dager! mormoren min gikk bort første skoledag da jeg skulle starte i tiende. husker uttrykket til mamma da hun vekte meg den morgenen, hun trengte ikke si noe. etter det har jeg alltid forbundet første skoledag med mormors død.

  21. 23:35, 19 Nov 2009 / 23:35

    Veldig fint innlegg, frøken. Bestemoren min døde også på luciadagen.

  22. Pappa
    00:08, 20 Nov 2009 / 00:08

    Me må bruka dagen til å minnast besten slik han var,og ta vare på dei gode minnene me har om han.Korleis han og besta hadde det i lag, og korleis dei tok seg av familien.Familien var jo det viktigaste for besten.Og då spesielt å få nyheiter om barnebarna sine.Han var alltid glad for å høyra om korleis det gjekk med deg på Sandane, og han hadde vore lika stolt som eg er over at du har flytta til hovudstaden.Og ikkje minst av hjartesmil.Gratulera so mykje med Den Gyldne Q. 13 Desember kan hjelpa oss til å tenka gode tankar om besten.Kvar gang du ser eit Luciatog eller ein lussekatt, send besten ein tanke.

  23. Mamma
    00:24, 20 Nov 2009 / 00:24

    Me kjem oss alle gjennom 13. desember, og dett du på golvet så er det alltid nokon der til å plukka deg opp att…eller du er her og kan plukke andre opp att. Det er er ikkje så farleg å ramle litt saman av og til…ein skal det….sorg kan vere stort og vanskeleg, men om ein tenkjer seg om så hadde livet vore fattigare utan sorg, tenk om me berre forsvant sporlaust..ingen som sakna oss fordi me er vekke eller enda verre: ingen som gleda seg over at me har vore her…det hadde verkeleg vore ei stor tragedie…så tenk på det Miamor…det me skal, trist eller ikkje, er like mykje å glede oss over det som har vore som å sørga over det som er tapt:) LØV

  24. 09:58, 20 Nov 2009 / 09:58

    Innlegget over er fra Verostar ikkje hjartesmil—-ligger sikkert automatisk inne sia du var her sist Mariposa:-)

  25. 11:00, 20 Nov 2009 / 11:00

    Det blir lettere etterhvert. Jeg trodde julen min for alltid kom til å være ødelagt når kameraten min tok livet av seg rett før, men det går seg til. Det er så klart trist, og du vil alltid være klar over det, men det blir litt godt likevel. Fryktelig vanskelig å forklare, tror jeg.

  26. 20:15, 20 Nov 2009 / 20:15

    21. september var fæl for meg, for da fikk jeg vite at jeg ikke betød noe for en som betød alt for meg.

  27. Ingri
    15:06, 22 Nov 2009 / 15:06

    eg tykkjer du skal gjere nokre få av alle dei tingane som minnar om bestefaren din (for eg er temmeleg sikker på at det er mange!) til dømes kan du bake lussekattar, pynta deg i kvitt, ha levande lys og kanskje tilogmed litt glitter. eg trur du vil ha det fint, for alt du gjer og skriv om verker så fint! Iallfall om du gjer alt dette ilag med han der fine, for eg trur han er god å ha når du kjem på at du saknar bestefaren din! Men vel og merke, er det ei stund til trettande desember, så du har god tid til å tenke på! Ein anna ting, som kanskje gjer det bedre, er at det er lov å drikke julebrus i desember. siden den er så god og sjelden (den er jo berre å få tak i rundt jul) ..men når eg tenkjer på det veit eg ikkje om julebrusen i olso er så god, om ikke dahls sin finnes der? for det er den som dug, tykkjer eg. Sett bort ifra at eg har skreve veldig langt til deg så vil eg også si at du skriver kjempebra og du er så søt! eg gledar meg til desember og jula for å sjå kor mykje fint du har å seie og vise fram då! juhu!

  28. Blå
    17:06, 26 Nov 2009 / 17:06

    Jeg tror ikke nødvendigvis bare bestefaren din hadde ønsket at du skal smile den 13.desember. Tror du ikke at han heller ville ønsket at du bruker den dagen slik du trenger den? Hvis du har kommet så langt at du bare kan være glad for at han levde, feir han med boller og sløyfer og sang. Hvis det fortsatt er for trist, feir hans liv i det stille med å tenke på ham, ganske enkelt.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *