heihei.

eg tenkte, sidan eg har fått så mange nye lesarar i det siste, at eg skulle ta ein liten introduksjon på nytt! så hei!
saturday. again.
eg heiter mariell. eg er nitten år og kjem fra sogn og fjordane(og tykkjer det er kjempemorsomt korleis folk frå austlandet faktisk seier “sogn og fjordane”), nærare bestemt øvre årdal som er ein pytteliten plass heilt innerst i fjorden. der bur min mamma, som er bedriftsøkonom, og min pappa, som er mekaniker, og ei søster med bambiauge som er så fin så fin.

analogue
eg elskar å hoppa i sølepyttar, peppermyntete med masse sukker, muffinstruser, kaniner, origami, tulipanar, alt som smakar kokos, tim walker, paris, ting som er lilla og å dusja i kaldt vatn. eg leser bøker om kjærleik og likar det best når pastaen er kokt litt for lenge. eg likar best påske av alle høgtider, for da skal ein berre lesa bøker og ha det fint.  eg har ingen bukser men mange kjolar og mange sløyfer i håret. av pai likar eg best eple og fersken, og om noko luktar fersken er det greit for meg. eg vil heller vera pirat enn ninja, men vil heller vera ei marihøne på karnival. eg tar på meg mascara med munnen igjen. eg må reisa ut av landet for å ikkje bli tullete i hovudet. og difor handlar jo bloggen min mykje om det, nemlig.

fjorten. fant han der fine, som eigentleg heiter jostein og berre er tretten dagar eldre enn meg. han snakkar gudbrandsdøl sjølv om han har vakse opp i sogn og har lange dreads sjølv om bror hass ikkje har hår i det heile. han er eit lite geni og spelar piano. av og til får eg bestemma kva han skal spela og da får eg ligga i fanget. han studerar musikkvitenskap og teiknar store kart på gråpapir på golvet. sånn utanom å sussa og å laga mat samlar me på hausten ilag, eg og han. om eg er sjuk leser han eventyr høgt og synger barnesangar til eg sovnar og han kan kaninkyssa og fuglekyssa og hestekyssa og ja. de skjønnar. og når han reiser vekk lagar han kalender til meg med ein lapp kvar dag og han gøymer ting i leiligheten som eg skal finna. i går var det eit kaleidoskop!

analog

seksten. flytta til sandane for å gå media og kommunikasjon på firda vidaregåande skule. der budde eg med fredrik(+ tusen maur) og hadde fabelaktige søndagsfestar i hagen, og rulla i graset for me lo så mykje og så høgt at husverten vakna. eg lærte meg å elska raudvin og pesto, og om vinteren var det så kaldt at ein måtte gå rundt med dyneuniform og det gjekk ikkje an å gjera noko anna enn å sjå disney-filmar på vhs. me bygde fort av stolar og tepper i stova og vinterfestane endte alltid opp på kjøkenet. eg starta denne bloggen midt i mellom alt det andre, også gjekk eg på skulen, da.

thursday nightanother saturday in my new black bowmy birthday!friday in the backyardmy birthday!my birthday!
new dress

nitten. flytta til oslo. no bur me i tolvte etasje, eg og han der fine. her har me kjolar på veggane, og om me vil høyra elva kan me berre åpna vindauget.  her studerar eg foto og han musikk og saman er me som ein fin kunstnarkoloni med globusar og bestemordokker og rutedukar. om helgene drikker me cava på sekstitalskjøken og ler i framande senger. av og til reiser me for å eta fine kaker fordi det gjer ein så glad. og på dagane lagar me pasta, kosar på sofaen og teiknar hjarte i håndflatene til kvarandre(og om berre ei veke er me fem år, eg og han, tenk det). og sånn kjem det nok til å vera ei stund.
oslosunday partysunday partysaturday. again.a sunday in octoberfriday alone

nokre fine nye som lurer på noko om meg eller det eg gjer? spør spør spør. suss!

translation
an introduction about me for all my new readers! try using the google translator, although i’m not sure how much it will help.

Share:

37 Comments

  1. 16:20, 23 Oct 2009 / 16:20

    Jeg tror nok at du er den beste i hele verden til å sette ord på lykke og kjærlighet!

  2. 16:24, 23 Oct 2009 / 16:24

    Du er så flink til å skrive at jeg tisser på meg. Vell, det var en løgn, men du er veldig flink!

  3. 16:27, 23 Oct 2009 / 16:27

    aNE: canon eos 40d, med eit sigma 28mm 1.8 USM.

  4. 17:02, 23 Oct 2009 / 17:02

    Du skrive så fantastisk, og bilda er så herlige! Spesielt bilda frå kråkeslottet, for der kjenne eg meg så godt igjen :)

  5. 17:16, 23 Oct 2009 / 17:16

    Nora Alexa: knis fnis. ein kan vel ikkje sei nei til noko sånt! men ein kan bli flau. hihi.

  6. 17:21, 23 Oct 2009 / 17:21

    åh! jeg bare elsker øynene dine!

  7. 17:28, 23 Oct 2009 / 17:28

    bloggen din gjør meg alltid i bedre humør! du er så fin!

  8. 17:30, 23 Oct 2009 / 17:30

    åå, du er så fin og du skriver så fint, også er du og han der fine så fine i lag.

  9. 17:50, 23 Oct 2009 / 17:50

    hurricane girl: så fint! suss.

  10. Maia
    17:59, 23 Oct 2009 / 17:59

    som en eventyrfortelling. i like! jeg beundrer din kreativitet og evne til å se det fine i alt mulig når alt her i norge er så mørkt.

  11. 18:19, 23 Oct 2009 / 18:19

    du er så flott at ein nesten får sumarfuglar i magen.

  12. 18:23, 23 Oct 2009 / 18:23

    Du skriver virkelig fantastisk nydelig. Du ER nydelig.

  13. Sonja
    19:01, 23 Oct 2009 / 19:01

    Takk for at du er så masse flinkare enn meg til å sjå alt det fine i kvardagen og i folk. Når eg er her inne blir eg minna på kor fint livet faktisk er, og kor heldig eg er som har deg som ven <3

  14. 19:35, 23 Oct 2009 / 19:35

    Nå er den akkurat lagd, hihi ^^

  15. 20:09, 23 Oct 2009 / 20:09

    nå har jeg lest bloggen din en stund og herregud, du er helt fantastisk og jeg blir så glad av hvordan du får livet til å smile sånn? du er inspirasjon, jeg liker også sløyfer i håret?

  16. 20:31, 23 Oct 2009 / 20:31

    og jeg elsker makroner! jeg bor i frankrike nå, og vi har pene makroner her.

  17. 20:52, 23 Oct 2009 / 20:52

    årdal! en gang var jeg litt betatt i en fra årdal. snakker du sånn som han, tro? for jeg forsto nesten ikke hva han sa. glaset istedet for vinduet og sånne rare ting! :D iallfall ikke forståelig etter tre liter vin.

  18. 21:37, 23 Oct 2009 / 21:37

    Du og dine er så nydelige! Du tar så fine bilder, du skriver så fint, og årrh! Jeg blir så glad av å lese bloggen din :-)

  19. 21:58, 23 Oct 2009 / 21:58

    hei mariell. du er virkelig yndlingsbloggeren min. du er helt fantastisk! du er heldig, søt og virker utrolig hyggelig. og jeg elsker at du skriver på nynorsk! du lyser opp hverdagen min. du får meg til å smile! ps. jeg liker bildene dine :)

  20. Kine
    23:10, 23 Oct 2009 / 23:10

    Åh, du er så flink til å sette ord på ting.

  21. 00:11, 24 Oct 2009 / 00:11

    Du er den finaste bloggaren eg veit om og eg blir så glad av å lese bloggen din. Du har eit slikt koselig syn på verda som, gjer meg sjølv meir oppmerksam på dei gode stundene og korleis eg skal ta vare på dei.

  22. 00:13, 24 Oct 2009 / 00:13

    Kine: på pascal! eller kristines franske fristelser. men anbefalar pascal.

  23. Nina
    01:40, 24 Oct 2009 / 01:40

    Ser ut som Sunniva som hopper på bildet der? Søteste:)

  24. 07:23, 24 Oct 2009 / 07:23

    Takk for noe fint aa lese paa en altfor tung fredagskveld. Takk, fine du.

  25. 10:30, 24 Oct 2009 / 10:30

    Du er vel fin!

  26. 10:32, 24 Oct 2009 / 10:32

    Nåmmin så koselig! ^^ ble litt glad av å høre at Jostein prata døl, ikke rart du fallt for det :P hvor døl snakker vi? Helt nedi Ringebu, Otta eller langt oppi Skjåk? :D

  27. 15:59, 24 Oct 2009 / 15:59

    Herleg avsnitt om Sandane :)

  28. 19:09, 25 Oct 2009 / 19:09

    jeg skulle virkelig ønske jeg kunne sette ord på ting, slik som deg <3

  29. 23:29, 25 Oct 2009 / 23:29

    Jeg ante ikke at du og jostein hadde vært sammen så lenge, selv om jeg har lest bloggen din ganske lenge nå. Jeg gleder meg alltid til å gå gjennom den lange lista med blogger og søke på hjartesmil. Fordi det betyr vakre ord, vakre bilder, vakre mennesker. Jeg gleder meg like mye hver gang.

  30. Hedda
    20:40, 27 Oct 2009 / 20:40

    Har oppdaget bloggen din nå litt i det siste. Og det er jeg utrolig glad for:) Jeg blir helt bergtatt av de fine beskrivelsene dine, hvordan du forklarer og forteller om ting. Så rikt, så beskrivende, så fantasifullt..uten å bli ordflom. Jeg vil strekke meg så langt til å si at jeg er betatt av bloggen din! Ha en fin kveld.

  31. 19:02, 01 Nov 2009 / 19:02

    Takk.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *