eg…

0203907

♥ lærde meg engelsk samtidig som eg lærde meg norsk. eg gjekk annakvar dag i barnehagen, og såg på amerikanske såpeopera heile annakvar dag. ikkje noko o for orange her, nei.
♥ skulle bli kokk. og veterinær. og interiørarkitekt.
♥ hatar å snakka i telefonen fordi eg ikkje kan sjå dei eg snakkar med. litt over-estetisk, kan ein vel seie.
♥ las og las og las heilt frå eg var pytteliten, og anbefalte bøker til dei andre på biblioteket på barneskulen.
♥ er allergisk mot fløyte og melkesjokolade.
♥ fann mitt livs kjærleik då eg var 14 år.
♥ elskar.
♥ fekk mitt fyrste kyss i eit uthus.
♥ er eigentleg blond, og har grøne auge, sjølv om alle i familien min har brunt hår og brune auge. til og med hunden.
♥ saknar bestefar.
♥ går ikkje på ski.
♥ likar ikkje norsk spekemat, men spansk.
♥ elskar risotto.
♥ likar det når pasta og brokkoli er kokt heilt mjuke.
♥ har visst kva mine fire born skal heita i fleire år.
♥ har solgt over 60 bilete(galleri her).
♥ skal mest sannsynleg ha utstilling i sommar.
♥ planlegg å tatovera meg i august, men det er hemmeleg.
♥ blir fort forelska. i folk og i ting, og kan ønska meg enkelte ting så hardt at det gjer vondt.
♥ klarar ikkje å sei hadet. så derfor gjer eg det aldri. eg kjem ikkje til å sei hadet til mine klassekameratar når eg flyttar. det er utruleg feigt, men eg klarar det ikkje. så godt kjenner eg meg sjølv.
♥ er flink til å laga focaccia, brownies, risotto, kjeks, eigentleg generelt flink til å laga mat, men eg har aldri klart å laga vanlege kveitebollar.
♥ lurer på kva i alle dagar eg skal gjera frå august av. jobba? gå på skule? ingenting?
♥ skulle ønska eg klarte å tru på noko større enn meg sjølv. større enn verda. men religion frustrerar meg nesten meir enn noko anna.
♥ er altfor glad i å diskutera.
♥ kunne drukke vin og ete mørk sjokolade(å, den med sitron&ingefær) kvar einaste dag.
♥ likar kun kald raudvin.
♥ har ein pappa som elskar å laga mat og berre er snill og god.
♥ har ei mamma som tenker veldig mykje om veldig mange ting, og ikkje er redd for å seie det høgt. og som bryr seg så inderleg mykje om andre menneske.
♥ har arva humoren til pappa og det standhaftige frå mamma.
♥ har ei lillesøster som er den finaste av alle, og som betyr heile verda for meg.
♥ har ein hund som heiter bono. ja, etter vokalisten i u2.
♥ eig ingen bukser.
♥ elskar mote, og gler meg til eg kan kjøpa vogue kvar månad.
♥ skal læra meg fransk frå august av.

var det noko meir de ville vite? berre spør, og eg skal svara. suss!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *