mariell & sara #22 – nye planer, nye vaner

12364233_10153697486026970_1261507228_o

hei! i dag har eg den mest effektive dagen nokonsinne. akkurat no sit eg på whole foods-kaféen, drikk ein herleg ingefærdrikk og har kjøpt alt i butikken. i kveld skal me på middag med mariell. så herleg å vera litt i london, alt er så fullt av lys og jul!

i dag er det óg tid for ein ny episode av mariell og sara! denne veka snakkar me litt om nye vanar, eg snakka om min dårlige dag også snakkar me om juleepisoden, som skal bli den koseligaste podcast-episoden nokonsinne, som kjem ut på julaftan!

har hatt litt tekniske problem i dag, så eg har ikkje fått lasta den opp på soundcloud, men den ligg oppe i alle podcast-appar og i itunes, også kan de høyra på den her:

 

 

 

*translation:
a new episode of my podcast is out!

mariell og sara #21 – spegelbilde/sjølvbilde

21

ein ny episode av podcasten er ute! i denne snakkar me om kunsten å mingla, om hemlisar mellom venner og om kor rart det kan vera å sjå seg sjølv utanfor sitt eige spegelbilde. de kan høyra den alle plassar der podcastar finst (prøv acast for android!) og her under, såklart. om de lurer på noko eller har kommentarar til det me snakkar om, mail oss gjerne på mariellogsara@gmail.com, og bruk #mariellogsara på instagram om de gjer noko fint når de høyrer på.

*translation:
a new episode of my podcast.

mariell & sara #18 – hold hardt, jobb hardt

18

ein ny podcast-episode! hurra! sara og eg tatoverte oss mellom forrige episode og denne. den beste esra røise tatoverte oss, og me snakkar om det (med lydklipp av sjølve hendinga!), om å fortjena sjølvkjensle og rørande dokumentarar. me snakkar óg om rutinene våre, på spørsmål frå ein lesar, og eg deler eit minne frå tidlig i mitt og jostein sitt forhold. for første gong har me óg musikk med, på slutten, ein spennande ny norsk artist.

me håpar verkeleg de vil høyra på, at de likar det de høyrer og at om de lurer på noko, mailar oss på mariellogsara@gmail.com. om du gjer noko kult mens du høyrer på, hashtag oss med #mariellogsara på instagram. om du vil henga på nyhetsbrevet vårt, der me deler fine linkar og snakkar ganske ærlig om korleis me har det (og det er gratis!), kan du gå hit og skriva inn epost-adressa di. og takk for at de alltid er så fine

ps: og dette er litt skummelt: i går kom første episode av kom heimatt, gut ut, ein podcast som eg produserer og der eg intervjuer jostein og fredrik om deira nye forestilling. her kan de høyra på den. og om du bur i sogn og fjordane: KOM PÅ FORESTILLING.

*translation:
a new episode of our podcast is out!

mariell & sara #17 – kombipakken

17

ny episode av podcasten er ute! eg har gjort alt det tekniske sjølv denne gongen, så litt forsinkingar har det vore, men! kva er vel bedre på ein torsdagskveld enn å høyra meg og sara snakka om sånt me ellers óg snakkar om? denne episoden handlar om københavn, at synne har ein viktig funksjon for meg i forholdet med jostein også snakkar me masse om catcalling. HØYR PÅ.

ps: ikkje sant lyden er bedre?
pss: hugs å hashtagga oss med #mariellogsara på instagram om de har ei fin utsikt eller gjer noko fint medan de høyrer på, og mail oss på mariellogsara@gmail.com om de lurer på noko eller har idéar til kva me kan snakka om.

*translation:
new episode of our podcast is here, still in norwegian though.