Mariell & Sara # 35 – Trøst

35

Ein ny episode av podcasten er ute! Tenk på det! Me snakkar om ammetåka som gjorde at eg sletta den forrige podcasten me spelte inn for nokre veker sidan, om dødsangsten som tok meg tilbake til barndommen, om å gi seg sjølv verktøy til trøst og #velferdssamfunnet.
There’s a new episode of my podcast out right now! Still in norwegian though, I’m sorry!

Mariell & Sara #30 – Usentimentalt breakdown

30

Eg har ein sånn sur dag i dag, er framleis i pysjen og vil heller googla babygreier enn å jobba. Bebis, som Jostein og eg no på alvor kallar Bølla, holdt meg våken til klokka fem i natt, og klokka fire vart eg svolten og måtte stå opp og eta to tørre tortillas og koka ein kopp te med berre lyset frå det opne kjøleskapet. Sånn kan det ekte livet vera óg! No har eg laga ein slagplan for at denne dagen skal bli bra, og det første steget er å minna dykk på at det er ny pod-episode i dag.

I denne episoden snakkar Sara og eg om sosiale media-strategi, om den nye plata til Jostein, om korleis folk på Youtube er altfor mykje real life reality, om flytting utan sentimentalitet også er eg lite politisk korrekt i ein samtale om når ein skal få ungar her i livet.

Penishender og Paris

29

Ny episode av podcasten ute i dag! Me snakkar om alle ting Paris, min hormonelle heimlengsel og ein mystisk japansk-amerikansk bekjentskap. No skal eg ut og mata babyen, eller eta frukost som det óg heiter! Håpar de óg har sol!

[line]A new episode of my podcast, still in Norwegian. Now I’m off to feed the baby, or have breakfast as it’s also called. Hope there is sun where you are too!