photo a day, last week.

forrige veke var planen å ta eit bilde med telefonen for kvar dag, som ein variant av foto-i-timen-innlegga. veka viste seg å bli ei litt rar ei, sånn emosjonelt, utan forklaring igrunn, og det frista egentlig å berre gløyma heile greia. men så tenkte eg at det kan jo vera fint, det óg, sjølv om eg var litt all over the place. så her er veka mi i mobilbilder, håpar de likar det.

week.week.
måndag. måndag var carrie sin bursdag (og mamma sin bursdag, faktisk)! det var egentlig tenkt å køyra piknik i parken, men fordi det hølja ned bestemte me at det var fint å ta ein piknik inne istaden. så dei pynta leiligheten som ein hagefest også køyrte me på! det var klovnekake, herleg mat og leikar. og alle hadde kroner. den perfekte barnebursdagen.

week.
tysdag. tysdag starta mitt merkelige humør som varte nesten heile veka, så eg jobba halv dag og reiste inn til marylebone. der er ein av mine beste humørboostar, å shoppa i marylebone high street. så mange av dei beste butikkane og veldig avslappa stemning. eg hadde lova jostein pasta bolognese, så det laga eg då eg kom heim og mimra om at eg lærte å laga det på skulekjøkkenet!

week.
onsdag. onsdag jobba me superhardt og gjekk ut på lunsj! dette er på the london particular, vår aller beste lunsjplass. alt er så sjukt godt.

week.week.week.week.
torsdag. torsdag var den verste dagen, fekk ikkje gjort nokonting og berre lot meg sjølv distrahera, og det sjølv om jostein kom med bahn mi-lunsj! så, istaden gjekk eg ut av huset og reiste til shoreditch for å leita etter kåpe. eg tok bilder av meg sjølv i ein trench for å visa jostein at eg ikkje kan ha trench (pga får firkanta kropp) og unna meg ein matcha latte.

week.week.
fredag. eg held koken og jobbar jernet fordi eg veit at det finst så mykje gull i slutten av dagen: date night! med nachos, uendelege mengder guacamole også kino! me såg spy med melissa mccarthy, så morsom! også åt me gelato på gelupo, min favoritt var ricotta med espresso og honning, siklar berre av å tenka på det. lengtar SÅ mot bryllupsreisen vår no sjølv om det føles som ein eeeeevighet til.

week.
lørdag. me har blitt så gode på helg dei siste månadane og det var me denne helga óg. champagne og pizza og ei utflukt til peckham der me gjekk inn i alle butikkar og helgeshoppa på general store, min største butikkjærleik. altså. lørdagar!

Untitled
søndag. på søndag hadde me ingenting til frukost, så me gjekk på particular igjen og etter det vandra me til greenwich der det var supermarknadssøndag! me leita etter kåpe, såg på porselenshundar og sat i graset og myste mot sola. då me kom heim var det framleis tidlig på dagen og me gjorde sånne lure helgeting som å støvsuga, legga på reine sengeklede og køyra to vaskemaskiner. som å runda helga! og det var mi veke.

 

PS: innsamlingen min starta som eit mål om å få inn 5000 kroner, og har no fått inn over 17.000. det er fantastisk, og eg har tenkt å holda koken! eg har auka målet til 25.000, og håpar at alle som kan vil hjelpa, anten det er 50 eller 500 kroner du har til rådigheit. gi her.

 

*translation:
my week last week was a weird one, and i contemplated not even doing this entry because the whole week was spent in a weird moody place that i couldn’t explain. but, i thought that might be interesting too! i celebrated carrie’s birthday, made jostein a pasta bolognese like i learned at school, i went shopping both in marylebone and in shoreditch, we had pizza and champagne and spent our sunday in greenwich and doing laundry. and that was my week.

photo an hour saturday.

photo an hour saturday.
09:00
det var så lenge sidan eg gjorde eit foto-i-timen-innlegg! så laurdag fekk kameraet henga med oss på marknadar og heime. dagen starta litt før ni, eg laga frukostparfait til oss med ein fancy yoghurt med pasjonsfrukt, luksusgranola og blåbær.

photo an hour saturday.
10:00
eg tok ein veldig lang dusj med ansiktsmaske og hårmaske, las i denne imens. er egentlig litt redd for å lesa i ho, for når som helst blir det for emosjonelt. så ufattelig bra.

photo an hour saturday.photo an hour saturday.
11:00
eg gjer meg klar, og me reiser! kjøper FT weekend og sprudlevatn til togreisa. elskar helgeaviser!

photo an hour saturday.
12:00
møter opp desse to! caitlin og manu! me skulle på maltby street market.

photo an hour saturday.
13:00
første stopp er alltid st.john’s bread and wine for å kjøpa donuts. jostein og eg kjøper lemon curd og butterscotch, ÅH så godt.

photo an hour saturday.
14:00
stoppar for ein kaffe hos little bread pedlars på spa terminus-marknaden.

photo an hour saturday.
15:00
og stikk innom mel southerden før me stikk heimover.

photo an hour saturday.
16:00
heime stiller eg opp alt me har kjøpt så eg kan sjå på det. kjøpte burgerbrød frå st. john’s og burgerar frå ginger pig på borough market.

photo an hour saturday.
17:00+18:00
eg startar med croissantbaking! det er det eg liksom øver meg på no i haust. så mykje arbeid, men så verdt det. og innimellom slaga (deigen må ligga i kjøleskapet i minst éin time før ein doblar og kjevlar igjen, igjen og igjen og igjen) lagar eg karamellisert lauk til laurdagsmiddag.

photo an hour saturday.photo an hour saturday.
19:00
me sluker bakverket eg kjøpte hos mel southerden, den er med kvit sjokolade og yuzu og heilt vanvittig god. og sikkert ikkje så vanskelig å laga heller!

photo an hour saturday.
20:00
me et! cheeseburger med karamellisert lauk og søtpotetfries. den beste middagen.

photo an hour saturday.
21:00
eg held fram i drømmelaurdagen og får ligga på sofaen medan jostein masserer føttene mine medan eg drikk øl medan eg legg neglelakk. :))))))))

photo an hour saturday.
22:00
resten av kvelden ser me på sopranos. er i siste sesongen no og om eg berre såvidt kjem på at james gandolfini er død så vil eg grina tusen tårer.

håpar de hadde fine laurdagar óg!

*translation:
on saturday, we went to maltby street market with cait and manu, had the amazzzzzing donuts from st. john’s bread and wine and bought burger ingredients. at home, we throw ourselves into the pastry we got from mel southerden and i start working on my croissants. in the evening, we eat the burgers i made with sweet potato fries (SO GOOD) and the rest of the evening is a blur of sopranos, IPA from the kernel brewery and getting a foot massage from my husband. i’d be crazy to complain, no?

photo an hour sunday.

weekend.weekend.
08:00
vaknar men vil ikkje stå opp. klarar akkurat å fiska helgeavisa opp i senga medan jostein er i dusjen. me abonnerer på financial times, avisa er så stor at ein ikkje kan lesa den nokon andre stader enn i senga.

 

weekend.
09:00
jostein har første bursdagsdag, så eg er framleis i bursdagskomiteen! eg lagar ein skikkelig bra omelett med alt godt me har i kjøleskapet pluss espresso med bialetti. såå godt.

 

weekend.
10:00
eg dusjar og sminkar meg og gjer meg klar og superskype!

 

weekend.
11:00
men først: ein kakepause. for det er jo sånt ein må gjera når ein har bursdagshelg.

 

weekend.
12:00 + 13:00
så skypar eg med sara! me spelte inn podcast, kanskje den beste så langt! eg likar så godt delen etter me har slutta å ta opp, når me snakkar om kva me snakka om.

 

weekend.
14:00
eg laga lunsj av sånt me hadde heime: pasta, salat, paprika, agurk, pinjekjerner, avocado og feta.

 

Untitled
15:00
ein liten pause frå dagen. jostein berre “me er så fine, må ta ein selfie!!!” men med litt mindre entusiasme kanskje. også skypa eg med frøy, som eg gløymte å ta bilder av. men her er iallfall eit bilde av ho!

 

weekend.
16:00
koseryddar i heimen, ser på dei fine gåvene jostein fekk til bursdagen sin. carrie sin gåvelapp gav oss lyst til å gå på kalligrafikurs óg! dei hadde vore i japan og gav han japanske kitkat og to sjokoladar frå mast brothers!

 

weekend.weekend.
17:00
tørka støv av hundane!

 

weekend.
18:00
las i boka mi!

 

UntitledUntitled
19:00
så gjekk me endeleg ut av huset! ein tur i solnedgangen, såååå himla fint. jostein laga søtpotetkarri til middag, me såg på dårlige krimseriar og sovna før midnatt.

 

 

*translation:
my very calm sunday. i cooked breakfast, cleaned and recorded a podcast with sara. and i only left the house as the sun was about to set. 

photo an hour: tuesday.

tuesday.
08:00
vaknar litt før åtte og slumrar innmari lenge. me har hatt nokon så deilige morgonar der me berre ligg i halvvåken tilstand og stryk kvarandre på ryggen og i håret.

tuesday.
09:00
eg startar med planlegging av dagen i senga. skriv ei lang liste over sånt eg må hugsa og sånt som skal gjerast.

tuesday.
10:00
mariell kjem! med famnen full av bananer, juice og lakris(!). for me skal ha frukostklubb.

tuesday.tuesday.
11:00
eg lagar, og me et, havregraut med tilbehør: bananskiver, blåbær og rista hasselnøtter.

tuesday.tuesday.tuesday.
12:00
eg tar mariell under armen og tar toget austover.

tuesday.tuesday.tuesday.tuesday.tuesday.tuesday.tuesday.tuesday.
13:00
til shoreditch! eg sat og jobba på ace hotel og var så effektiv, til det var på tide å gå til framkallingsplassen min! gjekk forbi nokre fine butikkar på vegen.

tuesday.tuesday.
14:00
henta film, var så glad for å sjå at bildene vart så bra. gjekk forbi nye mast brothers i redchurch street og måtte gå inn og gleda meg over enda ein grunn til å bu i london.

tuesday.
15:00
tok toget heim og jostein måtte komma ut for å møta meg sidan eg var SÅ SVOLTEN. me åt fish finger sandwich på favoritten, maddy’s fish bar. åt den så fort at eg ikkje skjønte at det var tomt når den ikkje var der meir.

tuesday.tuesday.tuesday.
16:00
så fekk jostein sommarsjuka så me måtte tella opp myntane våre og kjøpa den finaste ølen dei hadde på kiosken. og medan me satt på benken og hadde det så fint med vår fine øl kom ein blogglesar og sa hei! veldig fint og rart å vera bloggar så nære heime.

tuesday.
17:00
så reiste me inn igjen og jobba også vart det så mørkt at eg ikkje orka å ta meir bilder. jostein baka pitabrød også åt me dei til middag med hummus og agurksalat, sååå godt også plussa me broadchurch og sopranos og ein liten kopp kakao på det. og det var den tirsdagen!

ps: kom plutseleg på at eg gjorde foto-i-timen den første dagen me budde i denne leiligheten! så rart at det er snart to år sidan.

*translation:
08:00 i wake up a little before eight and snooze for such a long time. we’ve had some lovely mornings where we stay in this half awake state for a while. 09:00 i plan the day in bed! write long lists on things to remember and things to do. 10:00 mariell arrives! with arms full of bananas, juice and liquorice (!). the breakfast club is ready. 11:00 i make oatmeal which we eat with banana, blueberries and roasted hazelnuts. 12:00 i take mariell under my arm and we leave on the train going east! 13:00 to shoreditch! i worked at ace hotel for an hour or so, very efficient, until it was time to go to where i get film developed. i pass some lovely shops on the way. 14:00 i picked up the film and was happy to see that the films had turned out great. i passed by the new mast brothers in redchurch street. i had to go in and was so happy because it’s just another reason to live in london. 15:00 i took the train home and was so hungry i felt weak, so jostein came out to meet me at maddy’s fish bar (our favorite). i ate my fish finger sandwich so fast that i almost couldn’t understand that i had eaten it when it was all gone. 16:00 jostein was overwhelmed by the sun and got the summer feels, so we counted all our coins and bought the prettiest beer in the off license. we drank it on a bench in the park and a blog reader came to say hi! so lovely, as always, and so strange being a blogger so close to my home. 17:00 we went back inside and worked until the sun had set and i didn’t want to take more pictures in the dark. jostein baked pita breads and we ate them for dinner with hummus and cucumber salad, so good! we watched broadchurch and sopranos and made hot chocolate before bed.<3 ps: it’s almost two years since we moved in here and i did a photo-an-hour on our first day!

 

photo an hour tuesday, almost.

mon.
08:00 – vaknar av at sola gjer det så altfor altfor varmt å ligga i senga. finst det ein bedre måte å vakna på?

mon.
09:00 – me et frukost!

mon.
10:00 – eg dusjar og rullar opp håret med sånne mjukrullar som eg eksperimenterar litt med for tida.

mon.
11:00-13:00 – jobb jobb jobb, og med ein bra darjeeling og litt sjokolade blir det luksusjobb for oss i feriedrømmeklubben.

mon.
14:00 – me et lunsj, minestronerestar frå dagen før som var så god at eg gløymte å fotografera den. bra luksuslunsj!

mon.mon.
15:00 – tar ut hårrullane med bra resultat! det neste blir å sova med dei i, så dei får sitta lenger.

mon.mon.
16:00 – går heimefra med både solbriller og paraply, og møter fin hund på toget.

mon.
17:00 – hentar filmrullar eg har framkalla, må stoppa rett utanfor og sjå på bildene. innser at eg manglar ein filmrull frå i sommar og prøver å finna ut kvar den kan ligga.

mon.
18:00 – reiser heimover i kveldssola, fine shoreditch.

mon.
19:00 – eg lagar pastamiddag, så sjukt god. laga oppskrift av den, så stay tuned.

mon.mon.
20:00 – skypar med sara i ein evighet, veldig fint. og akkurat her vart eg svimmel med ein touch av vondt i hovudet og gløymte vekk å ta bilder meir. men, eg og jostein såg ein poirot også spelte me kort i senga i ein halv evighet. og det var den tysdagen gjennom mobilen!

*translation:
my tuesday, through my phone. i woke up in the sun, curled my hair with foam rollers, i had chocolate and darjeeling with work because let’s face it life is just better that way, i met a cute dog on the overground and picked up my developed films in shoreditch. then i made pasta for dinner and skyped with sara. after that, i got very dizzy and my head was achy, so we relaxed with a poirot and played cards in the bed for a long time. 

photo an hour. saturday.

sat.
sånnher var min laurdag, ein time av gangen!

10:00
vaknar seint av at jostein kjem inn med frukost på senga! <3 <3 <3 me et og snakka om kor komplisert det egentlig er å eta solbærsyltetøy på kvite laken.

sat.
11:00
drikk kaffe (jostein lagar den beste kaffien) medan eg gjer meg klar til dagen. har store valg å ta, som de ser.

sat.
12:00
går på postkontoret for å henta min nye hatt! ein fløyelssak som er så fin.

sat.sat.
13:00
eg krøllar håret, også er me klare til å gå! eg har på meg ringen eg arva av mormor berre nokre veker før ho døydde. føles veldig trygt å ha den på.

sat.
14:00
litt lunsj før me går ut: ananasyoghurt og surdeigsskive med syltetøy. så går me ut!

sat.
15:00
framme på broadway market ser jostein på tweedjakker (såklart). han sklir jo rett inn i stativet med den han har på seg, til og med.

sat.
16:00
så legg me planar med mariell, og går mot kafébesøk! det er altså så fint her no, kan nesten ikkje tru at eg får bu her.

sat.sat.
17:00
me et kake (sjokolade med salt karamell) med denne vakre, og peppar om frilanslivet.

sat.
18:00
<3 så seier me hejdå og går mot butikken!

sat.
19:00
me handlar inn til tacos og frukostblanding, og tek overground heim til new cross.

sat.
20:00
jostein ler av tærne mine i rundt ein halvtime (han seier at dei har ein komisk kvalitet), også kosar me oss generelt veldig mykje.

sat.
21:00
jostein får legga seg i badekaret (omtrent det einaste som funkar mot pollenallergien) medan eg lagar tacos! steikt sopp og ovnsbakt søtpotet er sååååååå gode alternativ for kjøtt. og mykje koriander må ein ha.

sat.
22:00
me et! omnomnom.

sat.
23:00
så har me dessert: ein peanøttmarengs på deling, samt moreller og kvitvin. også orange is the new black, såklart!

*translation:
10:00  j wakes me up with breakfast in bed. <3 11:00 i get ready to go out with a cup of coffee and tough decisions. 12:00 i go to the post office to get my new hat! it’s velvet and fantastic. 13:00 i curl my hair and get ready to go out again. i put on my grandmother’s ring, the one she gave me just weeks before she died and i just love wearing it. 14:00 lunch! pineapple yoghurt and sourdough bread with raspberry jam. 15:00 we go out! to broadway market, where j looks at jackets (of course). 16:00 we make plans with mariell, and head towards a café. 17:00 cake and soda with this lovely. 18:00 we say goodbye and walk towards the grocery shop. 19:00 we shop for taco ingredients, and take the overground home to new cross. 20:00 we take a break in bed, j spends around half an hour laughing at my toes (he thinks they have a certain comedy about them). 21:00 i send him to the bathtub (the only thing to help his allergies) while i cook dinner. mushrooms and sweet potato, the bbbeeesssttt meat alternative when it comes to tacos. 22:00 we eat! soooo good. 23:00 we have dessert: one peanut meringue to share, and cherries and white wine. and orange is the new black, of course! 

photo an hour, friday.

friday, photo an hour.
09:00
fredag startar med jobb i senga medan jostein fiksar frukost. jobba så obskønt mykje forrige veke, morning noon and night.

friday, photo an hour.friday, photo an hour.
10:00
me et frukost, havregryn med kakao og mjølk og ein tekopp. denne skeia arva eg etter min fine mormor og eg tenkjer på ho kvar gong eg brukar den.

friday, photo an hour.
11:00
jostein kjem inn med te til meg medan eg jobbar, som vanlig. <3

friday, photo an hour.
12:00
jostein reiser ut for dagen.

friday, photo an hour.
13:00
jobbar med webdesign, denne sida som no er nesten ferdig og som eg er ganske stolt av.

friday, photo an hour.
14:00
blir rastlaus med all jobbingen, sender ut nokre faktura og ryddar heller leiligheten.

friday, photo an hour.
15:00
ryddar framleis, med bustehår og jobbesminke (vanlig sminke utan eyeliner).

friday, photo an hour.
16:00
kjem på at eg har gløymt å eta sidan frukost, og lagar eggerøre som ein slags sein lunsj.

friday, photo an hour.
17:00
tek på meg eyeliner og reiser ut!

friday, photo an hour.
18:00
framme i hackney, som av og til minnar så veldig mykje om williamsburg.

friday, photo an hour.friday, photo an hour.friday, photo an hour.
19:00
kjem fram til kaféen der jostein har bedt meg om å møta han, han spelar sjakk med vilt framand person og eg bestiller ein cronut/crodough og sit heilt i stilla og ser på sjakkspelingen.

friday, photo an hour.friday, photo an hour.
20:00
me er med mariell og maja på boksleppet til den nye boka til lina scheynius, i eit studio i hackney.

friday, photo an hour.friday, photo an hour.
21:00
drikk drinkar på hackney road.

friday, photo an hour.
22:00
kjem heim, og jostein speidar (sjølvsagt) utover parken vår.

friday, photo an hour.
23:00
eg les i magasin medan jostein lagar middag, denne perfekte saken som eg kunne ete fire gongar i veka, får kanskje mekka til ei oppskrift. det er ei slags kald linserøre med koriander, granateple og raudlauk, som me et med pitabrød. nomnomnom.

friday, photo an hour.
00:00
jostein mekkar drinkar av 1 eggeglas vodka + 1/2 boks ingefærøl. beste fredagsdrinken. så ser me på house of cards og stuper i seng.

*translation:
photo an hour friday: 09:00 i work from bed. i worked so much last week, almost a little crazy whilst trying to write a book. 10:00 we eat breakfast, oats with milk and cacao powder. 11:00 jostein brings me tea as he always does. 12:00 jostein leaves for the day! 13:00 i work on some webdesign stuff. 14:00 i get restless from all the working and i tidy up the flat a little. 15:00 still tidying, with my work day hairdo. 16:00 i remember i haven’t eaten anything since breakfast, and eat some scrambled eggs in a hurry. 17:00 i put on eyeliner and go out! 18:00 arrive in hackney, that sometimes remind me of williamsburg. 19:00 meet jostein at the café he asked me to meet him at. he is playing chess with random stranger person, such a weird situation. i eat a custard cronut all by my lonesome. so good though. 20:00 meet maja and mariell for lina scheynius’ new book launch. 21:00 drinks in hackney road and take the train home. 22:00 home atlast! 23:00 i read magazines while jostein makes dinner, this amazing lentil thing with coriander, pomegranate and red onion. we eat it with pitta bread, so good. 00:00 j makes drinks out of 1 egg cup vodka + half a can of ginger beer. we watch house of cards and dive into bed.