tynne fantastiske pannekaker.

.

eg likar å legga pannekaker over ansiktet. eg likar å eta dei óg, såklart! oppskrift på denne tunne varianten kan du finna her. for meir helgefølelse kan du steika opp litt sopp, lauk og bacon til det er mjukt, ha i creme fraiche så det blir til ei røre, fylla dei steikte pannekakene med røra, rulla dei opp til burritos og gratinera dei i omnen med litt ost på toppen. god helg!

*translation.
pancakes. <3

gulrotkaker med koriander og halloumi!

a stack of halloumi and carrot cakes.

åh, den gleda den første gongen jostein laga desse til meg. presentasjonen i seg sjølv er jo imponerande, eit tårn! eit tårn av salt og søtt og mjukt og sprøtt og så utrulig godt.  så da deler eg liksågodt oppskrifta med dykk! hos økologisk.no.

om du bur på ein liten plass der dei ikkje har halloumi, sjekk datoen og kjøp inn fleire pakkar neste gong du har sjangsen.

translation:
the childish joy of carrot cakes stacked with halloumi. so good. recipe in norwegian. google translate if you please!

fylt grilla paprika med couscous og feta

filled peppers.

paprika er så enkelt å fylla med alskens bra greier, også blir den så mjuk og røykt og digg når ein grillar den. for ein bra vegetarisk grillvariant, fyller eg mine med couscous og feta. perfekt søttitalsnostalgisk og veldig enkelt. oppskrifta finn de som vanlig på fabelaktige økologisk.no.

 

translation:
my recipe for grilled stuffed peppers with couscous and feta, google translate if you please.

libanesisk salat med ovnsbakt tortillachips.

fattoush with labneh.

eg elskar store salatar! som mettar og som er spennande og som er fine å sjå på. i dag deler eg oppskrift på libanesisk salat, fattoush, med tjukna yoghurt, labneh, og ovnsbakte tortillachips. den er så utrulig god og piknik-vennlig. og når ein først har laga desse tortillachipsa éin gong så kjem ein til å laga dei mange gongar. dei er supre alternativ til chips, til å dyppa i guacamole og dip og ved sidan av salatar istadenfor brød.

translation:
today i’m sharing a recipe for lebanese salad fattoush with labneh and oven baked tortilla chips. try google translate!

grønnsaksspyd med halloumi og myntedressing.

spyd.

rett før eg reiste frå london leverte eg fra meg ein heil haug med grønnsaksbaserte uteoppskrifter til økologisk.no, som eit lite stikk mot det heftige kjøttpresset som rådar om sommaren. eg syns det er heilt utrulig trist, og så mykje gøyare å eksperimentera litt! denne oppskrifta er så vilt god, og ein kan med godt samvit servera desse til den verste grønnsaksnektaren. grønnsaksspyd med ein yoghurtbasert myntedressing/marinade. ein høyrer jo at det er bra! oppskrifta finn de her.

om de lagar dette, kan de vel legga ut bilder på instagram og hashtagga med “hjartesmil”? elskar å sjå kva de finn på!

 

 

translation:
my recipe for kebabs, only in norwegian though!