friday link love.

link love

[left]Hei, fine fredagsfolk, og velkommen til den første link love i 2016! Eg hadde først tenkt å slutta med desse i år, men så begynte eg å gå gjennom kommentarfeltet og innsåg at det er så mange av dykk som ventar på desse og set pris på dei, så dei får bli med i år óg!

Eg er så glad for å vera tilbake i London, tilbake med badekaret mitt og nokonlunde plussgrader. Jostein og eg nyt så inderleg godt å berre vera to igjen, og litt roligare dagar. I dag skal eg på kafé med ei brud som eg skal fotografera i mai, ein så perfekt start på helga spør du meg. Som alltid når me har vore ute av landet lenge, har me eit veldig sosialt skjema denne helga, og det skal bli veldig gøy (og bloggvennlig!).

Eg håpar du har fine planar óg, og at helga blir akkurat det du treng, anten det er full ro og boklesing eller champagne og konfetti. Eller begge deler! No, til linkane:

  1. Eg gler meg stort til den nye Coen-brødrene-filmen som kjem ut i år, Hail Caesar! Sjå traileren her.
  2. Refinery29 laga denne sjukt bra produktivitetshjelparen.
  3. Miss Moss blogga om malaren Cornelius Völker som er rar på ein så herleg måte. Ser for meg at denne typen maleri er perfekt på ein bildevegg.
  4. Elsa delte ei oppskrift på ei vegansk currygryte, som jo er alt ein vil ha i dette været.
  5. Martha Stewart vil hjelpa oss å rydda i heimane våre, med nokre veldig enkle tips.
  6. Gia Coppola har delt med seg av sine 10 favorittbøker, som gav meg intens leselyst.

[/left]

[right]Hello, you lovely friday people, and welcome to the first link love of 2016! I had actually considered stopping doing these, but as I was going through the comments I realized just how many of you enjoy these and wait for them, too, so they are staying put.

I am so happy to be back in London, back with my tub and plus degrees (kind of). Jostein and I are really enjoying just being us two again, with calmer days ahead. Today I am going to a café with a bride I’m photographing in may, a perfect start to any weekend if you ask me! As always when we’ve been out of the country for a while, we have a pretty social calendar this weekend, and it’s going to be a lot of fun (and blog friendly!).

I hope you have lovely plans too, and that the weekend will be just what you need, either that’s calm and reading or champagne and confetti. Or both! To the links:

  1. I cannot wait for the new Coen Brothers film that comes out this year, Hail Caesar! Watch the trailer here.
  2. Refinery29 made this awesome productivity helper.
  3. Miss Moss blogged about the painter Cornelius Völker who I find weird in such a lovely way. I imagine his art is perfect on a picture wall.
  4. Elsa shared a recipe for a vegan curry, which is really all you want in this kind of weather.
  5. Martha Stewart wants to help us declutter, with some very simple tips.
  6. Gia Coppola shared his 10 favorite books, which gave me such an ache to read.

[/right]

 

friday link love.

fll
hei, fine fredagsfolk! i dag hadde eg mest lyst til å skriva “gone fishing” over heile bloggen medan eg jobba unna på sånt som eg har deadlines på og pleia hovudpinen og lista over ting eg må gjera før jul. og no som dei tinga endeleg er ute av vegen for i dag, tenkte eg å fiksa ein deilig sein lunsj til meg og jostein også kanskje våga meg ut av huset! her er fem herlege linkar til dykk, håpar at de har det bra. og ps: på måndag sender eg den siste sendingen av adventsmagasinet, så blir det ikkje meir før neste jul. så om du vil skaffa deg eit, kjøp no (link til høgre i menyen her)! ein kan óg kjøpa det på balanzera i oslo, og på bakeriet og frisørstova i årdal. ha fine helger! det var ein ordre.

  1. julefilmar på netflix.
  2. quentin tarantino sin nye film, the hateful eight, er filma på ein heilt fantastisk måte, så innmari inspirerande å sjå folk som gjer ting på den vanskelege måten for å få det heilt spesielle estetiske uttrykket dei er ute etter.
  3. på designlovefest kan ein finna glitter til skrivebordsbakgrunnane sine. perfekt til jul!
  4. korleis kan ein få huset sitt til å virka som om det er reint? her er fasiten. óg veldig nyttig til jul!
  5. missmoss skreiv om desse heilt fantastiske rammene som eg har lyst på.

 

 

 

*translation:
today i mostly wanted to write “gone fishing” across my whole blog, but i did manage to scrape together some links for you fine people.

 

 

friday link love.

link love

hei, fredag! denne veka. denne veka har eg følt meg litt rar, litt utilstrekkelig, litt all over the place. har ein sånn meh-følelse i magen som eg ikkje heilt kan forklara, som om eg er utanfor min eigen kropp, forvirrande og frustrerande. så eg har bestemt at denne helga skal bli den roligaste i manns minne. eg skal sjå amalies jul, drikka te, baka scones om eg føler for det, og sjå på juletre på pinterest. kanskje ikkje den mest peppe friday link love-teksten eg har skrive nokon gong, men hei! livet er jo sånn. men, eg har faktisk samla seks superbra linkar til dykk denne veka, som eg håpar de likar og vil nyta denne helga!

og ps: har ikkje så mange adventsmagasin att her i norge (me tok med oss éi kasse), berre kanskje 10 stk., så om de vil ha eit i løpet av neste veke, bør de bestilla no. 

  1. eg er alltid kjapp med å klikka meg inn når eg ser at mimi har oppdatert bloggen, og dette blogginnlegget gjorde meg ekstra glad. ho har ein måte å skriva om livet og mat på som gjer meg berre så rolig og glad.
  2. refinery29 hjelper oss med å bli gode på å dekka bord som disney-prinsesser.
  3. eg fulgte cherry blossom girl-bloggen religiøst i mine tidlige bloggeår, den var verkeleg med på å forma min blogg og, faktisk, meg. men som det ofte skjer, datt eg av lasset ein stad og gløymte ho litt. denne veka fant eg ho igjen, no har ho ein liten bebis! så utrulig fint å få lov til å følga folk i livet på denne måten.
  4. nena and co har så innmari fine band til kameraet, har litt lyst på eit men må sjekka at det faktisk tåler vekta av kameraet mitt (eit vanlig problem for meg!).
  5. jen carrington skriv veldig realistisk og bra om korleis ho slutta å bekymra seg over pengar som frilanser.
  6. 26 ting ein bør gjera for seg sjølv kvart år, via cup of jo.

 

 

 

*translation:
hi, friday! this week i have felt a little strange, a little not-enough, a little all over the place. such a meh feeling in my stomach i’m finding hard to explain, like i’m outside my own body, a little confusing. i’ve decided this weekend will be the calmest of weekends. i’m going to watch the tv advent calendar, drink tea, bake some scones if i feel like it and look at christmas trees on pinterest. maybe not the most upbeat friday link love i have written, but hey! that is life. but, i have gathered six awesome links for you that i hope you will enjoy this weekend.

 

friday link love.

fll

hei, fredagsfolk! i kveld regna frosten vekk, og det ser igjen ut som eit brunt haustlandskap. i morgon tidlig reiser me mot sunnfjord, for søndag er det premiere på forestillingen til jostein og fredrik på åmot operagard. og om de er i nærleiken må de lova å komma, fordi det er ufatteleg bra det dei har laga og fordi det er viktig å møta opp når det skjer noko så bra i fylket.

eg har hatt ein historisk rolig morgon, plukkrydda og fyrt i ovnen og kokt koppar med te. på ein eller annan måte er oppvask enklare å takla så tidlig på dagen, ein kan framleis rekka å kasta vekk mykje tid før kvelden kjem. eg har som vanleg samla fredagslinkar til dykk, som eg håpar de likar!

ps: adventsmagasinet er framleis i salg, så hugs å kjøpa det for å maksa adventstida. :) 

 

  1. joanna har begynt med gåveguidane sine, ho har alltid dei beste. denne første er i tema: gåve til søstre.
  2. fekk så lyst til å koka karamell etter denne oppskrifta til johanna. med mandel og havsalt, omnomnom.
  3. ulrika er ein av dei flinkaste eg veit om til å styla i sin eigen heim, og denne hyacinth-versjonen vart eg heilt forelska i.
  4. sjokoladekjeks med salt peanøtt-semifreddo. åååååååååååååååååååmingud.
  5. aidy bryant (frå snl) er med i den neste sesongen av girls, og reiste til japan for å spela inn. ho har laga ei briljant reisedagbok.
  6. ein annan gåveguide med ei anna vinkling: skjønnhetsprodukt. nokre verkeleg merkelege punkt her, men mykje interessant óg, som eg ikkje har sett andre plassar.

 

 

*translation:
good friday morning everyone! last night, the frost rained away and what is left are brown fields, brown brown brown. tomorrow we are driving towards sunnfjord for the premiere of the play that j and fredrik wrote together. 

i have had suuuuuch a calm morning, tidying and drinking tea. somehow the dishes seem less awful in the morning, there are still so many hours left to waste of a day. i have, of course, gathered some links for you. i hope you like them!

friday link love.

fll

god fredag, alle saman! eg er, etter to reisedagar, framme i lærdal og framme i gamlahuset. har endelig fått sove med jostein igjen, ein kan jo rekka å sakna ganske mykje på fire dagar! er heilt forvirra over at det er helg allereie, igrunn. no skal me vera i norge i eit par veker, til jostein og fredrik (som kjem i dag) er ferdige med alle forestillingane sine. akkurat no sit eg på kjøkenet, ser ut over dei rimkvite jorda og ventar tålmodig mens jostein lagar frukost til meg. me latar litt som om det er helg, berre fordi me er ihop, og det er rimelig trivelig, som de nok forstår. eg håpar at de har fine planar for helga, eg har invitert pappa på eit pizzaselskap og skal starta på mitt nye broderingsprosjekt!

her er helgelinkane, såklart:

  1. lena dunham har laga ein mini-podcast med buzzfeed som heiter women of the hour, og er kanskje den beste podcasten nokonsinne. det kom ein ny episode i går, og det klør allereie etter å få høyra på den.
  2. eg sikla faktisk då eg såg denne oppskrifta, og det samme gjorde jostein. så den tenkte me å laga snart!
  3. artilleriet har fått inn julegreier, og alt er så innmari innmari fint.
  4. desse øyredobbane er såååååå fine og enkle. gir meg lyst på fleire hol i øyret.
  5. grilla fennikkelterter. eg har verkeleg eit moment med fennikkel akkurat no.
  6. refinery29 har laga ein veldig lur hugseguide til alt ein må hugsa før ein reiser heimefrå på ferie.

 

 

 


*translation:

hello, weekend people! i am, after two days of travelling, at home in norway, in the old house. i finally got to be spooned by my husband after four days away from eachother. i’m kind of confused by the weekend, actually. we’re staying in norway for about two weeks now while j and our friend fredrik (who will be joining us today) have done their shows. right now, i’m in the kitchen, staring out onto the frosted fields, waiting patiently while j cooks me breakfast. we are pretending it’s the weekend already, just because we are together, and it’s pretty cosy. i hope you have lovely plans for the weekend, i have invited my dad to a pizza party and am starting a project with embroidery!

weekend links, ready for you↑

friday link love.

fll

hei, fredag! det er nesten ikkje lov å sei det, sidan me først kom heim på onsdag, men eg er så klar for helg. jostein reiser til norge på søndag, for å jobba med dette prosjektet, så planen er å kosa ihjel kvarandre før han reiser. i dag sender eg dei første 120 bestillingane på magasinet, har pakka kofferten klar og skal rulla dei heilt til postkontoret, og det skal eg gjera både måndag og tysdag óg.

tenkte óg å sei ifrå at eg reiser til norge på onsdag i neste veke, og håpte å få senda mesteparten av magasina før den tid. kjem til å ta med meg eit begrensa antal magasin til norge så eg kan senda litt der óg, men det blir ikkje mange. så om du vil vera sikker på at du får eit magasin i tide til advent, så er det lurt å bestilla no. her kan du gjera det. reiser tilbake til england i starten av desember.

som vanlig har eg fine linkar til dykk, og som vanlig ønskar eg dykk magiske helger framover. fyll dei med blomar, kaffe og nyvaska sengeklede!

  1. ryan mcginley har nye bilder ute, og eg er faktisk så forelska i desse frå upstate new york.
  2. ein pai med rotgrønnsaker høyrest ut som alt eg har lyst på akkurat no.
  3. ein oppskrift på å få gode morgonar.
  4. og ei oppskrift på å få bedre dagar.
  5. sara sendte meg denne traileren som ser ut til å bli årets film. gler meg så til å sjå den.
  6. miss moss blogga om rosa laken og no er det alt eg kan tenka på. vil hoppa inn i denne senga.

 

*translation:
happy friday, everyone! i know i’m allowed supposed to say, since i just got back from italy, but i’m really happy  the weekend is here. jostein is leaving to go to norway on wednesday, to work on a show he is doing, so we are going to cram this weekend full of all the nice things. i have collected some links for you, of course, and i hope your weekends are every bit as magical as you need them to be. 

friday link love: a bra guide, peanut butter balls and a tiny dinosaur

FLL

hei, alle saman! mariell i pysjen frå senga her (i woke up like this, flawless)! eg har hatt den treigaste herlegaste morgonen med jostein, me har hatt ei heilt vanvittig travel veke men me har klart å vera så fine for kvarandre. det er ikkje sjølvsagt i stressa periodar, og det gjer meg SÅ GLAD.

må óg få takka dykk alle nydelege fine flotte fantastiske personar som har kjøpt julemagasinet. eg har, om eg er ærlig, vore litt bekymra for trykkeutgiftene til magasinet (for det er så viktig for meg at det er reklamefritt, som de kanskje veit), men etter éin dag med salg var det plutseleg ingen problem lenger. fordi de er så fine og for at de stolar på at eg lagar noko som er så fint at de vil ha det i postkassa, og så mange av dykk har kjøpt ekstra magasin som de kan gi vekk óg. vil klemma dykk alle!!! det har gjort dagen min og veka mi og året mitt. håpar å få jobba meir med magasin i åra framover, for det er verkeleg noko eg er så glad i å jobba med.

me tek igrunn ikkje helg i kveld, sidan me har ein del ting me må ferdiggjera før bryllupsreise på måndag, men! eg har tre strategiar for å gjera denne dagen ekstra fin (utanom at eg skal gå og kle på meg det sekundet eg har publisert dette innlegget):
– skal skifta sengeklede
– skal ha gulleyeliner på (eg brukar denne frå eyeko)
– skal laga noko supergodt til middag!

du kan gjera dagen min enda finare ved å stilla meg spørsmål i dette innlegget! og som vanlig, her er linkane for i dag:

 

  1. emmy skreiv ei liste om 10 bra ting å gjera om hausten.
  2. emily og familien køyrer jurassic park-tema på halloween-kostyme. dør av kor søt vesle sloan er som dinosaur.
  3. elsa delte ei oppskrift på kardemommegraut.
  4. peanut butter balls. omnomnom.
  5. eit intervju med lea seydoux.
  6. ein bh-guide med all informasjon ein kan trenga!

 

*translation:
hello everyone! it’s me, mariell, from bed in my pj’s(i woke up like this, flawless)! i have had the slowest loveliest morning with jostein, we’ve had such a busy week but have been so kind and gentle with one another. it’s not something i take for granted in these stressful periods, so it just makes me so happy.

we won’t be taking a weekend this weekend, too many things to take care of before we go on our honeymoon on monday, but! i have three strategies to make this day extra nice (other than the fact i am going to get dressed the second i hit publish):
– new sheets on the bed.
– gold eyeliner (mine is from eyeko)
– something delicious for dinner.

and, as per usual, links! ↑

Friday link love

friday link love - alternativ copy
om eg skal vera heilt ærlig: denne veka har vore hard for både jostein og meg. eg er igrunn veldig stolt av at me har klart oss gjennom utan å bli kranglemonster sjølv om me har vore fullstendig utslitte etter kvar arbeidsdag, og til og med klarte å skifta lyspærer (etter to månadar av mørke(ingen overdriving)). eg jobbar fullt med julemagasin no (det må vera ferdig neste veke) og å ferdigstilla andre jobbar, for etter neste veke reiser me på bryllupsreise og i bagasjen skal eg kun ha champagne og parfyme, ikkje webdesign og oppskriftstankar. i dag jobbar eg halv dag og skal bruka resten av dagen i covent garden, der eg ikkje har vore på år og dag.

tusen takk for alle kommentarar de har lagt igjen denne veka, det har gjort meg veldig glad og gitt meg den lille dytten til å komma meg gjennom. de er så fine folk, og eg gler meg så innmari til de skal få sjå dette magasinet som eg putrar på med. eg klarte å skrapa ihop seks linkar til dykk denne veka óg, her kjem dei!

  1. new york times har skrive om færøyene som den nye hotspoten i skandinavia. så utrulig fine bilder, blir faktisk sugen på å reisa dit.
  2. eg vart tipsa om denne bloggen, indigo vm, denne veka, den har superfine bilder med den franske landsbykjensla.
  3. joanna delte nokre linkar til rimeleg kunst.
  4. og ho delte óg ein tutorial på korleis ein lagar denne fletta. no som eg har så langt hår skal eg faktisk prøva! elskar fletter når eg jobbar, da slepp eg å tenka på håret alls.
  5. herlege robin skreiv litt om korleis ein kan vera snill mot seg sjølv. viktig viktig.
  6. det er graskar-madness på internett akkurat no, eg har ein boks med graskarpuré i kjøkkenskapet og lurer på om denne får bli det eg lagar!

 

 

*translation:
not gonna lie: this week has been a challenge in this household. i’m actually pretty proud of us not turning into fighting monsters despite our being completely exhausted every day after work. we even changed the lightbulbs (after two months in the darkness(wish i was exaggerating)). i’m on full speed with the christmas magazine (to be finished next week) and finishing some other jobs too, because after next week we leave for our honeymoon and i want to only bring champagne and perfume, no web design or thoughts on recipes. today i’m working a half day, and the rest of it i’ll leave in covent garden where i haven’t been for ages.

thank you for all your comments this week, it’s made me so happy and given me that little push that i’ve needed to get through. i managed to put together six links for you this week too!