feel better.

Untitled

sjå ein rar nittitalskomedie på netflix. start ein surdeig, sjølv om du ikkje kan noko om det. knyt nokon andre sin sko(noko av det mest romantiske eg veit om). ver naken heile dagen, surr eit teppe rundt deg når du ristar brød og steiker egg for å unngå smular i smilehola på magen. skriv eit middelmådig dikt eller les litt emily dickinson på norsk. teikn eit fjes eller eit skeivt hus og bruk alle fargeblyantane du har. om du ikkje har fargeblyantar, kjøp nokon. et piska krem til frukost og ikkje sei det til nokon. syng utanfor dusjen, og sei til deg sjølv i spegelen at du er fin. kjøp ei grønn plante og sett den på eit tefat. bak scones til middag. les bukowski i badekaret. skriv ei liste over alt du treng å gjera: ✓ re opp senga. ✓ les 5 sider av kva som helst. ✓ ta på eyeliner medan eg ser på parks and recreation. planlegg noko, kva som helst, ein ettermiddag ein reise eit kinobesøk.

*translation:
watch a weird 90’s comedy on netflix. start a sourdough even if you don’t know how. tie someone else’s shoe(so romantic). stay naked all day, put a blanket around you so you won’t get crumbs in the dimples of your belly when you eat your toast. write a mediocre poem or read some emily dickinson. draw a face or a crooked house and use all of your crayons. if you don’t have crayons, buy some. eat whipped cream for breakfast and don’t tell anyone. sing outside the shower, and tell yourself you look pretty in the mirror. buy a green plant and put it on a tea plate. bake scones for dinner. read bukowski in the tub. write a list over the things you need to do: ✓ make the bed. ✓ read five pages of anything. ✓ put on eyeliner whilst watching parks and recreation. plan something, anything, an afternoon a journey a trip to the movies.

it’s friday & i’m happy about this:

north london!

denne veka har både forsvunne og gått himla sakte så langt, eg tenkte å halda fram med å skriva ned alt som er bra, for eg trur at livet blir litt bedre av det, å gjera seg sjølv bevisst på sånt som er fint.

så, ting som er bra med denne veka:
– måndag som vart til søndag nummer to, med lang tur langs kanalen og gelato.
– blautkokte egg på rugbrød fra scandikitchen til frukost.
– at eg denne veka begynte såvidt å skriva på den nye boka vår.
– inspirasjon til å laga ordentlig heimekontor sånn at eg faktisk kan jobba frå ein pult og ikkje frå senga som eg gjer 75% av tida.
– granola. <3
– nye bryllupsjobb.
– å samla adresser til folk som skal ha bok i postkassa og kjenna på kor nære det er å vera sant.
– å måtta sjå ein episode til med breaking bad, for at det er så spennande og bra laga sjølv om det egentlig er altfor seint.
– planar om å kjøpa ei stor plante på søndag.
– peppen for bokhausten og alle dei fine bøkene eg vil lesa(tenkte å skriva ei liste!)
– å sjå qi til frukost og portlandia medan eg jobbar.
– å sitta på kafé og lesa bok og eta verdens minste kakebit som kosta eitt pund.
– at eg skal ha åleinetid i byen i dag, eg og regnet og london.
– at eg denne veka har fått maila meg til litt reisestoffjobb for eit norsk magasin i haust. elskar nye typar jobb, da føler eg meg heilt uovervinneleg.
– planar om å få framkalla film, for første gongen på rundt eitt år, og den første filmen eg framkallar i london nokon sinne. så vanskelig å vita kva som er bra, og eg stolar jo ikkje på nokon.
– at eg har så fine helgeplanar.

kva er best med veka di?

 

*translation:
this week has been so slow and gone by so fast at the same time, i thought i should keep writing down things that are good about my week. i think life is a little bit better if we try and remember the good things.

things that are good about this week:
– soft boiled eggs on rye bread from scandikitchen.
– i started writing on our new book this week.
– i’m inspired to create a good home office for myself so that i can actually work from a desk instead of the bed which i do 75% of the time.
– granola!
– new wedding jobs.
– gathering adresses for the people getting copies of our book. feels very real.
– having to watch another episode of breaking bad because it’s so well made so you have to.
– plans to buy a really big plant on sunday.
– getting excited about the book season and all the books i’m going to read.
– watching qi for breakfast and portlandia while i work.
– reading a book in a café with the smallest little danish in the world.
– alone time in the city today, me and the rain and london.
– i got some work planned for a norwegian magazine this fall, always feels awesome to get some new work.
– developing some film today, for the first time in around a year.
– great plans for the weekend.

what is good about your week?

 

feel better.

Untitled
anna hollow.

klipp ut noko fra ei avis og heng det på veggen. lakk alle tåneglene dine i forskjellige fargar og tenk på at ingen kan sjå det når du går ned gata. bak scones med nøtter i til frukost. sorter vekk vinterkleda og tenk at det er lenge til du skal sjå dei att. legg opp ei annonse på finn.no med noko du ikkje lenger vil ha, eller send det til ein venn i posten. slutt å følga alle som postar “treningsinspirasjon” på instagram. gå heller ein tur og klapp den første hunden du ser. støvsug(så kjedelig men føles så bra å høyra alle brødsmulane bli sugd inn i maskina). bestill eit skjørt frå etsy. planlegg middagar ei veke framover og skriv handleliste. sy ei pute av eit gamalt sengetrekk. lag ein stor porsjon tomatsaus som kan frysast ned, stå over gryta og rør ned alle frustrasjonar og sorger. gå inn på nokon andre sin data og lag eit nytt bakgrunnsbilde, eller lag ein fin alarm på nokon sin telefon. send ein melding til nokon du ikkje har snakka med på lenge. begynn å skriv dagbok. dusj, og rett før du går ut skrur du vatnet på iskaldt. ta fram det beste serviset til alle måltid og ta oppvasken rett etterpå(reine kjøkkenbenkar er for alltid best). finn kvistar ute og sett dei i ein vase.

 

 

translation:
cut something from a newspaper and put it on your wall. paint all your toenails in different colors and remember it when you’re walking down the street and noone can see it. bake some scones with nuts in them for breakfast. put your winter clothes in a box and say goodbye for now. put up an ad for something you no longer want, or mail it to a friend. unfollow anyone posting “fitspo” on instagram. instead, go for a walk and pet the first dog you see. vacuum(so boring but feels so amazing listening to the crumbs being sucked into the machine), order a skirt from etsy. plan your dinners a week from now and write a grocery list. sew a cushion from an old sheet. make a big portion of tomato sauce that you can freeze, stand over the pot and stir all your frustrations and sorrows into it. change someone else’s desktop photo, or add a cute alarm to someone’s phone. text someone you haven’t talked to for a while. start a journal. shower, and right before you’re done: turn the heat to ice cold. eat your meals off your best china and do the dishes right away(got to love a clean kitchen). find some branches and put them in a vase.

feel better.

Greens palette
jhhymas.

gå på ein skitur. planlegg kva du skal så i bakken når det blir varmt nok. planlegg frukost ei veke fram i tid. ta på tjukke sokkar og skli bortover golvet. putt ein daim i lomma og gå ein tur med musikk på øyret. legg deg tidlig og berre ligg i senga med ein tekopp på magen og eit knekkebrød som smular i senga. hjelp nokon med noko. fiks noko som er ødelagt. les. dans. pust. lær eit nytt kortspel. grav i frysaren. lær ein sang utanat. spør om du får klappa hundar du går forbi på gata.

translation:
go skiing. plan what to sew when the weather allows it. plan your breakfasts a week ahead. put on socks and slide across the floor. put a chocolate in your pocket and go for a walk with music in your ear. go to bed early and just lay there with tea and crackers that leave crumbs in your bed. help someone with something. fix something that is broken. read. dance. breathe. learn a new card game. dig in your freezer. learn a song by heart. ask to pet dogs you meet in the street.

ten things to make your monday better.

UntitledUntitled

skriv ei liste over sånt du skal, og kryss det ut.

sjå ein film medan du lagar middag.

lag scones og ha ditt eige private teselskap med litt bra syltetøy eller heimelaga lemon curd. bruk det gode serviset, og putt sukker i teen.

skift sengeklede.

sjå to episodar av friends i senga før du legg deg.

gå på biblioteket og les litt i ei bok du finn, eller bla gjennom fem magasin. snufs litt så du får ekstra setta pris på kor stille det er men at ein ikkje er åleine likevel.

sjå ein ted talk.

planlegg noko. ein ekstra god middag, ein kafédag med ein venn eller eit antrekk.

leit fram alle fliseklemmene som ligg gøymt på golv og i vesker og finn ein dedikert plass til dei. følest så vaksent og organisert på mikronivå.

skriv ut noko fint og heng det opp på veggen din. til dømes herfrå.

 

translation:
write a list over things you have to get done, and strike them through when it’s done.

watch a movie when you’re making dinner.

make scones and have your own private tea party with some good jam or homemade lemon curd. use the good china, and put sugar in your tea.

change your sheets.

watch to episodes of friends in bed.

go to the library and read in a book for a while, or flip through five magazines. sniffle so you can appreciate how quiet it is but still not being alone.

watch a ted talk.

plan something. an extra good meal, a café day with a friend or an outfit.

find all your bobby pins that are hidden on the floor and in bags and find a spot for them somewhere. feels grown up and small-scale organized.

print something nice and put it on your wall. like from here.

feel better.

.
tikktakk.

et frukost lenge sjølv om det berre er havregraut, les litt eller høyr på radio og kjenn korleis dagen startar i deg. bestill ei bok du har hatt lyst på lenge og sjå for deg den kjensla når du har fått pakkelapp i postkassa. bak ei banankake med dei brunprikka bananene på kjøkendisken. heng opp ein post-it med ei fin teikning på, hos deg sjølv eller på butikken. les i ei gamal avis. gå ut og plukk det du kan finna og putt det fint i eit kjøkenglas eller ein vase, eller go crazy og kjøp sju tulipanar. sett av ein halvtime til the ellen show på youtube. rydd og putt alle kronestykkene du finn i ein kopp som du sparar til noko skikkeleg bra. syng så høgt du kan og gløym at nokon kan høyra det. ommøbler. tving deg sjølv til å smila til framande. ha på deg det finaste undertøyet du eig. smak på maten når du et han, stopp opp og verkeleg smak. ring nokon du er glad i.

translation:
eat breakfast for a long time even if it’s just porridge, read something or listen to the radio and feel the day starting in you. order a book you’ve wanted for a long time and imagine the sensation when you have a packet slip in your mailbox. bake a banana cake with the brown dotted bananas you have lying around. hang a post-it with a drawing on it, at your house or maybe somewhere in the grocery shop? read an old newspaper. go out and pick what you can find and put it together in a glass or a case, or go crazy and buy seven tulips. watch half an hour of the ellen show on youtune. tidy up and put all the coins you find in a cup for safekeeping. sing as loud as you can and forget that someone might hear you. redecorate. force yourself to smile to a stranger. wear your prettiest underwear. taste the food when you eat it, take a second and really taste it. call someone you love.

feel better.

freshflowers
click for source.

 

ta deg ein lur etter middag. ha mjølk i kaffien. sjå ein gamal film. lær noko nytt. krøll håret sjølv om du berre skal vera heime åleine. bak eit brett med kanelbollar og legg dei du ikkje et i frysen. start eit lite sparefond til ein reise til ein ny by eller ein brødristar. ha sex midt på dagen. gi eit kompliment. heng noko på veggen. flytt eit møbel. klipp ditt eige hår. kjøp den billigaste blomsterbuketten dei har. les eit magasin frå perm til perm. ta oppvasken med høg musikk i bakgrunnen. ta ein runde rundt bygget der du bur, eller tre. lag smoothie til frukost. kjøp ei fin brosje til å ha på ei trist vinterkåpe.

& ikkje sei det til nokon.

translation:
take a nap after dinner. pour some milk in your coffee. watch an old movie. learn something new. curl your hair even if it’s just you. bake cinnamon swirls and put the rest in the freezer. start a savings account in an old purse or metal box, for a travel to somewhere new or something like a toaster. have sex in the middle of the day. give someone a compliment. hang something on your wall. move your furniture around. cut your own hair. buy the cheapest bouquet of flowers there is. read a magazine from start to finish. do the dishes with loud music playing in the background. walk around your building one time or three. make a smoothie for breakfast. buy a nice brooch to put on a sad winter coat.