Feel better

Synne

Lag ei mappe på skrivebordet ditt der du lagrar alle dei herlege tinga du skal kjøpa når du har pengar til det. Start ein podcast med ei venninne om kva som helst. Planlegg bursdagen din sjølv om den er månadsvis herifrå. Heng opp mat til fuglane utanfor kjøkkenvindauget. Sy store kvite perler på eit svart plagg du har for litt bling ein ikkje berre kan ombestemma seg om. Utforsk kunsten til Louise Bourgeois. Gå på eit bibiotek. Bak biscotti som står seg lenge på glas, ta ein bit eller tre til kaffikoppen. Sjå episodar av The Big Fat Quiz Of Everything. Overrask dei du bur med med gelé til dessert, eller berre til deg sjølv såklart. Legg deg på ryggen med rumpa heilt inntil ein vegg og les tjue sider i ei bok på den måten. Forhåndsbestill ein film i iTunes og prøv å gløyma det før den plutseleg er der. Sjå Twin Peaks. Spel Chet Baker Sings medan du lagar middag. Bak pizzabotnar som du gøymer i frysen til ein dag der svaret på middagsplanar er «eg veit ikkje». Sjå videoar av Gene Kelly og Fred Astaire som dansar. Sov i feil ende av senga. Kvifor ikkje?
Make a folder on your desktop of things to buy when you have the money. Make a podcast with a friend about anything. Make plans for your birthday even if it’s months away. Put out food for the birds. Stitch giant white beads into a black garment, a little bling you can’t go back on. Explore the art of Louise Bourgeois. Go to a library. Bake biscotti and put them on a jar, have one or three with your coffee. Watch episodes of The Big Fat Quiz Of Everything. Surprise the people you live with with jello for dessert, or just for you. Lay on your back with your butt into the wall and read twenty pages of a book like that. Pre-order a film on iTunes and convince yourself to forget it’s coming until it’s there. Watch Twin Peaks. Play Chet Baker Sings while you’re making dinner. Bake pizzas to freeze for those days when the answer to questions of dinner is “I don’t know”. Watch videos of Gene Kelly and Fred Astaire dancing. Sleep in the wrong end of the bed. Why not?

Feel better.

IMG_1560

Til meg sjølv, og til deg.

Et lunsj på ein ny plass. Tving deg sjølv til å smila til nokon du går forbi. Send blomar til nokon, eller deg sjølv. Gå på biblioteket og nyt kor stille det er. Skriv ei liste over sånt du vil gjera før året er omme. Kjøp ei plante og lær deg korleis du tar vare på den. Sov med hovudet i fotenden av senga. Sorter eit skap. Kast sånt som har gått ut på dato. Syng i dusjen. Fortell nokon kor bra du syns dei er. Start med julegåvetankane. Tenk på våren. Les alt du kan om ein kunstnar, forslag: Chad Wys, Cy Twombly, Jackson Pollock. Vask badet medan du høyrer på podcastar. Planlegg noko du vil baka eller laga til påske. Rist hasselnøtter så du har dei klare til havregraut. Sjå ein high school-film, forslag: Bring It On, Heathers, Clueless. Gi vekk bøker du ikkje vil ha lenger. Sett telefonen i flymodus. Prøv ein ny frukt. Hopp tau. Dekk på bordet sjølv om det berre er du som skal eta. Sjå ein dokumentar medan du lagar middag. Bestem deg for noko. Les gjennom gamle magasin du hadde gløymt at du har. Legg deg tidligare enn vanlig. Et is. Planlegg ei reise du ikkje har råd til enda, og lag ein plan for å komma deg dit.

Og ha det litt betre.

For myself, and for you.

Eat lunch in a new spot. Force yourself to smile to someone you pass on the street. Send flowers to someone, or to yourself. Go to a library and enjoy the quiet. Write a list of things to do before the year is over. Buy a plant and learn how to take care of it. Sleep with your head at the foot end of the bed. Sort through a closet. Throw away things past their expiry date. Sing in the shower. Tell someone how great you think they are. Start planning christmas presents. Think about spring. Read everything you can find about an artist, suggestions: Chad Wys, Cy Twombly, Jackson Pollock. Clean the bathroom and listen to podcasts. Plan something you want to bake or make for easter. Roast hazelnuts so they’re ready for your oatmeal. Watch a high school movie, suggestions: Bring It On, Heathers, Clueless. Give away books you no longer want. Put your phone in airplane mode. Try a new fruit. Jump a rope. Set the table even if it’s just you eating. Watch a documentary while you’re making dinner. Decide something. Read through old magazines you’ve forgotten about. Go to bed early. Eat some ice cream. Plan a travel you can’t afford just yet, and make a plan to get there.

And feel a little better.

25 things that make me happy

December Vogue 1950

de veit kanskje at eg har prøvd mitt beste i det siste å fokusera på dei gode tinga og jobba hardt for å bli meir klar over dei. for meg er det å sjå alt det gode som ein muskel ein kan trena, og den var ganske dvask i forrige veke. no blir den sterkare for kvar dag, og eg elskar korleis det påvirkar alle aspekt av livet mitt at eg kjenner meir glede og takksemd.

✍ å gå på marknad laurdagsmorgon og sjå korleis kvelden kjem til å bli utifrå kva ein kjøper.

✍ blomar i huset

✍ kjøpa badebomber eg ikkje har prøvd før, laga ein stabel av magasin og bøker ved badekaret og ta eit par timar berre for meg sjølv.

✍ å våkna til eit støvsugd hus

✍ impulsive skype-samtalar med venner som berre vil sei hei eller visa meg noko eller fortella noko dei har drømt.

✍ søtpotet

✍ å henga opp kleda eg skal ha på meg dagen etter medan eg pussar tennene (det einaste som får meg ut av pysjen)

✍ ei nyoppredd seng med eit stramt laken

✍ å planlegga heimekveldar, ikkje berre utekveldar, sei at den kvelden skal me eta det, sjå den filmen også lesa i éin time.

✍ sjå på miss fisher’s murder mysteries medan eg lagar mat

✍ nye bøker

✍ å sjå filmar ein har sett før, så ein heller kan snakka om kor fin audrey hepburn er enn å få med seg alt som blir sagt

✍ å planlegga reiser og laga nye kart på google maps

✍ ringen på fingeren

✍ å ta ein pause i arbeidsdagen for å lesa litt

✍ bloopers

✍ å lukka macen akkurat klokka seks utan stress over ting eg ikkje fekk gjort

✍ at bestemor aldri vil legga på

✍ min nye håndkremtube

✍ å evaluera dagen med jostein, snakka om kva som var bra og kva me gler oss til med dagen som skal komma

✍ ein ny kopp å drikka kaffien ut av

✍ å vera ajour med rekneskapet

✍ at modern family startar igjen i kveld

✍ å få tekstmeldingar frå niesa mi som nesten utelukkande er emojis

✍ green&blacks mørk sjokolade med butterscotch

kva med deg? kva har gjort deg glad, gladare eller superglad den siste tida?

 

*translation:
you may know that i’ve been really trying lately to focus on the good stuff and work hard to be more aware of them. for me, seeing the good is like a muscle, and lately it’s been pretty lazy. it’s getting stronger every day now though, and i love how it affects every aspect of my life that i’m feeling more joy and gratitude. going to a market on a saturday creating my saturday evening by buying everything good. flowers in the house.get bath bombs i haven’t tried yet, stack up magazines and books and take some time to myself. waking up in a vacuumcleaned flat. impulsive skype conversations with friends who just want to say hello. sweet potato.laying out the next day’s outfit while i’m brushing my teeth (the only thing that will get my out of my pyjamas) a freshly made made with a tight sheet (just me?) planning nights at home, not just nights out, by planning the food, the entertainment and allowing reading time. watching miss fisher’s murder mysteries while cooking.new books.watching movies i’ve seen before, so i can spend my time talking about audrey hepburn’s beauty instead of listening to everything being said. planning travels and making new maps in google maps.the ring on my finger.taking a break during my work day to read. bloopers.closing my mac at 6 without stress about things i didn’t do. my grandmother never wanting to get off the phone.my new hand lotion. evaluating the day with jostein, talk about what was good and what will be good about tomorrow. a new mug to drink my coffee out of.being up to date on my books.modern family is back on tonight.text messages from my niece, almost only emojis. green&blacks dark chocolate with butterscotch. what about you? what has made you happy, happier or ecstatic lately?

50 things that make me happy.

ROZA
foto.

1. tanken på at sommarfantasien om jordbær og mjølk er såååå nære.

2. å anbefala ei bok til nokon også elskar dei den.

3. legga pannekaker over ansiktet.

4. at niesa mi har fått seg iphone og sender meg bilder av seg sjølv med gigantiske briller eller på veg heim frå skulen.

5. neglelakk som held seg på i dagesvis.

6. lyden av lukkarar i analoge kamera.

7. å drikka champagne og berre feira at ein drikk champagne.

8. kjensla av å vera sterk.

9. at jostein alltid seier “takk for turen”.

10. når pappa går med skjorter rett frå tørketrommelen og heile rommet luktar tøymjuknar.

11. chet baker.

12. at frukost med jostein kvar dag er perfekt blautkokte egg med surdeigsbrød.

13. kjensla av å gå frå ein loppemarknad med ein tung pose og vita at ein kun har kjøpt sånt ein verkeleg hadde lyst på.

14. hotellsenger som ein kan synka ned i og sova som ein aldri gjer heime.

15. å laga nye tradisjonar med nokon ein er glad i, som frukostklubben!

16. perfekt modne avokadoar.

17. å gå på kino åleine og midt på dagen, og når ein kjem ut er det framleis lyst men ein har opplevd noko viktig.

18. lange bad der jostein kjem med ein tekopp.

19. å ha kjøttbollar og tomatsaus i frysaren, klar til ein dag med lite ork.

20. at janne sender meg bilder av deira nye corgi-kvalp og at eg skal få sjå han i morgon.

21. å få hjelp av nokon som ein veit at ein skulle gjera det same for utan å blunka.

22. afternoon tea som går langt ut i kveld.

23. andredagskrøller.

24. å tenka ut ei gåve som er perfekt til den som skal få den.

25. tomme piknikkorger som står klare til å fyllast med kva som helst.

26. lyden av jostein som hoggar ved eller driv på i verkstaden medan eg jobbar i huset med vindauget ope.

27. blomstermarknader i andre land der ein vil ta med alt heim men ikkje kan, så ein må nøya seg med å lukta men det går bra.

28. konfetti i alle fargar og former.

29. nye strømpebukser.

30. å ta taxi gjennom ein ny by og peika på alt.

31. når ein får nye venner og innser i forbifarten at dei elskar noko rart og spesifikt som ein sjølv óg elskar.

32. å snakka til jostein midt på natta og han skjønnar ingenting men smiler likevel.

33. gå på flyplassen med god tid og lukta på alt.

34. mitt nye kamera som føles kjent men likevel heilt heilt nytt.

35. at bestemor matar hundane på kjøkenet også latar som om ho ikkje har gjort det, og klappar dei og seier “jaja, eg får vel ikkje gi deg noko, stakkar”.

36. sol mot eit tre som lagar fine skuggar inne i gamle hus.

37. å venta med å sjå den nye sesongen av orange is the new black så me kan sjå det ihop.

38. å setta i ladaren akkurat rett før datamaskina er på veg til å lada ut.

39. smoothie til frukost på bringebær som var dei beste frå i fjor.

40. å sei hadet til brudeparet etter ein lang dag med fotografering og dei er så takksame og spente på bildene men dagen er ikkje ferdige for dei enda.

41. å gå på utstilling med nokon som vil snakka om utstillinga.

42. at det første forsøket på bryllupskaka gjekk riktig så bra!

43. ein fluffy cappuccino som er så god at ein bestiller ein til sjølv om ein veit ein blir skjelven av all koffein.

44. å stå opp før alle andre og laga frukost med berre eins eigen favorittmusikk.

45. at når pappa spelar vinyl går eg framleis forsiktig over golvet sjølv om eg ikkje er ti år lenger.

46. gåver som er så fint innpakka at ein vil ramma dei inn heller enn å pakka dei opp.

47. eldre personar som elskar å kle på seg om morgonen.

48. eit ryddig skrivebord.

49. at eg reiser til paris i morgon og får kyssa jostein igjen. at me kjem til å sova i skjei, eta baguette til middag og leita etter vintageskattar ihop.

50. alle kommentarane under dette innlegget med ting som gjer blogglesarane mine glade.

 

 

 

*translation:
1. knowing my summer fantasy of strawberries and milk is soooo close.

2. recommending a book to someone and the love it.

3. putting a pancake over my face.

4. my niece got an iphone and sends me pictures of herself with funny glasses and coming home from school

5. nail polish that stays on for days.

6. the sound of a shutter in an old camera.

7. drinking champagne just to celebrate drinking champagne.

8. the feeling of being strong.

9. that jostein always says “thanks for the ride” to bus drivers and his family.

10. when my dad wears his shirts straight out of the drier and they smell like fabric softener.
11. chet baker.

12. that breakfast with jostein every day is perfectly boiled eggs and sour dough bread.

13. the feeling of walking home from a flea market with a heavy bag full only of things i really wanted.

14. hotel beds to sink into and sleep like i never do at home.

15. making new traditions with people i love.

16. a perfectly ripe avocado.

17. going to the movies alone and in the daytime, and when i come out it’s still light but i’ve seen something great.

18. long baths where jostein brings me a tea cup.

19. knowing we have meatballs and tomato sauce in the freezer for those days when we can’t be bothered.

20. that janne sends me pictures of their new corgi puppy and i’ll meet him tomorrow.

21. being helped by someone i know i would do the same for.

22. afternoon tea that goes into the evening.

23. second day curls.

24. thinking out a gift that is perfect for the person receiving it.

25. empty picnic baskets, ready for adventures!

26. the sound of jostein chopping wood or working outside when i’m working in the house with the window open.

27. flower markets in other countries where you want to bring everything home but can’t, so you smell everything instead.

28. confetti in all colours and shapes.

29. new tights.

30. taking a taxi through a new city and pointing at everything.

31. when you get a new friend and realize you have something weird in common.

32. talking to jostein in the middle of the night and he’s got no clue but he still smiles.

33. having a lot of time in the airport to smell everything.

34. my new camera that feels familiar but is still completely new.

35. that my grandmother feeds the dogs in the kitchen and then pretends not to have, she pets them and says “oh, you know i can’t give you anything, you poor thing”

36. sun on a tree that makes beautiful shadows inside old houses.

37. waiting to see the new season of orange is the new black so we can watch it together.

38. getting the charger ready right before the computer is almost dead.

39. smoothies for breakfast.

40. saying goodbye to newlyweds after a loooong day of shooting and they’re so grateful and excited and their evening is just beginning.

41. going to an exhibition with someone who wants to talk about the exhibition.

42. that my first attempt at wedding cake went pretty damn well.

43. a fluffy cappuccino so good you have to order another right away even though the caffeine makes you shaky.

44. getting up before everyone and making breakfast.

45. that when my dad plays his vinyls, i still walk carefully on the floor even though i’m not ten anymore.

46. gifts wrapped so beautifully you want to frame them instead of unwrapping them.

47. old people who love getting dressed in the morning.

48. a clean desk.

49. that i’m going to paris tomorrow and i get to kiss jostein, to spoon him, eat baguette for dinner and look for vintage treasures together.

50. all the comments below this entry telling me all the things that make my blog readers happy.

feel better.

Photographer Hannah Lemholt
foto.

lag ein ny tradisjon. doner vekk noko du ikkje lenger treng. gå på biblioteket og les magasin. prøv ei ny oppskrift. puss sølvet til det blir blankt og fint. ta ein dag fri. pass på at tåneglene har glitter. høyr favorittplata frå start til slutt. kjøp inn frø og gjer deg klar til å så dei. film deg sjølv medan du dansar og send det til nokon som treng oppmuntring. start eit sjølvportrettprosjekt. teikn nokon du ser på gata. press blomar i ei tung bok. posjer eit egg.

*translation:
create a new tradition. donate something you no longer need. go to the library and read all the magazines. try a new recipe. polish your silver. take a day off. make sure your toenails are sparkly. listen to your favorite album from start to finish. purchase seeds and get ready to sow them. film yourself dancing and send it to someone who needs cheering up. start a self portrait project. draw someone you see on the street. press flowers in a heavy book. poach an egg.

feel better.

{18:366}
foto.

puss sølvet ditt, ta eit heilt eingangskamera, et sterk mat og le av kor sterkt det er, sjå ein film medan du lagar og et middag, sorter ting i øskjer og lag brettekant. tenk på sommaren, putt alle tikroningar i eit mjølkeglas til du har nok til å kjøpa eit piknikteppe/sykkel/espressomaskin, legg att ros om eit selskap du likar.  planlegg julegåver. fortell nokon kvifor du er glad i dei. bli med på dette. sei takk og ha ein fin dag til personar du møter på din veg.  putt blomster på badet. legg nye sengeklede på senga til ein venn, knyt ei sløyfe i håret, sy eit forkle, planlegg ein drømmesandwich & teikn den i ei bok.

*translation:
polish your silver, shoot a whole disposable camera, eat spicy food and laugh about how spicy it is, watch a movie while you make dinner, put things in boxes and make the folded edges of your clothes look nice. think about summer. put all your pound coins in a jar until you have enough money to buy a picnic rug/bicycle/espresso machine. leave kind words about businesses you like. plan your chrismtas gifts. tell someone you love why you love them. join in on this. say thank you and have a nice day to people you pass. put flowers in your bathroom. change the sheets on a friend’s bed. tie a bow in your hair, make an apron, plan a dreamy sandwich and draw it in a book.

50 things that make me happy.

cherryblossom
ph: cbg

1. når han smiler i søvne.

2. hundar som sit på fanget sjølv om dei er for store.

3. å gå på kino aleine og sitta att heilt til rulleteksten er slutt.

4. perfekt moden avokado.

5. å akkurat rekka toget.

6. frukost til middag; ostesmørbrød, pannekaker, omelett.

7. å bli overraska.

8. kjøpa noko gamalt ein syns er fint for så å finna ut at det er verdifullt.

9. å stå der med passet i handa og vera på veg ein stad.

10. prøva noko litt crazy på kjøkenet også blir det skikkelig bra.

11. å skriva lister over ting som må gjerast også kryssa dei av med is i magen.

12. varmluftsballongar og draumen om å ein gong få stå i den korga og sjå ned på den vesle verda.

13. å gå av eit fly ein stad der ein kjenner att klimaet og lufta.

14. thai-mat.

15. mjuke kvite hotellsenger også hotellfrukost dagen etterpå.

16. å få mail. (eg har jo mange titusen mail i mailinnboksen min, men eg blir framleis glad kvar gong eg får ein mail.)

17. rutiner, som det finst få av i mitt liv. mine rutiner: marie forleo sine videoar kvar tysdag, skrivedag på kafé kvar onsdag, og helgefrukostar. og i det siste har eg og jostein drukke ein kopp chai med honning kvar kveld.

18. å bli rørt av å redigera bryllupsbilder.

19. å laga ting, bruka hendene og kanskje penslar og laga noko som er fint.

20. å orka å krølla håret og føla meg litt som ein superhelt etterpå.

21. synga tostemt med jostein og føla meg flink til det.

22. å kjøpa julegåver i juni fordi ein finn noko som er perfekt.

23. å vera praktisk og fiksa ting.

24. norsk vatn.

25. folk som smiler til seg sjølve på gata men prøver å ikkje gjera det men dei klarar ikkje.

26. bygåver, å få og å gi.

27. å vakna i bil eller buss med berre eit kvitt lag av skodde utanfor, som får alle landskap til å sjå uverkelege ut.

28. å sjå på magar som veks og vita at inni der finst ein person eg kjem til å elska.

29. teljos og korleis dei får alt til å bli så mjukt.

30. at ein alltid må kviskra til nokon andre som kviskrar sjølv om dei kanskje gjer det fordi dei har vondt i halsen.

31. korleis måndagar både er blå men fylt av nytt håp.

32. marengs som er sprø utanpå og seig inni.

33. når noko eg skriv får mange kommentarar.

34. å fortella andre at dei er verdifulle.

35. når folk spør om bok- eller filmanbefalingar for det føles bra at andre stolar på smaken min.

36. å få høyra noko fint nokon har sagt om meg til nokon andre.

37. å få post, eller ting ein har bestilt på døra.

38. å snakka med folk eg kjenner så godt at samtalen ikkje liksom stoppar opp.

39. skriva og kjenna at det går bra.

40. invitera folk på uventa ting, som kino midt på dagen eller ei utstillingsopning.

41. ting som ikkje blir som dei skal, men bedre.

42. når nokon skreller appelsiner for meg.

43. å eta ting med spisepinnar som ein egentlig skal eta med hendene: sjokolade, chips, salat.

44. alt som smakar lakris.

45. å ha venner som tek det siste kakestykket/det siste glaset med vin/den siste twisten.

46. å ligga på ryggen og berre sjå i taket eller på himmelen utanfor og kanskje ha telefonen på flymodus.

47. pizza.

48. å bli introdusert for ny musikk som ein er skeptisk til men endar opp med å omfavna totalt.

49. å gi noko ein ny sjanse og elska det. i mitt tilfelle, personar, pesto og parmesan.

50. gjera ting på trass.

 

 

 

 

*translation:
1. when he smiles in his sleep. 2. dogs who are too big to sit in people’s laps but do it anyway. 3. going to the movies alone and staying until the titles are finished. 4. perfect avocados. 5. just making the train. 6. breakfast for dinner: grilled cheese, pancakes, omelets. 7. being surprised. 8. buying something old because you like it only to find out it’s valuable too. 9. being on my way somewhere. 10. trying something crazy in the kitchen and it turns out great. 11. writing things to do and doing them. 12. hot air balloons and the dream of being in one one day. 13. going off a plane somewhere you recognize the air and climate right away. 14. thai food. 15. soft white hotel beds and hotel breakfasts the day after. 16. getting emails. 17. routines, which i have very few of in my freelance life. mine are: marie forleo’s videos on tuesdays, writing day on wednesday and weekend breakfasts. lately, j and i have also had chai every evening. 18. being moved by editing wedding photos. 19. making things, using my hands and maybe some brushes to make something nice. 20. curling my hair and feeling like a super hero because i think it’s so boring. 21. singing with j. 22. buying christmas presents in june because you find something perfect. 23. being practical and getting things done. 24. norwegian water. 25. people who try and not smile to themselves in the street. 26. city gifts, giving and receiving. 27. waking up in a car or a bus with fog surrounding it. 28. watching bellies grow, knowing that inside it is someone you will love very much. 29. candles and how the make everything softer. 30. whispering to someone who whispers to you even though they are doing it because they have a sore throat. 31. how mondays can be so blue and still so hopeful. 32. meringues that are crispy on the outside and chewy on the inside. 33. when i get a lot of comments on something i write. 34. telling other people they are valuable. 35. when people ask about recommendations and trust my tastes. 36. hearing second hand when someone has said something nice about me. 37. getting mail or something i ordered. 38. talking to people i know so well that the conversation never ends. 39. writing and feeling it flow. 40. inviting people to unexpected things like a matinee or an opening. 41. when things don’t turn out like they should but better. 42. having someone peel oranges for me. 43. eating things with chop sticks that you normally don’t, like chips. 44. anything liquorice. 45. having friends who eat the last piece of cake/the last glass of wine/the last candy. 46. just staring into the ceiling or up into the sky with my phone on flight mode. 47. pizza. 48. being introduced to music that i’m sceptical about but end up loving. 49. giving something a new chance and loving it, too, like in my case: people, pesto and parmesan. 50. doing things out of spite.