Korleis jobbar du?
Eg fotograferer med ein analog, varm og dokumentarisk stil, og fokus på dei store kjenslene, det magiske lyset og dei små detaljane. Det er alltid mitt mål å skli inn i tapetet og la dagen berre skje, medan brudeparet kan slappa av og gløyma at dei eingong blir fotograferte. Ofte seier brudepar at dei gløymte at eg var der, og det er det største komplimentet eg kan få. Når de ser gjennom bildene ein månad, eit år, eit halvt liv seinare, vil eg at de skal hugsa ikkje berre korleis dagen såg ut, men korleis det kjentes. Det er viktig for meg å fanga det minste vesle blikk, eit nervøst smil eller tårer i augekroken, nervøsiteten og den eksplosive kjærleiken.

 

Men kva om me hatar å bli fotograferte?
Ingen veit så godt som meg kor nervøs ein kan bli av å bli fotografert. Berre tanken gav meg sveittetokter før mitt eige bryllup. Eg veit så himla godt kor mange sterke kjensler som er i sving på ein sånn dag. Men med ein avslappa og effektiv fotograf, som har innsikt i historia di og forståelse for situasjonen er det lettare å sleppa ned skuldrene og vera seg sjølv. Og det er da ein får gode bilder! Eg er ikkje fotografen som ber deg om å flytta haka to centimeter til venstre, eg er fotografen som berre lar deg klina med personen du nettopp har sagt ja til, eller nyta eit par minutt med stille før ein travel bryllupsdag får komma skikkeleg i gang. Så lenge de har det gøy, blir bildene fine!

 

Kva kostar det?
Eg har tre forskjellige pakkar. Ei portrettpakke, ein halvdagspakke og ein heildagspakke. Eg anbefalar alltid å gå for fleire timar. Da har eg god nok tid til å bli ordentlig kjent med dykk og dei fine folka de har rundt dykk, og da blir resultatet alltid best. All relevant informasjon finst i ein fin liten PDF som eg sender ut til alle interesserte, så mail meg berre på mariell.oyre@gmail.com, så sender eg den gjerne over.

 

Kva får me i pakkane?
Viktigast av alt får de ei stødig hånd på rattet gjennom heile dagen, ein fotograf som er open for innspel men trygg i rolla, og ein partner in crime. Eg kjem klar for å hjelpa til på alle måtar der eg kan, og de anar ikkje kor ofte eg finn meg sjølv med ein glidelås eller eit underskjørt i hendene. Eg passar på at bruda har noko reint å sitta på i bilen og at alle får i seg nok vatn. For ikkje å snakka om å vera med i forkant, å hjelpa til med utfordringar eller komma med idéar som brudeparet måtte ha. Det er så fantastisk å få vera med i teamet, og å få samla historiar og minner med alle herlege brudepar. Så får de sjølvsagt digitale filer, antalet kjem an på pakka, og ei pakke i posten i etterkant av bryllaupet med papirkopiar, ein USB-penn og ei lita gåve frå meg.

 

Men kva om me bur langt unna?

Eg tek på meg bryllaup i heile det lange land og forbi, men sjølvsagt kan det da komma til reise- og overnattingskostnader.

 


Me vil bli litt bedre kjent med deg før vår store dag!

Oi, for eit kompliment (hehe)! For folk som har booka heildagspakke inngår det (så langt det lar seg gjera) ein konsultasjon anten in person eller via Skype. Men om de er riktig lure så bookar de samtidig inn ein forlovelsesfotografering! For kven vil vel ikkje ha fleire bilder av seg sjølv der ein kliner med kjæresten i magisk lys?

 


Kan me få analoge bilder i tillegg til digitale?

SJØLVSAGT. Eg elskar å ta med Hasselblad-kameraet mitt ut på bryllaup, så lenge det er forbeholdt portrettseansen. Det tek litt meir tid med eit analogt kamera, så ein må legga på litt når ein lagar planen for dagen, men der snakkar me verkeleg magi. Det tilkjem ein liten ekstra kostnad for film og framkalling.

 


Me vil ikkje ha bildene våre publiserte på internett, korleis funkar det?
I utgangspunktet vil eg alltid publisera eit par bilder frå kvart bryllaup, det er min sterkaste marknadsføringskanal og ein viktig motivasjon for meg til å gjera jobben, og det som gjer at porteføljen min er levande og stor. Eg vil alltid at brudepar skal seie ifrå om det er enkeltbilder dei ikkje vil at eg deler vidare, og eg vil sjølvsagt alltid visa fram mine kundar i det beste lyset! Likevel skjønnar eg at ein i nokre situasjonar ikkje vil (eller til og med ikkje kan) dela bilder av seg sjølv på internett. I desse tilfella kjem det ein ekstra kostnad til, for å dekka over tapet eg har med det holet i porteføljen.

 

Kva gjer me om me vil booka deg?
De mailar! Og eg elskar å få mykje informasjon, så send gjerne bilder, skriv litt om korleis de møtte kvarandre, korleis kvardagen er. Kven lagar maten, kven er god til å dansa? Korleis pregar personligheitene dykkar bryllaupet de skal ha? Og gjerne litt om kva typer bilder de ønskar. Det er viktig for meg at det er ein bra match, og da er det fint å ha litt info å gå på så både de og eg kan vera heilt trygge i at eg er rett fotograf for dykkar bryllaup. Mail: mariell.oyre@gmail.com

Hei. Eg er Mariell. Bryllupsfotograf, butikkeigar og mamma. Bryllupsfotografen som alltid kjem utstyrt med paracet, sikkerhetsnåler og matt pudder i veska.

 

Det er ingenting finare for meg enn å sjå to personar gifta seg med kvarandre. Ein eksplosjon av kjensler etter månadsvis, årevis, med planlegging og nervøsitet. Å få vera ein del av det føles som den aller største gåva, og det er der eg tar mine beste bilder. I dei lommene med intimitet, med tårene, med smila, med VONDT I FJESET fordi ein er så glad.

 

Eg bur i Lærdal i Sogn med min fine mann og mine to nydelege døtre. Eg er ledig for bookingar vår, sommar og haust 2019, og heile 2020.