Korleis jobbar du?
Eg fotograferer med ein analog, varm og dokumentarisk stil, og fokus på dei mjuke kjenslene, det magiske lyset og dei små detaljane. Dette er spesielt viktig når eg jobbar med born; alt handlar om å bygga tillit, og då treng ein tid. Ofte kan denne første bli kjent-fasen ta lengre tid enn sjølve bildetakinga, men den er heilt nødvendig. Difor føretrekk eg å komma heim til dykk og fotografera i det kvardagslege miljøet, der alt er likt seg og luktar som heime. Eller såklart ute, då er det alltid tusen ting å sjå og snakka om.Mitt mål er aldri å få alle til å sjå i kamera samtidig, det er ikkje den typen fotograf eg er. Mitt mål er å fanga korleis det føltes. Når de ser på bildene i ti, tjue, femti år framover skal det framkalla ei god kjensle. Heller “sjå kor fint me hadde det ilag” enn “sjå kor flinke me var til å sjå i kamera samtidig”. Eg har også eit fotostudio på Gamle Lærdalsøyri som eit alternativ, men det er alltid plan C.

 

Eg hatar å bli fotografert!
Eg óg! Så då er me to. Derfor prøver eg å mest mogleg la bildene skje i eit samspel mellom meg og deg/dykk, og utan stress. Noko eg har lært etter eg sjølv vart mamma er kor viktig det er å ha bilder av seg sjølv saman med ungane sine, det er ubetalelige dokument for framtida.

 

Kva får me?
De får høgoppløyste digitale filer som de kan bruka privat! Eg tilbyr ikkje papirkopiar, men de står fritt til å framkalla filene de får. Bildene blir lasta opp i ei Dropbox-mappe, og derifrå må de sjølve lasta dei ned og lagra dei forsvarlig for framtida.

 

Kva kostar det?
Eg tilbyr forskjellige prisar til forskjellige behov, og prisane er óg avhengige av kvar du bur og om eg må reisa. Derfor vil eg gjerne at du mailar meg på mariell.oyre@gmail.com, så kan me snakkast om pris der. Akkurat no tilbyr eg rabatterte prisar for nyfødtfoto og gravidfoto, dette fordi eg ynskjer å bygga på porteføljen min.

Hei. Eg er Mariell. Bryllupsfotograf, butikkeigar og mamma. Eg bur i Lærdal i Sogn med min fine mann og mine to nydelege døtre. Eg er ledig for bookingar vår, sommar og haust 2019, og heile 2020.