friday.friday.
fredag vakna eg til frukost som vanleg, rundtstykke som var litt svidde i kantane og blåbærmüsli.

friday.
så henta me han her, som er så kry for at han får vera i sofaen i gamlahuset.

friday.
det var så varmt ute og det kom sol inn alle vindauge så eg måtte konstant flytta på meg for å ikkje drukna i lys.

friday.friday.
og me jobba ein heil masse med boka, som me no har sendt inn til samlaget på ein av dei siste gjennomgangane.

friday.friday.
og eg krølla håret

friday.
og svinsa med karameller. ein høgst fin liten fredag, med mykje jobb og mykje kos. som det skal vera.

translation:
my friday! we had breakfast, watched the dog, worked a lot but cuddled a lot too.

comments (19)

thursday.thursday.
torsdag forrige veke starta med ein masse jobb og hundepass. klokka tre brukar me å gå til postkassa, og på denne dagen skjulte det seg ein pakke frå pärlans konfektyr med dei beste karamellane ein kan ønska seg. så det åt me. salt lakris, altså. det er så sjukt godt.

thursday.
også jobba eg litt i senga, blant anna tok eg bilder av dagboka mi. karamellene var med overalt, såklart.

thursday.thursday.
så rydda eg litt, medan det framleis var lyst. plukka fluger frå vinduskarmane me sjeldan brukar.

thursday.thursday.thursday.
også vart eg fanga i lyset.

translation:
on thursday, i spent a lot of time working ansbeing a dog sitter. at three we usually go to the mail box, as we did. and found amazing caramels inside, from pärlans konfektyr. my favorite is salty licorice. then, i worked from bed and photographed my diary. after work hours, i tidied up a bit around the house. and then i was caught in the light.

comments (4)

colorelle

veckans babe er ulrika, som har ein så utrulig fin liten blogg som handlar om mote og interiør og livet. når eg les bloggen hennar får eg lyst til å flytta til eit lite hus i sverige og gå på loppis kvar helg.

 

translation:
this week’s babe is ulrika. her blog makes me want to move to the swedish country side and go to flea markets every weekend.

comments (3)

diary.diary.

då eg såg moleskine sine nye fantastiske kvite notatbøker etter vekesvis med tanketenk og eit behov om å få skriva saker ned, bestilte eg endeleg ei. eg fekk følga den på vegen, gjennom italia og hit til postkassa mi, og hoppa litt når eg hadde ho i hendene. eg har elska å skriva dagbok sidan eg var lita, alltid skrive masse, men tidlig i tenåra slutta eg og skreiv heller i dagboka på blink.

eg skriv når eg føler for det, men kun tankar og ingen sjekklister eller webdesignskisser. det finst det andre bøker til. dette er tankeboka. og det føles utruleg bra å berre få skriva det ut. eg treng ikkje å passa på korleis eg skriv ting fordi andre skal lesa det, treng ikkje skriva fint så andre skal forstå det. det er ikkje nøye om eg forstår det sjølv eingong, det viktige er å få formulert tankane på papir, liksom få dei ut av hovudet så ein får sett dei og putta dei i skuffene der dei høyrer heime. også kan ein elta og fundera, for evig og alltid. og drøyma om vår og kirsebærtre.

 

 

diary.

 

translation:
i’ve finally started writing a journal again. it’s a white moleskine, only for thoughts. it feels so good to have somewhere to write things down, seeing my thoughts on paper lets me understand them better. it makes me happier.

comments (8)

thefancy 7b7f679d572c4ba89ef5586d150f3529
vassmelon-dørmatte.

tumblr_mig8bwbLPY1rojphdo1_500
vintage photobooth, med berre masse bilder av flotte folk frå før i fotoboksar. her er collage av sjømenn. <3

crossstitchbeads5 copy
korsstingsperler! fantastisk fin diy.

北の丸公園 (Tokyo Japan)
at våren kan sjå sånn ut i japan. ein vakker dag må eg jo reisa dit og sjå det med mine eigne auge. bildet er linka.

bookends
denne etsy-butikken som lagar og selger så flotte bokstøtter.

Skjermbilde 2013-04-04 kl. 23.16.07
hundra saker, av femtonpixlar.

klara1
klara bothen sin fine lille leilighet, via design sponge. er i interiørmodus no sidan me snart skal flytta.

Mature, Karen M. 64629
dette bildet av erwin olaf i serien mature. resten av serien syns eg er overseksualisert og litt ubehagelig, men akkurat dette bildet er fantastisk. ho er så komfortabel og sikker, elskar elskar elskar det.

c2cf01e11b6298f3960e41d9bfda50c2
blomstervinylspelar frå urban outfitters.


elsa sin hundefilm frå påskeferien. hund hund hund. vil ha ein dachs med altfor store øyre no, kanskje skal heita ovnsrøret sjølv om det blir eit vanskeleg navn i england.

 

translation:
1. watermelon doormat.
2. vintage photobooth, here a collage of sea men.
3. bead diy.
4. that spring can look like this in japan. image is linked.
5. this lovely shop on etsy with great bookends.
6. 100 things, by femtonpixlar.
7. klara bothen’s apartment.
8. this image from erwin olaf’s series mature. the rest of the pictures are, in my opinion, over-sexualized and uncomfortable, but i love this one. she is confident.
9. flower vinyl player from urban outfitters.
10. elsa’s dog film from easter. god i want a dachs right now.

comments (10)