korleis såg du ut for eitt år sidan?
new york, day three.
for omlag eit år sidan var eg i new york med jostein og hadde det så sjukt fint.

kva ord har du brukt mest denne veka?
pdf/dpi/mandag mandag mandag.

har du nokon fobi?
blautt metall, men ikkje så mykje meir.

kva er det beste du har ete denne veka?
pizza som eg laga i går når mine foreldre var her og åt middag, med rødbetsmarmelade og fire typar ost.

kva er det finaste nokon har sagt til deg i dag?
egentlig berre når svigermor og jostein kommenterte om kor fint det var i gamlahuset. me fiksar og gjer oss klare for å reisa no, så eg har rydda og støvsuga og vaska litt, og er så sliten at eg fungerar på eit veldig lågt intellektuelt nivå.

når var du sist skikkelig fornøgd med deg sjølv?
då eg fiksa ei skapdør med skrutrekkar hos bestefaren til jostein. i går når eg planta om blomar for svigermor. generelt fornøgd for tiden, egentlig, berre veldig sliten.

leilighet

kva trur du blir best med helga som kjem?
at me flyttar inn i ny leilighet i london på laurdag, herregud. det verkar som ei heilt anna verd.

kva er din beste pepplåt akkurat no?
ein million gongar den nye låta til daft punk, get lucky. høyrer den femten gongar i strekk.

kva har du gjort når du har hatt dødtid denne veka?
har hatt veldig lite nedetid, men eg har lest litt bloggar, gått tur og vaska klede.

har du gjort/kjem du til å gjera noko denne veka du ikkje har gjort før?
bu på new cross, feira bursdag i oslo utan å bu der, bli ferdig med utstilling.

kva er du redd for?
ikkje så mange ting, og eg syns ikkje ein skal sei så høgt kva ein er redd for heile tiden, for det blir ofte så mykje større, multipliserar seg, når ein seier det høgt. eg skriv det i dagboka mi istaden, så finst det ikkje i meg meir og eg kan tenka på andre ting. det nyttar jo sjeldan å gå rundt og vera redd.

kven er den mest kjente personen du har sett nylig?
absolutt ingen utanom på tv.

kva har vore mest forvirrande i det siste?
kva vekedag det er, faktisk. har hatt lite til ingen aning om kva dag det har vore dei siste to vekene.

korleis ser dine siste webkamerabilder ut?
Bilde tatt 11.04.13 kl. 19.32 Bilde tatt 08.09.2012 kl. 12.55 Bilde tatt 25.12.2012 kl. 18.16 #4

har veka vore bra enn så lenge?
fin, kaotisk, spennande, bra!

translation:
a sunday list. too busy to translate right now, use google translate or check back in a little while!

comments (9)

easy peasy lemon curd.easy peasy lemon curd.

afternoon tea er noko av det beste eg veit med å bu i london. store kanner med te og etasjefat med godsaker. og det aller beste er scones med lemon curd. som syrlige søte skyer. men alle kan jo ikkje ha afternoon tea i london, og da må ein ta london inn i huset sitt og setta lemon curd på bordet. oppskrifta mi på superenkel lemon curd nesten utan oppvask kan de finna her.

 

translation:
my recipe for lemon curd.

comments (6)

medan eg jobbar meir enn halve døgnet med heilt andre saker tenkte eg at de kunne vel i alle fall få nokon smådrypp frå kvardagslivet. her er nokre bilder frå livet den siste veka. jostein hadde bursdag, eg stod opp klokka seks for å laga frukost til han. me feira litt hos foreldrene mine, spelte spel og skypa med sara og frøy samtidig. livet er fint når ein stoppar opp og kjenner etter, sjølv kor stressa ein er.

bits & bobs.bits & bobs.bits & bobs.bits & bobs.bits & bobs.bits & bobs.bits & bobs.bits & bobs.bits & bobs.bits & bobs.bits & bobs.

 

 

translation:
while i’m busy working half the days, i thought you could look at my life in these pictures. this is my last week. on j’s birthday i got up at 6 to make him pancakes for breakfast, we celebrated and skyped with frøy and sara at the same time.

comments (7)

Untitled
lisa smit.

denne veka er eit stort virrvar av dårlig tid. i tillegg til å vera vår siste veke i sogn for denne gong, er det innspurt på utstillingen eg jobbar med og eg sit ved skjermen heile dagen, jobbar og jobbar og gler meg til det er ferdig og eg kan senka skuldrene att. derfor er det litt stille her. i mellomtiden tenkte eg de kunne sjå på dette lille fine huset og drøyma om sommar.

translation:
too busy to blog these days, working on an exhibition that is to be done very soon. i can’t wait for it to be done so i can relax again. meanwhile i thought you could look at this lovely little house and dream about summer.

comments (11)

UntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitled

veckans babe er astrid som legg ut så mange fine bilder frå sitt kvardagsliv og skriv om å vera mor og dei små tinga og er så inspirerande. les bloggen hennar her.

translation:
this week’s babe is astrid.

comments (8)