veckans babe er astrid som legg ut så mange fine bilder frå sitt kvardagsliv og skriv om å vera mor og dei små tinga og er så inspirerande. les bloggen hennar her.
translation:
this week’s babe is astrid.
no som denne helga er på veg til å bli slutt, og eg sit og jobbar med lunken kaffe medan det regnar sånn ute(det luktar så fantastisk, så det er heilt ok) tenkte eg at me skulle sjå på bilder frå forrige helg.

eg vaska klede og tenkte på kor fine kleda mine er når dei snurrar rundt der inne.


og eg var på familieselskap med lappar og kaker og djupe koppar kaffe, men reiste fort heim for å vera med jostein medan me venta på å få høyra frå meklaren.








etter me hadde fått den gjekk me ein tur for å dempa peppet som nesten gjer ein kvalm. balder var såklart med.


me møtte ein kvit rolig isbjørnhund som var så snill og glad.

også åt me yoghurt med lønnesirup og blåbær og sjokolade.
translation:
this weekend is coming to an end, so i thought we’d have a look at last weekend through my camera. i did laundry, went to a gettogether with my family, celebrated our new apartment with a walk and had homemade straciatella yoghurt with blueberries.
dette er mitt kvardagsbrød, som eg helst lagar annakvar veke og frys ned i fine firkantar. det er saftig og grovt og fiberrikt og mettande, pluss at det er det perfekte sandwichbrødet! oppskrift kan de finna på økologisk.no i dag.
translation:
my everyday bread. feel free to try and translate the recipe!
forrige helg var me stort sett kvalme og skjelvne og nervøse, for me prøvde å få oss leilighet i london frå gamlahuset i lærdal, via telefon og mail. beste lucy reiste på visning for oss og resten av laurdagen, etter me hadde lagt inn tilbud, sat me og venta og trippa før me fekk telefon om at me hadde fått den!!! i england betyr det alltid “ja, de har fått den, men så gjenstår det ein shitload med papirarbeid før de har den på ordentlig signer på linja der nede”. me er så utrulig fornøgde med vår nye leilighet på new cross med kvite veggar og store vindauge og park rett utanfor døra. me kan gå til favorittkafé og økologisk matbutikk og til greenwich, og ta overground nordover kva dag som helst. 27. april skal me flytta inn og det klør i fingrane etter å putta ting i hyllene. eg har bilder av leiligheten i ei mappe på skrivebordet som eg ser på minst ein gong for dagen, føles så sjukt bra å ha ein heim. snart. snart reiser me heim. til london.
ellers føler eg kanskje at det finst ein masse forvirra blogglesarar som ikkje heilt har hengt med i svingane når eg har drive på med flytting og reising og alt sånt, og eg har ikkje vore så god på å forklara heller, men sånn er det: me flytta alle tinga våre på lager i februar, fordi kontrakten gjekk ut på den leiligheten me hadde da. det passa bra med at me måtte få skrive ferdig boka og ikkje ville stressa med flytting medan me gjorde det, pluss at jostein ville veldig gjerne vera nærare bestefaren sin som var så sjuk i fjor. når me bur her i lærdal bur me åleine i eit hundre år gamalt hus som heiter gamlahuset. me står opp tidlig og ordnar ting og har ein kjempegamal nokia med norsk kontantkort som ladar ut på null komma niks om den ikkje står i ladaren. ved sidan av boka jobbar eg akkurat no med mat for økologisk.no, å designa heimesider og bloggar og med å designa ei utstilling i anledning stemmerettsjubileet og sogn og fjordane fylkeskommune sitt jubileum på heibergske samlingar, som skal stå i mai. jostein jobbar med oversetjingar(engelsk-norsk og bokmål-nynorsk), skriv musikk og ser på skisport med bestefaren sin. har óg andre planar og prosjekt på gang, men ingenting konkret foreløpig, vil fiksa meir og laga meir og skriva meir om kjærleik og kvardag og vera sjef.
lengtar så himla mykje til litt fri og til å reisa tilbake til london. lengtar spesielt til halloumi og gresk yoghurt og green&black’s og billig ingefærøl og frisøren min. og da vil eg skriva meir om london og bli forelska på nytt gjennom dykk, og leita etter sofa og stovebord og sånne voksne greier.
translation:
last weekend i was mostly shaky and sick from trying to get an apartment in london through the phone and email. our lovely friend lucy went on a viewing for us and the rest of the saturday, after we’d made an official offer, we sat around shaking until we got a phone call saying we got it!!! of course, a shitload of paperwork needs to be done but we are aching to go back now, to our home, to london. i keep pictures of the flat in a folder on my desktop and i look at them at least once a day.
other than that, i feel like some of you may be confused by my swift move to norway? i haven’t been the best at explaining. our contract on the apartment we were living in ended, and we didn’t want to be getting a new apartment right when we were finishing our book, and it matched perfectly with j’s wish to spend some time at home since his grandfather was so ill last year. so right now we are staying in a hundred year old house on his parents’ property. other than the book, i’m working on food stuffs for a norwegian organic website, designing home pages and blogs, and designing a big exhibiton on the anniversary of women’s right to vote which will open in may. j works as a translator and with his music.
can’t wait to get some time off and go back to london. to the halloumi and the cheap ginger beer and my hair dresser. i want to write more about london and fall in love again through you and look for a sofa and a coffee table, that kind of grown up stuff.
comments (19)dei siste månadane har eg lagt merke til dei, små korte grå hår som stikk seg ut mellom mine raude strå, dei er stive og annleis enn dei raude og skil seg litt ut. når eg såg det første kjente eg etter i magen, i hjarta, kva eg syntest og følte rundt det. og det kom ingenting. ingen overveldande kjensler av tapt ungdom, inga bekymring, ingen skam. andre syns derimot at det er ganske fælt med mine grå hår, damer som kviskrar for å spørja og liksom krympar når dei spør, om det er sant, KAN DET VERA SANT, at 22-åringen har fått grå hår. og igjen søkte eg i hjarta for å sjå om eg fann noko, men ingenting. heilt likegyldig. og da følte eg at eg har vunne over systemet. kanskje ved å ikkje lesa dumme magasin, ikkje ha tv, bekrefta meg sjølv på andre måtar, har eg låst vekk dei kjenslene som vanligvis blir tvungen på unge jenter om korleis dei skal sjå ut og reagera når dei grå håra kjem. kva betyr egentlig det grå håret? betyr det at eg er klok, at eg er vaksen, at eg har tatt ungdommen for gitt? faktisk betyr det null og ingenting. det betyr berre at kroppen min har bestemt det, det er genetikk. mamma fekk óg grå hår då ho var 23.
men kvifor skal det vera ein dårlig ting med grå hår? kven er det som har bestemt det? er det ikkje berre genetikk, det óg, som så mange andre ting? eg er så lei av at jenter skal føla eit press utanfrå for korleis me skal sjå ut, til og med alt me ikkje kan kontrollera. skostorleik, kor lange tærne våre er, kroppsform, stemme. men det er ingen som bestemmer at me skal føla det presset utanom oss. me kan faktisk bestemma å ikkje føla det, men da må me óg velga vekk dei påverknadane utanfrå som får oss til å ha det sånn. kjipe magasin og bloggar, venner som får ein til å føla seg dårlig, klede ein ikkje føler seg vel i. og ta valg basert på kva me faktisk vil, og ikkje kva ein trur at andre forventar. me må slutta å legga makt i hendene på andre og bestemma sjølv korleis me vil ha det. eg kjem til å halda fram med å farga håret mitt raudt. ikkje fordi eg ikkje vil ha grått hår, men fordi eg elskar min raude man. kanskje kjem det til å stikka fram eit grått hår her eller der rett før frisørbesøket, men det bryr eg meg faktisk ikkje om. den dagen eg blir lei av frisørbesøk kjem eg til å la det gro seg ut og bli lange grå bølgjer. om det blir når eg er 30 eller 75 er heilt opp til meg.
eg lurer på kva tankar de har om dette? om dei små grå, om de har sett noko til dei eller om de gruar dykk til dei kjem, korleis de hadde reagert? dette er sånt eg kan prata om i timesvis, kvifor ein reagerer som ein gjer på noko som er heilt ute av vår kontroll, fordi me har lært at det er sånn det skal vera.
translation:
in the past few months, i’ve noticed some gray hairs poking through my red mane. when i saw the first one, i had to take a minute to really search my soul for reactions. nothing. no overwhelming sense of lost youth, no worries, no shame. some people think my gray hairs are bad, like grown up women who whisper to ask and kind of cringes when they do, if it’s true, CAN IT BE TRUE, that the 22 year old has gray hairs. again, i searched my heart for signs, but nothing. completely indifferent. i really felt like i had beat the system. maybe by not reading stupid magazines, not having a tv, affirming myself in other ways, i’ve locked away the feelings that are normally forced down young girls’ throats, how we should react when the grays come. what does the gray mean? does it mean i’m wise, that i’m grown up, that i’ve taken my youth for granted? actually, it means nothing. it just means my body has decided, it’s genetics. my mother had her first gray hairs at 23 as well.
more interestingly, why are gray hairs a bad thing? who decided that? isn’t it genetics too, as so many other things are? i’m so sick of girls having to feel this pressure to look a certain way, even the things we can’t control. shoe size, the length of our toes, body shape, voice. but noone decides for us to feel that pressure but us. we can decide not to feel it, but it means exluding the things that influence us in a bad way, like stupid magazines that break you down just so they can sell self-help tips the next week, friends who make you hate yourself, clothes you don’t feel comfortable in. and make choices based on what we really want, and not what we think other people expect fromus. we have to stop putting power into other people’s hands and start deciding for ourselves how we want to live. i’m going to keep dyeing my hair red. not because i don’t want to have gray hair, but because i love my red mane. maybe a gray will poke through here and there between salon visits, but i really don’t care. when i get tired of going to the salon, i’ll let it grow out and become long gray waves. if that day is when i’m 30 or 75 is entirely up to me.
i wonder what your thoughts are on this? about the little grays? if you’ve seen them or dreading them, how you would react? this is the kind of thing i can talk about for hours, why we react the way we do about things that really are out of our hands, just because society says.





































